Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal

ARKIVDAGEN 2014 - PRESSEMELDING

PRESSEMELDING - ARKIVDAGEN 2014-11-02
FOKUS PÅ FOTOGRAFIET SOM FEIRER 175 ÅR

Laurdag 8.november inviterer IKAMR - Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal til ”Arkivdagen 2014” med utstillingar og foredrag. Er du t.d. interessert i korleis Ålesundsdamene kledde seg for 100 år sidan må du ta turen til Kirkegata. 

Tema i år er ”Fotografiet 175 år”. FylkesFOTOarkivet, som no ligg under IKAMR, har i år slått på stortromma og tilbyr mykje for den som er interessert i foto og arkiv.

I samband med grunnlovsjubileet har Britt WalleEkroll sydd saman eit foredrag med utsøkte bilete av ålesundskvinner i sin beste stas. Her er hårfrisyrer, lyse klede, asymmetriske motar, nye fasongar og hattar. Bileta er i hovudsak plukka frå Sponlandarkivet ved Aalesunds Museum.

Det er fleire «rosiner i pølsa» denne gong. Hovudforedraget er «Fotografi som nasjonsbyggar - norsk fotohistorie 1840-1940». Historikar Roger Seemann Erlandsen  held dette foredraget i Sunnmørsposten sitt auditorium seinare på dagen.

MYKJE MEIR
Om ikkje alle tre etasjar i Kirkegata vert fylte med foto laurdag, er foto hovudtema. Fotoarkivaren startar dagen med «Slik søker du i fotobasen», ein demonstrasjon av søk av bilete i databasen. Her vil FylkesFOTOarkivet ma. Trekke fram døme frå fotograf Håkon Haug (1907-1969) sitt arkiv.

SKORGEVIK-BOKA PÅ NETT!
Ei stor nyheit er det også at Kjell Skorgevik si bok «Fotografer i Ålesund i glassplatenes tid» vert sleppt på nett som søkbar «blabok». Det var Aalesunds Museum som i 1985 gav ut denne ”bibelen” av ei kjelde til lokal fotohistorie.

DIS-GJENGEN
Mykje av registrerings- og digitaliseringsarbeidet ved FylkesFOTOarkivet vert utført av DIS-gjengen, dugnadsgjengen frå Foreininga Data i slektsforskinga, Ålesund og Sula. Dei held ein ekstra dugnad laurdag. DIS har stått bak det meste av arbeidet med digitalisering av Aalesunds Museum sine fotoarkiv etter Johannes Sponland og arkiva etter fotograf Sigvald Moa og Enok O. Simonnæs, til saman over 100.000 bilete som for lengst er søkbare på Internett. DIS starta arbeidet for 14 år sidan på Grimmerhaugen saman med FylkesFOTOarkivet.

KAMERAUTSTILLING
IKAMR har fått hjelp frå Malvin og Øyvind Dalhus som riggar til ei utstiling med gamle fotoapparat. Dei tek meir enn gjerne ein fotoprat med dei som tek turen innom. Gamle negativ i ulike storleikar vert også stilt ut.

HAR DU EIN «DAGUERRETYPI»?
Ta med og vis oss om du har bilete på metallplate!

Lektor på medialina i Volda, og ansvarleg for utdanninga i dokumentarfotografi på høgskulen, fotografmeister Gaute Hareide, er ein ihuga fotoentusiast og samlar. Saman med FylkesFOTOarkivet oppmodar han publikum til å ta med og syne fram om dei har bilete på metallplate. På nasjonalt plan går det føre ei registrering, primært av såkalla «Daguerretypiar». Fram til no har FylkesFOTOarkivet ikkje registrert ein einaste slik frå Sunnmøre. Finst dei i det heile tatt? Hareide tek imot publikum som vil registrere bilete i forkant av Roger S. Erlandsen sitt foredraget i Sunnmørspoisten.

SUNNMØRSFOTOGRAFANE
FylkesFOTOarkivet har laga ei lita utstilling med fotograf Martin Velle (1905-1989) sine premiebilete. Skal tru om Velle var Sunnmøre sin beste fotograf i sin tid? Saman med fotograf Olav Lystad i Ørsta og fotograf Peder P. Lyshol i Sykkylven vart i alle høve dette trekløveret kalla «Sunnmørsfotografane».

FylkesFOTOarkivet har tatt imot fleire fotografarkiv dei siste åra. I 2013 tok dei imot Brattvågfotografen Sverre Oksavik (1927-2007) sitt arkiv. Eit par år før det fekk FylkesFOTOarkivet arkivet etter fotograf Martin Velle (1905-1989) i Ørsta og Olav Nerland (1913-2008) sitt arkiv frå Sula. I haust mottok dei arkivet etter ålesundsfotografane Håkon Haug (1907-1969) og dottera Sissel Haug Strømmen (1944-2012). Ein kan nesten kalle dette store «ordrereservar» når ein tenker på alt arbeid som må til for å registrere og digitalisere bileta i desse arkiva… Smakebitar frå arkiva blir presenterte av fotoarkivaren når dørene opnar laurdag.

TA MED BARNA!
Som i fjor under Arkivdagen er alle tilsette ved IKAMR til stades og viser fram smakebitar frå arkivet. Det blir høve til å søke etter slektningar, søke i kulturdatabasar og stasjonar der du får tilgang til originalkjelder. Det vert omvising i magasinet, aktivitetsrom for borna med gamle barnebilete på veggane, enkel servering – og sjølvsagt gratis adgang.

Arkivdagen er eit samarbeid mellom arkiv i heile Norden og femnar om alle typar arkivinstitusjonar.

 
FAK/RAL 02.11.2014