Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal

FylkesFOTOarkivet er ansvarleg for fotobevaringa i Møre og Romsdal

Årsmelding 2014: Kort versjon

Årsmelding 2013: Kort versjon - .... litt lengre

FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal blei oppretta i 1996 som avdeling under Aalesunds Museum. Frå 2004 blei Aalesunds Museum ein del av Stiftinga Sunnmøre museum, eit konsolidert museum etter ABM-reformen. Hausten 2008 blei FylkesFOTOarkivet lagt ned som autonom avdeling med eige budsjett. Kultur- og fokehelseutvalet i Møre og Romsdal vedtok hausten 2012 at FylkesFOTOarkivet frå 2013 skulle flyttast og leggjast til Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal (IKA). FylkesFOTOarkivet har ei fast stilling.

FylkesFOTOarkivet sitt samarbeid med DIS - Foreininga Data i slektsforskinga, avd. Ålesund og Sula - har gjennom 10 års dugnad bidrege til at Aalesunds museum sine fotoarkiv etter fotografane Johannes Sponland, Enok O. Simonnæs og Sigvald Moa  - omlag 100.000 bilete - er registrerte, digitaliserte og tilgjengelege på nett!

Kontakt

FylkesFOTOarkivet i avisene

Slik arbeider FylkesFOTOarkivet

FAK sitt oppdrag er å byggje opp et arkiv med bilete som kan fortelje mest mogleg om historia og hendingane i og frå Møre og Romsdal

For å nå dette målet er arbeidsmodellen tufta på samarbeid med frivillige, private og institusjonar om innsamling, registrering og formidling av bileta.

Frå 2013 arbeider FAK særleg med arkiv etter fotografar som arbeidde etter krigen og fram til ca 1990. Samarbeid med nokre sogelag held fram, men i hovudsak utviklar sogelaga idag eigne hemesider og driv fotoinnsamling digitalisering og registrering på eiga hand. 

Dei avtalane FAK inngår om samarbeid, uavhengig om det private, sogelag, musea eller det offentlege, skal innehalde tre sentrale punkt:

  • Vi deler utgifter og ressursbruk til digitalisering og registrering
  • Vi deler bruk, plikt og rett til sal av kopiar og anna formidling av alt vi digitaliserer
  • FAK tek ansvar for sikker langtidslagring av digitale filer

Dei bileta FAK digitaliserer vert formidla på nett gjennom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane si databaseøysing.

 

Frå arkivet og gamle heimesider:

Slik arbeidde FylkesFOTOarkivet frå 1996 til 2010

HVEM?  -  HVA? -  HVORDAN?  -  HVORFOR?