Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal

Akkurat nå

I åra 2004 til 2010 skreiv FylkesFOTOarkivet "blogg"

Nokre gangar mykje om lite - andre gangar lite om mykje

Her kan du finne "drypp" frå arbeidet ved FAK

2010 - 2009 - 2008 - 2007 - 2006 - 2005 - 2004


05.07.2017

ENDRING I NY DATABASE

Modul for brukerkommentarar er no på plass. For brukarne våre betyr det at kommentarar til bileta no kan skrivast inn det nye systemet om lag som før, men vi må godkjenne kommentarane før publisering. Elles er den nye databasen meir fleksibel for brukarane med treff uavhengig av plasseringen av orda i motivlina. Indekseringa pr. idag. gjev kanskje litt mindre presise treff på søk. Første ord skal så langt det lar seg gjere avspegle hovudmotivet. Når er alle orda på ein måte likestilte. Vi har også brukt «komma» ganske strukturert, ma. som separasjonsteikn for å skilje td. bilde av ei «kvinne,» frå bilde med fleire «kvinner,». OBS: Bruker du "komma» i søk no, blir det 0 treff!


01.06.2017

750 VELLE-BILDER PÅ NETT

750 bilder er nå på nett under lokal signatur FAKf-1170. 84 av desse er registrerte med info frå protokoll mm. 401 bilder er utan originalnr. Desse ligg under FAKf-1170.UN (UN = UtenNr eksempel her). Dei fleste originalene er glassplatenegativ. Vi har ein del info til desse frå konvolutter etc. Mon tro om det er ein ivrig sjel i Ørsta som har lyst til å bli superhjelpar og arbeide med registrering av Vellebilda direkte på nett?

Digitalisering av fotograf Velle sine bilete har vore fast post under DIS-dugandene i fleire år. Framleis er det mykje å ta av!


27.05.2017

FOTOBEVARINGSARBEID I VESTNES

Vestnes kommune har invitert til møte mandag 29. mai om dei ulike fotosamlingane i kommunen. Dei ønskjer å standardisere og formalisere «ein felles/frivillig strategi» for alle fotosamlingane i kommunen. Dei har definert 3 målsettingar:

Lokalt ønskje om å formalisere ein strategi for å sikre fotobevaringa – negativarkiva - glassplatene, sikre ei god tilgjengeleggjering – og samstundes behalde eit sterkt, lokalt engasjement, og sikre ein fagleg kompetent samarbeidsarena – både regionalt og lokalt.


07.05.2017

MONGEARKIVET nesten FERDIG DIGITALISERT

Arkivet etter fotograf Claus Monge (1914-198?) i Kristiansund er no på det næraste ferdig digitalisert. Arbeidet starta i 2011. FylkesFOTOarkivet har hatt ei fagleg oppfølging av fleire personar som har vore innom museet på ulike arbeidsavtaler og i kortare eller lengre periodar. No er arbeidet med digitaliseringa av meir enn 30.000 negativtiv fra 1943 til 1989 på det næraste ferdig. Sjølv om FylkesFOTOarkivet for det meste har avslutta arbeidet ved Nordmøre museum vil vi følge opp arbeidet med utval av Mongebilete som er aktuelle å publisere.

Mongearkivet fekk Nordmøre museum i gåve frå fotograf Jan Gunnar Engvig i 2011.


20.04.2017

PENSJONISTAR MED PIZZA

I går hadde vi ingeniørane på besøk. 19 av NITO-pensjonsitane, med Konrad A. Spica i spissen, hadde invitert seg sjølv for å høyre om IKA og FylkesFOTOarkivet. Dei var særs velkomne fordi dei hadde lova å ha med seg ein haug store pizzaer! Møte/foredraghet/orienteringa/visninga/matøkta starta kl 17:00. Sistemann (det var berre ei kvinne mellom dei 19 frammøtte) gjekk ikkje før kl 21:00.

Det vart ein trivileg kveld for begge partar, sjølv om det kan hende det var få praktiske tips om digitalisering og bevaring av gamle bilete og mest visning og søk i databasen. Dei sa dei ville kome igjen, eller ha noko tilsvarande møte i Molde til hausten. NITO Møre og Romsdal har over 400 medlemmer. Så denne gong var det påmelding og "tak" på 20 eksklusive deltakarar.  (Foto: RAL)


15.04.2017

FRAMLEIS AURE FOR ALLE PENGA!

Den siste månaden har vi hatt fokus på Nordmøre. 24. mars var alle 2453 nama til "grensebuarbevisa" i Aure registrert og søkbare. 1266 legetimasjonskort har pr. i dag fått komplette opplysningar. Utstilling og presentasojn av av dette arkivet er planlagt til lørdag 29.april.


15.03.2017

AURE FOR ALLE PENGA!

Dei siste 2 vekene har vi brukt mykje tid på arbeid med bilete frå Aure på Nordmøre. Registrering av det vi har kalla "grensebuarbevisa" har vore prioritert. 60 namn i timen om ein "klokkar" arbeidet. Men meir enn ca 100 namn om dagen kjem likevel ikkje inn i basen.....

Registreringa er ein 2-trinnsrakett, ja det går eigentlig fort! Først registrerer vi for- og etternamn og når dei er fødde, og om det er mann eller kvinne. I neste prosess skal vi registrere resten av opplysningana, dvs. kva yrke dei hadde, kor dei var fødde og kor de budde mm. Ferdig registrert kan ein td søke å finne ut kven som var jordmor i Aure under krigen, eller kor mange fiskarar det budde i Foldfjorden. Under kan du lese litt meir om prosketet.


03.03.2017

REGISTRERING AV AV GRENSEBUARBEVISA

I slutten av månaden opnar Aure kommune fotoutstillinga "Grenselaust". Kommunen kjøpte fotoustillinga vi laga til "Arkivdagen 2015". I samband med dette skal vi registrere namna frå 2500 grensebuarbevisa. Arbeidet er stipulert til netto 24 timer etter "klokking". Brutto arbeidstid er i praksis ca 50 timer, eller 1,5 ukesverk.

Pr. i dag er omlag 350 av dei 2452 korta registrerte på namn. På sikt (som ein gjerne seiar når ein arbeider litt planlaust og ikkje har ressursar) skal alle opplysningane på korta registrerast på ein strukturert måte. Det vi gje spanande søkemuligheiter. Td. kan ein då søke på folk som budde i Foldfjorden under krigen, nærast som ei alternativ folketeljing. Grensebuarbevisa, eller kanskje er det like riktig å kalle dei legetimasjonskorta frå 2. verdskrig, finn du når du skriv grensebuar i motivfeltet i nybasen.


01.02.2017

TESTING AV INTERN "BLABOK"

Vi har digitalisert nesten alle årganger av fagbladet Norsk Fotografisk Tidsskrift. Produksjon av "Blabøker" i første versjon er ferdig. Ikkje alt har blitt bra, men bra nok til å kalle det ein "beta"versjon, - som datafolket seier..

Pga. opphavsrettar mm er det ikke offentlig tilgang til skrifta, men er du interessert så ta kontakt!


26.01.2017

3000 BILETE TIL SOGN OG FJORDANE

I des. 2016, og heile januar har vi har vi hatt hovudfokus på å få ferdig det eksterne oppdraget med digitalisering av fotograf Olai Fauske sine bilete. 2000 glasplater var digiatliserte våren 2016, dei siste 3000 er no ferdige og var sendte i dag. Filane var levert i ulike kvalitetar, frå råfiler i NEF og DNG, til fedig handsama 16 bits TIFF og nedskalerte jpg-filar for nettbasebruk. Disken som gjekk i posten i dag inneheldt 600 GB... Det høyrer med til historieaat fotoarkivaren for snart 28 år sidan, som fotoarkivar i i Sogn og Fjordane, organiserte berging og registrering av det som då vart kalla "Fauskesamlinga". Vi videofilma 8000 fotografiske glaspalter, snudde dei frå negatov til positiv og pakka om i syrefrie konvoluttar.


22.12.2016

50 ØRSKOGBILETE I EKSPRESSFART

Ole Øystein Nybø i Ørskog historielag heldt på å strø sand i maskinereiet då han brått kom med 51 bilete fra Ørskog 8. des., sama dag som IKAMR og FylkesFOTOarkivet skulle ha julebord.... Vi fekk lurt bilda inn i "fabrikken" likevel, digitaliserte dei og fekk dei levert tilbake dagen etter. Bilda vart opplasta i databasen 16. des. og tidsnok til at Ole Ø. no har skaffe seg litt arbeid i julehalega. Inntil bilda vert registrete finn du akkurat desse ved å søke "Opplasta 16.12.2016" i motivfeltet.


06.12.2016

MEIR FRÅ AURE

Ormset-arkivet, bilete frå glasplatenegativa etter fotograf Hans Ormset verrt i desse dagar lasta opp i nettbasen. Det er omlag 4000 lågoppløyselege bilete FAK digitaliserte i 1999. Heile glasplatearkivet vart redigitalisert hausten 2015, men bileta på nett er dei gamle filane i avgrensa kvalitet. Når bilete er registrerte - det kan ta eit par-tre år -  vil vi vurdere om vi skal oppgradere nettbilda.

FylkesFOTOarkivet starta arbeidet med Ormset-arkivet i 1999. Det har arkivnr. FAKf-0012 og er i privat eiga. Aure kommune har brukt mykje pengar på arkivet gjennom fleire år.


22.11.2016

2453 GRENSEBUARBEVIS PÅ NETT

I går vart 2453 legitimasjonskort - såkalla grensebuarbevis - frå Aure kommune lagt på nett. Alle vaksne personar (aldersgrense 15 år) busett i norske grenseområde måtte under andre verdskrig 1940-1945 ha eit grensebuarbevis. Vi digitaliserte desse hausten 2015 og i går fekk vi klarsignal frå Aure kommune om å legge dei på nett. Skriv gjerne "grensebuar" i motvfeltet i nybasen. Lokal registrering tek til i 2017.


4.11.2016

OPERASJON DAGSVERK

Hanne Rekdal Aasen laga over 80 namnekart for FylkesFOTOarkivet i samband med "Operasjon dagsverk". Ho var ganske nøyaktig dobbelt så rask på tastaturet som fotoarkivaren når ho arbeidde med å sett nummerlapper på klassebileta fotograf Olav Nerland tok i 1950-åra. Ei døme på bilde med namkart finn du her.

Namnekarta er viktige når vi skal identifisere kven som er kven på gruppebiletw. I Nerlandarkivet er det omlag bilete av 400 skuleklassar. 2-300 bilete ventar framleis på å få namnekart.

På bildet held Hanna 2 av klassebilda FylkesFOTOarkivet har kopiert i samband med utstillinga til "Arkivdagen 2016" laurdag 12. november. Foto: Ragnar H. Albertsen


28.10.2016

SLEKTSFORSKERDAGEN 2016

"Opp ihalsen" har vi kalla foredraget FAK skal holde på Slektsforskerdagen i Ålesund nå lørdag 29. okt.2016

På nettverkskonfreansen i Oslo pågår akkurat nå. Nye prosjekter vurderes.


01.10.2016

PORTRETTFOTOGRAFIET

FylkesFOTOarkivet er invitert til Landskonferansen i fotobevaring med tema "Portrett". Vi skal foredra om Kontrafeier og andre etterlikningar: Eit utval menneske trukke fram frå fotografarkiva i Møre og Romsdal.

Store delar av arkiva våre er nettopp bilete av menneske, td. "Marta". Etterspurnaden av personbilete er større enn kan hende den faglege interessa har vore. Har vi undervurdert kor viktige portretta er? Er det utviklingstrekk i fotografhistoria som pregar portretta, eller har fotografane teke bilete av menneske på same måte i 100 år? Kva har motebiletet gjennom 100 år hatt å seie for korleis fotografane fotograferte menneske? Kva skiljer den gode fotograf frå den jamne handverkar?

Arbeidet med Møre og Romsdal fotogfraflaug si 100-årige historie er noko av bakgrunnen for at vi stikk hovudet fram på Landskonferansen i år. I tillegg arbeider DIS-gjengen med utval av portrett til prosjektet/utstillinga "Opp i halsen". Her veljer dei portrett der vi ser etter kva folk - og særlig kvinnfolk - har av smykker, krager og klede heilt "opp i halsen".


FOTOHISTORIE

Frå "Fotografiets dag" 21. august og Preus museum i Horten tok vi med oss museets tidsskriftsamling av Norsk fotografisk tidsskrift. Dei 6000 sidene er nå digitaliserte. Frå Norges fotografforbund skal vi nå få dei årgangane museet ikkje hadde. Planen er at vi skal digitalisere og OCR-tolke 100 årgangar og ha det klart til Møre og Romsdal fotograflaug feirer 100 år høsten 2017.


20.08.2016

PÅ`n IGJEN

Full rulle fra første arbeidsdag på kontoret dag. Denne uka har gått med til utstillingsproduksjon som i morgen settes opp på Preus museum ifbm. "Fotografiets dag".


Fotoarkivaren

FERIETID

Fotoarkivaren og FAK er inne i ein lang og stille ferieperiode. I perioden 27. juni til 11. juli svarar vi knapt på epost. Kontoret vil elles bli "fjernbetjent" det meste av sommaren og fram til skulestart 15. august.


 

16.05.2016

MAI ER MAI...

DIS-dugnadsgjengen har avrunda "sesongarbeidet" sitt litt før skuleferien begynner i år. Vi har hatt 15 dugnadskvelder i vår med til samen 137 "kveldsverk" a 3 effektive timer, pluss ein god time kveldsmat og hyggelig prat.

Vi har digitalisert frå arkiva etter fotografane Velle, Dale og og Oksavik og registrert Nerland- og Haugbilder. Og Marit er ajour med alle brukarkommentarane som er komne inn pr. 3.mai! OBS! Desse finn du berre oppdaterte i nybasen https://foto.fylkesarkivet.no Vi begynner igjen til hausten når skulen begynner igjen.


21.04.2016

KJENN DIN BY

FAK førebur bilete frå 1950-åra etter fotograf Håkon Haug i samband med arrangementet "Kjenn din by" i Ålesund. Søndag 24. april inviteres Ålesunds innbyggere til å bli bedre kjent med byen sin! En rekke aktører i kulturlivet holder gratis åpent. IKA, SEDAK  og FylkesFOTOarkivet har "åpent hus".


07.04.2016

DIGITALISERING AV UNIKE KLATRARBILDE

Norsk Tindemuseum i Rauma opnar med kronprinsen i spissen 13. mai. 84 svart/kvitt lysbilde etter Carl Hall blir å se etter at vi digitalisertre bilda i dag. Fred Husøy ved Tindesenteret seier at trule har ingen sett desse sidan dei varthenta i Danmark på 1950-tallet av Arne Randers Heen.

FylkesFOTOarkivet får visnionngsrett av bilda, men vi verntar til midten av mai før vi syner dei fram.


04.04.2016

REGISTRERING I NETTBASEN

Prioritering i april:Arbeid med registrering av fotograf Olav Nerland sine bilete og bilete frå eit album i Aure står på programmet i ukene framover. DIS-gjengen jobber med Nerland (lokalt nr FAKf-0672 i "nybasen", 2300 bilete, og fotoarkivaren med "Selnungbilda" frå Aure, lokalt nr. FAKf-1251 - 144 bilete.)


03.03.2016

DIGITALISERING FOR SOGN OG FJORDANE

Fotoarkivar Elin Østvik. Foto: Ragnar H. Albertsen

Tysdag kom fotoarkivar Elin Østvik frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane med 10 kasser glasplatenegativ FAK skal digitalisere. Glasplatene er omlag det halve av arkivet etter førdefotografen Olai Fauske (1887-1943). Som betalt oppdrag skal FAK digitalisere negativa i løpet av våren og hausten.

Det høyrer med til historia at fotoarkivar ved FAK dei siste 20 åra, Ragnar A., ordna, pakka om og videofilma (!) Fauske-arkivet med 8000 glasplater saman med ekstrahjelp i 1989. Ragnar var då fotoarkivar i Sogn og Fjordane. Så dette er nok eit "AMGOI"-prosjekt. (AltMåGjøresOmIgjen).

Fauske-arkivet er ei sentral fotosamling nasjonalt: I etnologen Oddlaug Reiakvam si doktoravhandling Bilderøyndom Røyndomsbilde: Fotografi som kulturelle tidsuttrykk (1997) er samlinga ei av tre som dannar grunnlag for hennar analyse.

Reiakvam fekk 12-14 timar med videofilm til disposisjon der kvart bilete var snudd elektronisk frå negativ til positiv og filma i ca. 8 sek. Særs mange av bileta er gjennom åra blitt identifiserte ved bruk av videofilmane. Fauske-arkivet er i privat eige, men har vore disponert og tidlegare magasinerte ved Sunnfjord museum i Førde.



22.02.2016

NY MEDARBEIDER PÅ NORDMØRE MUSEUM

Nordmøre museum har vore flinke til å gje unge på ulike tiltak praksis ved museet. Tonje er "siste skudd på stammen" som skal fortsette arbeidet med å digitalisere arkivet etter fotograf Claus Monge, fotograf i Kristiansund frå 1939 til 1978. Tonje starta i førre veke  med å digitalisere dette bilete frå 1969.



06.02.2016

KVEN EIG FOTOGRAFIA?

Det har falt dom i den såkalla "Sjøwall-saka". "Tirsdag 2. februar falt dommen i saken mellom Sjøwall-familien og Norsk Folkemuseum. Saken gjaldt en rekke bilder tatt av Gunnar Theodor Sjøwall (1896-1945) som ble tilgjengeliggjort på nettsiden digitaltmuseum.no, noe familien mente museet ikke hadde tillatelse til. Saken endte med at Norsk Folkemuseum ble frifunnet.

"Retten har valgt å ikke “vurdere hva slags vern fotografiene hadde (som åndsverk eller som fotografiske bilder)” hvilket egentlig burde være stridens kjerne".... Dersom denne dommen skulle bli stående vil det i ytterste konsekvens kunne bety at vi som organisasjon vil måtte fraråde alle fotografer med egne samlinger og arkiver fra før 1995 å overlate disse til en ABM-institusjon, sier Terje Lie Olsen, daglig leder i Norges Fotografforbund.", skriver Fotografforbumdet  Les meir


22.01.2016

BIRKEVOLD OG KNUDSEN

To tilvekstar, FAKf-1268-Birkevold og FAKf-1271-Knudsen har vore på "digitaliseringsbordet" siste veke. Til saman 7 fotoalbum med bilete frå handelsslekta Birkevold i Ålesund er motteke, digitalisert og innlemma i arkivet. Forutan familiebilete er det mykje turn- og speiderbilete i albuma. Det er Kirsti Birkevoldsom har lånt oss bileta, og i tillegg to negtivalbum etter faren Arne Birkevold

Den andre tilveksen er bilete og negativ etter Einar Kundsen. I lokalhistorewike kan vi lese: Einar Knudsen (født 1892, død 1950) skjøttet i mange år styrerstillingen ved Aalesunds Museum ved siden av sin gjerning som lektor. Det er takket være ham bildesamlingen ved museet ble bygget opp. I tillegg var Knudsen amatørfotograf og en aktiv skribent om lokalhistoriske emner. Knudsen synes å være den første i Ålesundsdistriktet som har forstått verdien av fotografier som illustrasjonsmateriale i bøker. Han fotograferte fra 1919 til 1950. Bileta og negativa har FylkesFOTOarkivet motteke frå sonen Elling Knudsen som bor på Gjettum.

Felles for begge tilvekstane er at det praktisk tale ikkje følgjer informasjon til materialet. Delar av materialet kjem seinare på nett med oppmoding om hjelp til identifisering.


08.01.2016

MULVIKARKIVET

Erlend Aakvik hadde julejobb ved FAK og digitaliserte over 2200 negativ i Mulvikarkivet. Vi arbeider no med redigering og klargjøring av desse bilda, og dei som Erlend digitaliserte  sist sommar. I alt er det omlag 8000 filer som no er klare til levering til Tor Helge Gravem i Sunndal. Han skal redigere, slette dublettar og klippe bileta før endeleg utval til nettbruk. Med denne økta er vi praktisk tala ferdig med digitalisering av fotograf Magne Mulvik sine 1661 ordrar i "Uteserien".


14.12.2015

AVTALEN ENDELEG KLAR

Det er 3 år sidan FylkesFOTOarkivet flytta frå Aalesunds Musuem og Stiftinga Sunnmøre museum, til IKA Møre og Romsdal. Avtalen om bruk av arkiva som Aalesunds Museum eig, først ogf fremst fotografarkiva etter Sponland, Simonnæs og Moa, vart underskriven 1.des. 2015. Avtalen betyr at alle tingingar av bilete frå arkiva til Aalesunds musuem skal handsamast av museet sjølv.


08.12.2015

OKTOBER VAR TOPP!

Litt statistikk i samband med redigering/klargjering av brukarkommentarar til DIS-Marit i kveld syner at oktober var ein toppmånad: 174 bidrag kom inn. Mon tru om det var regn, regn og atter regn som var medverkande grunn? I november kom det "berre" inn 54. Sidan 1.jan. 2011 er det kome inn omlag 560, - sidan vi starta i 2005: Ca 11.000

DIS-Marit har hatt hovudansvar for innføring av brukarkommentarer i den nye databasen. Vi er oppdatert pr. 18.10.2015, men "nettbasen" lanseres ikkje før ut i 2016...


05.12.2015

BESØK FRÅ STATSARKIVET

På fredag fekk IKA og FylkesFOTOarkivet besøk og tilsyn av av statsarkivar Astrid Løvlien og konsulent Kari Remset frå Trondheim.  

På slutten av dagen fekk dei sjå fotoutstillinga med bilete frå Aure FAK hadde laga til Arkivdagen 2015

Grenseboarbevisa FAK hadde nytta i utstillinga, er formelt sett laga frå statlege arkivsaker,  - dei var opphaveleg lensmannskontora sine.

Møtet med IKA varte heile dagen. Det om omfatta tilsyn, elektroniske arkiv, avleveringsrutinar, ordningsprosjekt, privatarkiv, depotsituasjonen, personregister, kulturnett – formidling, omvisning  i magasin og digitalisering, - og litt orientering om FylkesFOTOarkivet.

Dei fleste tilsette ved IKA var til stades og fekk presentert sine ansvarsområde for Statsarkivet.


24.11.2015

100 NYE BILETE FRÅ ØRSKOG

Ole Øystein Nybø i Ørskog Historielag ligg ikkje på latsida. Over 100 nye bilete fekk vi overlevert sist fredag.

I dag vart dei digitaliserte. Mellom bileta var eit fint lite album med 15 bilete tekne av Knud Knudsen. Det er Monica Beate Brandal som har lånt ut bileta til historielaget og oss.

Bilda kjem på nett i 2016.


01.11.2015

VELLUKKA IFF-SEMINAR PÅ RJUKAN

Fotoarkivaren er nett heimkomen etter seminar saman med fotografane i IFF - Institusjonsfotografanes Forening. Denne gongen var seminaret på Vemork, på Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan. Ingelinn Kårvand vart vertskap for dei 27 frammøtte. Det var workshop i Fotostation og kurs i Photoshop Lightroom. Begge er system for handsaming, arkivering og formidling av bilete. Fotostation er mykje brukt i avisar og større institusjonar og fylke, medan Lightroom er som skreddersydd der ein eller få fotografar arbeider med bilete. FylkesFOTOarkivet tek truleg Lightroom i bruk frå nyåret.


13.10.2015

NYTT REGISTRERINGSSKJEMA

Tirsdag var DIS-gjengen kasta på djupt vatn: Det nye skjema for fotoregistrering vart teke i bruk. Det er framleis uferdig, men klargjering av brukarar, innlogging og utprøving er i gang. Korreksjonsarbeid vert prioritert dei komande tirsdagane. Opplasting av nye bilete, ma. 1000 nye Bjørlykkebilete, vert ikkje klart før i slutten av året.


30.09.2015

OSS PÅ IKA :-)

 

Sli så vi ut etter første dag, og dagen derpå, på personal- og strategiseminar på Hotell Union Øie i Ørsta mandag28. og tysdag 29. sep. 2015. (Foto: RAL, sjølvutløysar)

Tykk på biletet så får du oss store og med namna. Formell liste over tilsette finn du her


 

19.09.2015

MYKJE REISING I SEPTEMBER

Akkurat heimkomen etter 3-dagers ekspedisjon på Nordmøre med digitalisering av glassplater i Ormset-arkivet (sjå gammel info her). Alle 4558 glasplater og negativ var ferdig digitaliserte i 2003, men ønskje om oppgradering av dei digitale bilete løyste ut prosjektet denne hausten. Dømet over er frå fotograf Hans Ormset sine "tvangsfoto", dvs. passbileta alle måtte ta til identitetskorta under krigen. Ny reise ventar 22. sep. Då til Landskonferansen i fotobevaring i Oslo og Horten. Wilseutstillingar står sentralt


22.08.2015

STRAKS PÅ PLASS...

To månader er gått sidan "Akkurat nå" vart oppdatert. Vi tilstår med ein gong: All ferie er teke ut, alle seniordagar er brukte, og overtid som må avspasserast er saldert. Ungdomar har delvis drive "butikken" (sjå under). Heldigvis er det tradisjon for en stille tid ved FylkesFOTOarkivet gjennom skuleferien og folk syner forståing for at drifta er redusert. Fotoarkivaren har likevel, i heile ferien, vore tilgjengeleg og ekspedert forespurnader på epost og telefon. Frå 1. september er det ikkje noko å skulda på lenger, men det vert mykje reising framover. Hugs å ringe 9084 5861 uansett på døgnet om det er noko du lurer på!


22.06.2015

SOMMERHJELP PÅ PLASS

Erlend Aakvik og Vegard Aasen er begge på plass igjen som sommerhjelp ved FylkesFOTOarkivet. I år som i fjor er det digitalisering av sunndalsfotograf Magne Mulvik sitt arkiv som er oppgåva. I fjor arbeidde dei i tillegg med transkribering (avskrift) av kundeprotokollane.

I år vekslar dei digitalisering med konvertering og bilethandsaming av bilda dei digitaliserer. Vegard og Erlend skal jobbe 3 uker kvar medan fotoarkivaren har byrja ferien.


19.06.2015

NYE BILETE TIL FYLKESFOTOARKIVET

Frå familien Hole i Sykkylven har FylkesFOTOarkivet motteke ca. 70 glasplatenegativ etter Ole Ekornes. Jon Hole, skulemann, forfattar og mangeårig drivkraft i Sykkylven sogelag mottok platene frå familien for omlag 30 år sidan. Glasnegativa, dei fleste i storleik 12x16,5 cm har ein del skader, men motiva er fine og spanande. Som ein del av avtalen skal Sykkylven sogenemnd ha eit komplett filar av Ekornesbileta og skal kunne nytte desse uavhengig av FylkesFOTOarkivet. Bileta vert å finne på nett når den nye databasen vert ferdig på slutten av året.


29.05.2015

INNSPURT DIGITALISERING AV HAUG SINE "POLYFOTO"-PLATER

Avgrensa tilgang til databasen, og høve til opplasting av nye bilete har førd til at DIS-gjengen våren 2015 har arbeid mykje meir med digitalisering av fotograf Håkon Haug sine "seriefoto"-plater. Det har vore ein tung prosess, bokstaveleg tale: Over 240 kg glasplater er digitaliserte. Omlag 40 kg på kvar av dei 6 kveldane vi har arbeidd med dette.


24.04.2015

NY FOTOMEDARBEIDER på NORDMØRE

Reichel frå India er ny "kost" på arbeidstrening ved Nordmøre museum. Ho har  har fått "turboopplæring" i digitalisering og billedhandsaming. I ei tid framover skal ho digitalisere negativ frå fotograf Claus Monge sitt arkiv. Arkivet fra 1952 til 1960 er ferdig digitalisert. Reichel startar med bileta frå 1961. Reichel er utdanna advokat frå India, tek no vidaregåande utdanning og vil om nokre år kanskje arbeide som sjukepleiar i Norge.


16.04.2015

LANGT MELLOM OPPDATERINGANE....

Det har vore nokre problem med heimesida etter oppdatering av "Drupal", datasystemet som ligg bak heimesida vår. Saman tenestereiser og avspass siste veke har det blitt lite nytt å lese på heimesida. No er vi i gang igjen. Ein lita nyhende med omlag 14 dagars mellomrom er målet :-)


16.03.2015

ÅRSMELDINGA ER KLAR, OG VI HAR SKIFTA BILETE PÅ FRAMSIDA

Her kan du lese "kortversjonen" frå FylkesFOTOarkivet. Elles har vi lagt den gamle collagen med Mulvikbilete heilt nederst på framsida. I 2015 har vi framleis hovudfokus på Sunndalfotografen Magne Mulvik, men vi vil også arbeide mykje med Ørstafotografen Martin Velle sine mange, gode portrett.


06.03.2015

ÅRSMELDINGA ER SNART KLAR

Siste veke har FylksFOTOarkivet og IKA arbeidd med åsmeldinga. Når meldinga er godkjent av styret vert den publisert her under fana "OM FAK"


19.02.2015

- SUNNMØRSPOSTEN SKRIV I DAG:


18.02.2015

- SIMPELT GJORT!

Avisa Vestlandsnytt skreiv i går: "Sande sogelag og Fylkesfotoarkivet uttrykkjer sterk misnøye med og stor skuffelse etter at ein privatperson siste tida har selt  og marknadsført  digitaliserte bilete frå Storegjerdesamlinga.

Handelen har pågått heilt openlyst på ei populær Facebook-side med bilete frå gamle dagar. Her vert det bode fram både høgoppløyselege og retusjerte Storegjerde-bilde".

Oppdaginga av den høyst ulovlege handelen gjorde at Fylkesfotoarkivet sist veke stengde ned  tilgangen til 170.000  bilde frå gamle dagar." Les meir


03.02.2015

HEIMESIDA "FYLKESFOTO" LEGGJAST NED

Med ein smule vemod er det bestemt at tida er ute for www.fylkesfoto.no. Den gamle heimesida vår vart snekra i Microsoft sitt program "FrontPage" i 2004. Sida har ikkje vore oppdatert sidan 2010 då fotoarkivaren gjekk ut i permisjon for å byggje opp digitaliseringseininga "SEDAK".

Informasjonen er sjølvsagt ikkje sletta. Alle linkar til undersidene er intakte og vert inntil vidare ståande. Over tid vil informasjon og bilete fra FAK si historie bli overført dei nye heimesidene. Både den gamle heimesida og den nye er utvikla og vert oppdatert og drifta mest som eit fritidsproisjekt og praktisk talt utan kostnader for oss.


15.01.2015

DOKTOR SELNUNG SITT FOTOALBUM

Aure-albumet (sjå under 12.12.2014) vi lånte i desember ble levert tilbake sist søndag i Trondheim. Dotter Ellen-Margrete har samen ektemannen Asmund Lien registrert opplysningar til nesten alle 144 bileta i albumet. Dei fleste bilete er frå tida Fritz Selnung var distriktslege i Aure, frå 1938 til 1946.

I albumet finst også ein del prospektkort fotografert av Aurefotografen Hans Ormset (1887-1971). Ma. dette frå "Eidestranda dampskipskai med anløp av D/S Driva. (Driva deltok i gulltransporten i april 1940, og blei så skada av tyske fly at  den måtte kjøres på grunn. Etter heving og reparasjon blei den satt inn i trafikken igjen. Bildet må være tatt før eller etter dette avbruddet." Informant: Asmund og Ellen-Margrete Lien.

Et utval av bileta kjem på nett når den nye databasen blir ferdig - i løpet av året....


22.12.2014

BILETE FRÅ  ØRSKOG

Omlag 140 bilete frå Ørskog Historielag er ferdig digitaliserte og klar for retur. Bilete er frå 9 ulike eigarar. Det er Ole Øystein Nybø som har samla inn og skal registrere desse når dei på nyåret vert laste opp i nettbasen.


12.12.2014

BILETE FRÅ  AURE

Fritz Selnung var disitriktlege i Aure frå 1938 til 1946. Dottera, Elin-Margrete Lien tok kontakt med FylkesFOTOarkivet i haust og spurde om vi var interesserte i Aure-bilete frå tida familien budde i der. Sjølvsagt var vi det! I dag har vi henta albumet i Trondheim. Bileta skal digitaliserast på nyåret og vi reknar med å få dei på nett i løpet av 2015.

Andre nyhende i dag: Geir Håvard Ellingseterer tilsett som ny dagleg leiar for IKA Møre og Romsdal og har takka ja. Jan Aakvik vil fungere som dagleg leiar fram til han tiltrer. Noverande leiar Arnt Ola Fidjestøl sluttar etter 15  år ved IKA og begynner som fylkesarkivar i Sogn og Fjordane 1.januar 2014.


02.12.2014

PLAN OG PLAN...

Årsplanen for 2015 er ferdig. Samstundes må vi snart oppsummere kva vi rakk i 2014 i høve årsplanen for 2014: Planane om å legge ut bilete frå Bjørlykke-arkivet, Velle-arkivet og Oksavik-arkivet vart berre ein plan. Ein del av forklaringa ligg i ombygginga av databasen som har blitt ubehageleg forseinka. Vi kan ikkje lenger laste opp og legge ut fleire bilete før endringane er fullførde.

FylkesFOTOarkivet vil prioritere desse oppgåvene i 2015: Registrering, digitalisering og formidling av Mulvikarkivet (Sunndal),  Gjennomgang av fotografbiografiar og fotohistorie frå Møre og Romsdal,  DIS-dugnadar, Digitalisering og konsulentarbeid ved Nordmøre museum og  Registrering, digitalisering og formidling av Vellearkivet (Ørsta).


01.12.2014

HORNEARKIVET FERDIG DIGITALISERT

Digitalisering av vårt størte eksterne oppdrag er ferdig. 4000 negativ frå Flora kommune etter fotograf Malvin Horne er no ferdig digitaliserte på oppdrag frå Fylkesarkievt i Sogn og Fjordane og familien etter Horne. Det gjenstår mykje etterarbeid, men vi reknar med å kunne levere før årsskiftet.

Oppdraget har ikkje tilført FAK nytt materiele, men har vore ei ei viktig inntektskjelde for å kunne behalde ekstrahjelp. Horne-arkivet finn du i nettbasen, td. ved å skrive MNHORNE i feltet for "Lokal signatur"


STORMØTE FOR INSTITUSJONSFOTOGRAFANE (IFF)

Nesten 50 påmelde, 44 framøtte og 35 på gruppebiletet var rekord då IFF hadde fagseminar på Nasjonalmuseet i Oslo fredag 14. nov. 2014.

Morten Thorkildsen og dei seks andre fotografane ved Nasjonamuseet tok i mot og ga oss ei grundig teoretisk og praktisk innføring i korleis dei fotograferer måleri og gjenstandar, - med solid logistikk og fargestyring. Kompromiss er eit framandord på nasjonalt nivå!

Stormøtet vart avslutta med omvising med kurator for utstillingea "Dahls og Friedrichs landskaper 1810-1840", Frode Haverkamp. Deretter var det tid for julemiddag på tradisjonelt vis.

Sjå collage, - stor collage


13.11.2014

250.000 SEFRAK-NEGATIV TIL ARKIVET!

FylkesFOTOarkivet mottok denne veka omlag 250.000 - tohundreogfemtitusen - negativ frå SEFRAK-registreringa i Møre og Romsdal. Negativa er deponert frå Fylkeskulturavdelinga og tek omlag 10 hyllemeter i fotomagasinet.

SEFRAK-registreringa i Møre og Romsdal gjekk føre mellom 1975 og 1995. SEDAK-senteret er akkurat ferdig med digitalisering av dei 45.000 skjema  knytt til SEFRAK. Det ligg ikkje føre planar om å digitalisere SEFRAK-negativa, 35mm filmane, ut over dei 1500 vi har digitalisert frå Hareid. Desse ligg faktisk ute i nettbasen! Det vil venteleg koste mellom 2 og 3 millionar kroner å få digitalisert resten... Du kan lese om SEFRAK på hovudsida vår, - søk "SEFRAK".


02.11.2014

MEIR FRÅ ØRSKOG

Ole Øystein Nybø er ein jamn slitar. Han trossar den ustabile databasen og har no registrert ferdig 21 bilete med lokalt nr FAKf-1222. Desse har vi no sjekka ut slik at dei er søkbare. Søk fritekst "Sjekke damer" eller "tyggegummi" så finn du to av dei. Elles er det berre arbeid med "Arkivdagen 2014" no!


24.10.2014

ARKDAGEN NÆRMAR SEG

IKA - Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal som huser FAK - arrangerer "Arkivdagen 2014" lørdag 8. november i Kirkegata 10B. Tema i år er "Fotografiet 175 år". FylkesFOTOarkivet har eit par fingre med i arrangementet og legg opp til eit omfattande program.

I samarbeid med Sunnmørsposten vert det foredrag av nestor i norsk fotobevaring, historikar og ørsting Roger Seemann Erlandsen. "Fotografi som nasjonsbyggar - norsk fotohistorie 1840-1940" er tittelen på føredraget. Auditoiriet i Sunnmørsposten i Røysegata 10 er rett stad denne laurdagen kl 16:00, - og gjerne litt før. Sjå plakaten


25.09.2014

OPPLÆRING I DIGITALISERING

Nordmøre museum har i ei årrekkje vore flinke til å ta inn ungdom til arbeidstrening. Det har vore samarbeid både med NAV og "Varde". Mange av ungdomane har arbeidd med digitalisering av bilete. Christina er den sist "uteksaminerte" av FAK. Ho fekk i dag turboopplæring i digitalisering av negativ frå det såkalla Monge-arkivet. Samstudens er Finn A. på veg ut etter nesten 2,5 år med fotoarbeid ved Nordmøre museum.


19.09.2014

OPPLÆRING I FOTOREGEISTRERING

Fire personar i Rindal fekk onsdag opplæring i fotoregistrering og brukartilgang til nettbasen. Framover skal fv. Kristin Nordlund, Gurå Skei, Anne Skjølstad og Jon Arne Løfaldli transkribere opplysningar om fleire hundre bilete frå papir til søkbar tekst i databasen.

Bileta etter fotograf Henrik Fjelle (1902-1992) vart digitaliserte i 1997 og printa ut på A4-ark for identifisering. Sidan har særs mange av dei nesten 1000 bileta blitt namn- og stedsette. Det er Rindal Skimuseum, som bygdemuseet no skriv seg, som eig bileta etter Fjelle. Ansvarleg for arbeidet er styrar Kari Elin Løfaldli.

Henrik Fjelle sine bilete har lokalt nr. FAKf-0002 og kom inn til FylkesFOTOarkivet i 1997. (Foto: RAL)


10.09.2014

SYNFARING I AAS-PEDERSEN-ARKIVET

Vestnes sogelag har motteke arkivet etter fotografane Kristoffer Aas (arkiv frå ca 1920 til 1950) og Lars Pedersen (arkiv frå 1950 til ca 1980) på Vestnes. Førebels er arkiva lagra i kommunale lokal som sogelaget disponerer. Planen er å leggje til rette for digitalisering og formidling. Det var Sigmund Kleive i sogelaget som sist mandag tok kontakt med FAK for å få råd om korleis ein bør arbeide med slike arkiv.

Det er fotograf Utgård på Vestnes som har hatt hand om arkivet dei siste åra. I samband med vitjinga var FAK også ein tur innom til uanmeldt besøk på Landbruksmuseet for drøfte mogleg framdrift med Legernesarkivet (Lokalt nr FAKf-0030). Av dei 1003 Legernes-bileta vi har i basen er berre 34 bilete ute på nett. Nesten alle manglar opplysningar trass i at bileta var digitaliserte i 2007..... FAK kjem til å legge resten av dei uregistrerte bileta på nett i løpet av hausten. Slik skal fleire kunne få høve til å hjelpe til med opplysningar.


08.09.2014

JUBILEUMSSKRIFT PÅ GANG ?

"Ballerina-in-the-mist" Fotgraf: Nathan Lediard

Møre og Romsdal fotograflaug har hatt haustmøte i Ålesund og sett ned ei gruppe som skal utarbeide forprosjekt for å lage bok eller skrift til 100-årsjubileet i 2017.

Ottar Andre Anderson ved SEDAK og fotoarkivar Ragnar H. Albertsen skal saman med fotograf Nathan Lediard frå Surnadal utarbeide ei skisse til årsmøtet i 2015.

Fotograf Nathan Lediard vant forøvrig laugskonkurrans i år med både beste bilete og høgaste sammenlagde poengsum. Alle fire bileta til Nathan var premierte. Med denne innsatsen fekk han i helga både den såkalla "Daguerreprisen" og "Laugskruset".

Meir om den litt uortodokse engelske fotografen Lediard, som i "strie strømmer" har fått konfirmantane tilbake til fagfotografen, kan du lese her. Biletet: "Ballerina-in-the-mist" Fotgraf: Nathan Lediard.


12.08.2014

REKAPITULERING....

Sommaren er over og vi prøver å ta tak i trådane vi slapp i juni. Prioritering no og framover er arbeid med Mulvik-arkivet.


11.07.2014

DIGITALISERING SOM SOMMERJOBB

Vegard Aasen (19) og Erlen Aakvik (15) har hatt sommerjobb  ved FylkesFOTOarkivet i år. Gjennom 3 uker kvar har dei arbeidd med digitalisering av negativ i Mulvikarkivet, lokalt arkivnr. FAKf-1190 (Sunndal kommune). Parallelt har dei transkribert ordrenamn frå fotograf Magne Mulvik sine protokollar. I dag avsluttar Vegard si økt, medan Erlend skal ha si 3 arbeidsuke frå 11. august. Vi kjem attende til arbeidet og resultat kring skulestart. Prosjektet er støtta av Norsk Kulturfond.


20.06.2014

INTERESSERT I SLEKT FRA KRISTIANSUND?

Endelig er siste finpuss på det omfattende arkivet med biografiske opplysninger fra Einar Thurn-Christensen (ETC)  ferdig og endelig på nett- se her!!


13.06.2014

SEDAK INVITERTE TIL OMVISNING

Jugendstilsenteret har fått pengar frå Norsk Kulturråd for å digitaliserere arkitektteikningar etter arkitektane Christian og Hans Backer Fürst (f.1860). SEDAK skal levere digitaliseringstenestene og Ottar A.B.Anderson skal digitaliserere fleire hundre teikningar og dokument framover.

I dag inviterte han og dokumentansvarleg ved Jugenstilsenteret, Torbjørn Akslen, til omvisning og presentasjon i Kirkegata 10B i Ålesund. Mange frå staben ved JS var med. Saman med tilsette ved Fylkesbiblioteket og IKA var vi i alt 15 personar som fekk orientering om Fürstarkivet og tekniske løysingar ved digitaliseringa. Etter ein sosial lunsj var det omvisning i magasina ved IKA. FylkesFOTOarkivet var med. Trykk på bildet av fv. Benedikte Holen, Stana Aadland Jensen, Jan Aakvik og Ottar Andrè Anderson så får du se nokre glimt. (Foto: RAL)


11.06.2014

OLDEBARN TAPTE SAKA OM UNIK FOTOSAMLING

"Oldebarnet kravde å få tilbake den unike Sverdrupsamlinga, men tapte i retten. No får Nordmøre Museum behalde alt."

Striden om den såkalla "Sverdrup-samlinga" - Sverdrup-arkivet ved Nordmøre museum - er avslutta i Nordmøre tingrett, men ankefristen er pr. i dag ikkJe utgått. NRKs Synnøve Hole skrev om saka i går.

SKULEBILETE FRÅ NORDMØRE MUSEUM SIN BILETSAMLING

NRK-Journalist Øyvind Johan Hegstad har funne skattar i arkivet vårt


04.06.2014

KLARGJERING TIL SOMMERJOBB

FAK har nyleg kjøp inn eit par nye laptoppar, ein Epson-skanner (vår fyrste skanner!) og ein Nikon D800E. Dermed har vi dublisert delar av utstyrsparken og er teknisk sett klare til å ta inn to ungdomar til 3 vekers sommerjobbing. Det er stønad frå Norsk kulturråd, til arbeid med Mulvik-arkivet, som har gjort dette mogleg.


14.05.2014

FLEIRE PRESSEBILETE

Eksterne oppdrag har prega aktiviteten til FAK den siste tida. For 14 dagar sidan leverte vi 2500 digitaliserte bilete frå Flora i Sogn og Fjordane til Sogn og Fjordane (Fylkesarkivet i S&Fj). I dag fekk vi levert nye 1800 digitaliserte gamle pressebilete frå Sunnmørsposten til Sunnmørsposten. Det er kanskje 200.000 igjen. Men vi har ingen avtale om at FAK skal digitalisere alt....


07.05.2014

SUNNDAL I SØKAREN

Mulvik-arkivet vart presentert for kulturutvalet i Sunndal kommune i dag. Vi fekk god tilbakemelding på orienteringa og statusrapporten vår. Omlag 3000 bilete frå 300 ordrar er pr. dato digitaliserte (PP). På kvelden var det jubileumsmøte 1814-2014 på Sunndal bibliotek. Her presenterte fotoarkivaren arbeid frå tida som prosjektleiar for SEDAK: Samtlege møteprotokollar for Sunndal sidan 1864, inkl. møtebøkene frå dei gamle kommunane Øksendal og Ålvundeid er nå tilgjengeleg soem "blabøker". Ikkje det store frammøtet denne godverskvelden, men kjekt vi som var der. (PP)


22.04.2014

OM BILDA PÅ "MØREROM"

Møre og Romsdal fylkesbibliotek søkte og fekk i 2013 utviklingsmidlar frå Nasjonalbiblioteket for å legge lokalhistorisk materiale på nett. I samband med prosjektet har FylkesFOTOarkivet levert bilete til heimesida.

FAK ønsker at alle bilete som nyttast har link eller opplysninger knytt til seg. I samarbeid med  Fylkesbiblioteket har vi nå laga ei side med nr. informasjon til bileta.

 

Her er link til bileta :-)

 


15.04.2014

91 ØRSKOG-BILETE PÅ NETT

FAK skal ideelt sett kontrollere alle lokalt registrerte bilete og krysse av for "Kontroll arkivet" før dei vert "netta". Etter at lokal registrering er ferdig får vi melding som denne frå td. Ole Øystein Nybø i Ørskog Historielag 26. mars:

"No ser eg meg endeleg ferdig med seriane FAKf-1191 og FAKf-1153. Kan du godkjenne dei så berre legg dei ut."

Det tar omlag ein time å sjekke ut 20-25 bilete. Samlingane med lokalt nr. FAKf-1191 og FAKf-1153 inneheldt til saman 91 bilete som no er søkbare for alle.


05.04.2014

70 BRUKARKOMMENTARAR

Brukarkommenatrene for mars er redigert. Mars 2014 syner 70 bidrag frå 22 ulike brukarar. I 2013 var det over dobbelt så mange, 158 stk frå 43 brukarar.


23.03.2014

ÅRSMELDING 2013

FylkesFOTOarkivet si korte og lange årsmelding er språkvaska av folk som er meir stødig i nynorsken enn fotoarkivaren. Den korte versjonen er innlemma i IKAMR si offisielle melding. Den lange, dvs den er berre 4 sider, ligg berrre ut her.

Nokre tal:

Samla omsetning for sal av bilete og fototenester var i 2013 på kr 139.000 inkl. mva.

FylkesFOTOarkivet I TAL

31.12.2012

31.12.2013

Tilvekst 2013

Bilete i alt *

243 457

254 418

10 961

Bilete i nettbasen, internt søk

163 292

172 239

8 947

Bilete i nettbasen, publikumsøk

145 035

153 531

8 496

Av desse: Nordmøre museum

23 410

27 383

3 973

Brukarkommentarar

8 600

10 000

1400

Arkiv/samlingar under FAKf:

1 174

1 244

70

I omgrepet «bilete» meiner vi her negativ, glasplater og papirkopiar (reflekskopiar) eksklusive dublettar..

* Tal bilete FAK disponerer iflg. register. I tillegg kjem Sponlandarkivet med 60-70.000 glasplater, og omlag 150.000 bilete i fotografarkiv som ikkje er kvantifiserte og bilete frå eigen dokumentasjon. Samla tal bilete FAK disponerer er omlag 500.000.


08.03.2014

103 BRUKARKOMMENTARAR

Februar var ein bra månad med 103 brukarkommentarar. Ei kvinne toppar denne månaden med 33 bidrag. Det kom inn 137 bidrag på same tid i fjor. Vi trur vanskane med databasen er ei viktig årsak til nedgangen.


15.02.2014

FLEIRE PRESSEBILETE

FylkesFOTOarkivet har ekspressdigitalisert nye 1500 bilete frå Sunnmørsposten sitt arkiv (etter at Jan Rødset i DIS-gjengen laga eit praktisk vakumbord for oss!)  Teknisk sjef Jan Ove Steffenssen i SMP er her flankert av Christian Strøm til venstre og fotograf Cato A. Sterten i samband med at dei hentar det som vart digitalsert på eit drøyt dagsverk 20. og 21. januar 2014.

Christian og Cato skal i vår registrere og bilethandsame deler av det store biletarkivet til Sunnmørsposten. Førebeløs er det FAK som har stått for digitaliseringa.

Kor stort Sunnmørspostens sitt fotoarkiv er veit vi ikkje. Det vert no kvantifisert og ein reknar no ca. bilete pr. hyllemeter arkiv. Vi vert ikkje overraska om det er 100.000 positivar (papirbilete). Det velordna negativarkivet er minst 10 gongar større..... Dette vert førebels ikkje digitalisert.


23.01.2014

DATABASEN UTE AV DRIFT

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, som driv fotobasen for oss i Møre og Romsdal, har i ettermiddag og i kveld arbeidd med ein større  "hardware-migrering" på sffarkiv.no/webdb og sffbasar. Det meste vil fungere i løpet av kvelden :-)


22.01.2014

FOTOARKIV FRÅ SOGN OG FJORDANE

FylkesFOTOarkivet har starta prøveprosjekt med å digitalisere resten av fotograf Malvin Horne (1904-1962) sitt arkiv fra Florø i Sogn og Fjordane. Over 5000 bilete ligg allereie ute på nett i fotobasen til Sogn og Fjordane (Lokalt nr MNHORNE). Omlag 3000 negativ, glasplater og plastfilm, står att. Ekstrahjelp Sølvi får no opplæring i digitalisering frå A til Å og vert den som skal arbeide med prosjektet om vi finn fram til ei god løysing og ei grei økonomisk avtale.


16.01.2014

1990: INNFØRING AV DISELAVGIFT

Sunnmørsposten har invitert FylkesFOTOarkivet til samarbeid om oppbygging av ein digitaliseringsstasjon for pressebilete. I dag prøvedigitaliserte vi 200 bilete under tema 0270/Skatter.

Sunnmøre sin største avis har eit formidabelt arkiv. Førebels plan er å digitalisere det tematiske biletarkivet, positivarkivet. Dette er dei dagsaktuelle pressebilda som avisa brukte kvar einaste dag.

Arkivet innheld både dei kopiane avisa sine eigne fotografar og journalister tok og bilete frå pressebyrå som NTB (Norsk telegrambyrå). Alle bileta har arkivnr og referanse info på baksida.


07.01.2014

175 ÅR MED FOTOGRAFI !

... og et par hektiske dager med produksjon av jubileumsstoff til avisene....:

 


18.12.2013

360 Bilete frå Nordmøre Husmorskule

Primært var det 100 bilete knytt til Halsa Heimbygdslag vi skulle digitalisere saman Einar Oterholm. "På lur" hadde han 3-400 bilete frå Nordmøre husmorskule i bakhanda. Det vart ei lang førjulsøkt: "Fangsten" vart 100 bilete til Halsa Heimbygslag fordelt på 9 arkiv/samlingar. I tillegg vart alle 123 innramma skulebilda som hang på veggane på husmorskulen digitalisert. I tillegg to album med ca 240 bilete etter Sigrid Ulseth som var lærer ved husmorskule i 30 år. Husmorskulen heitte Halsa vidaregåande skule då den vart nedlagt i 2001


12.12.2013

Skorgevikboka

Etter ønskje frå utgjevar er Kjell Skorgevik si bok "Fotografer i Ålesund i glassplatenes tid" i dag teke vekk frå heimesida vår.

24.11.2013

Fotograhistorie

I dei første åra FAK var i drift vart det innsamla mykje fotografhistorie frå fylket. Fotoarkivaren var på vitjing hjå mange av dei pensjonerte fotografane i fylket. Dei uformelle samtalane vart presentert som statusrapportar med "Biografiske opplysningar i artikkelform" under fanen: "Fotografane i Møre og Romsdal". Eit døme på dette er biografien om fotograf Sverre Brudevoll frå Syvde i Vanylven kommune. Lydopptaka frå samtalane er i privat eige.

Fotograf Jan Gunnar Engvig (f.1944), 4. generasjon av Engvig-fotografane i Kristiansund, etterspør no ein kopi av opptaka FAK gjorde i 1997 med faren Jan Annathon Engvig (1914-2002, biletet, foto: RAL 1997). Jan Annathon skreiv historia om fotografslekta si då firmaet runda 100 år i 1975. Historia om fotografane i Ålesund skreiv Kjell Skorgevik i 1987.


17.11.2013

Nye dugnadsfolk!

To damer, som var innom oss på Arkivdagen, har meldt seg til innsats saman DIS-dugnadsgjengen. Ei av dei, Reidun Vinje Coallo, troppet opp sist tirsdag og tok fatt. Vi nytta høvet til å starte på ei heilt ny oppgåve; registrering av av Oksavikarkivet (FAKf-1230). Vi fekk arkivet for 14 dager siden, men arkivet manglar protokollar. Reidun må  difor starte med å bygge opp eit register gjennom avskrift av namn som står påført ordreposane med negativa. Det er frå 2 til 10 negativ (bilete) i kvar ordre. Vi starta med det eldste, kassa merka 1954.


11.11.2013

110 brukerkommenterer

Oktober er ein bra månad for brukarkommentarer. Gjennomgang i dag syner at det kom inn 110 brukerkommentarar. 12 av desse kom inn under "Arkivdagen" 2013. Samstundes melde to nye seg til dugandsteneste saman den "gamle" DIS-gjengen på tirsdagane. Bravo!


02.11.2013

Oksavikarkivet til FylkesFOTOarkivet

Fotograf Olgunn Oksavik (biletet) har avvikla fotografverksemda i Brattvåg i Haram kommune. I samband med dette har ho gjeve heile arkivet etter sin far, fotograf Sverre Oksavik (1927-2007), til FylkesFOTOarkivet.

Arkivet vart henta sist torsdag og er no plassert i FAK sitt klimamagasin ved Sunnmøre museum. Protokollane til arkivet er førebels ikkje funne. Arkivet er i hovudsak ordna etter årstalet bileta var tekne.

Den første utfordringa er å få arkivet registrert slik avi kan få ei søkbar liste over dei som tinga fotografering hjå Oksavik i perioden 1948 til 1989. FAK overtar no ansvar og servicen med å finne fram i arkivet og ekspedere tingingar til sjølvkost. Får vi dugnadshjelp til arbeidet kan delar av arkivet bli raskare og lettare tilgjengeleg.


28.10.2013

Speiderbilete til FylkesFOTOarkivet

Inger-Johanne Indrestrand, ivrig DIS-medlem og med 10 år bak seg i DIS-dugnadsgjengen var i si tid ei ivrig speidarjente og amatørfotograf. Inger-Johanne har no opna albuma sine og vil dele bileta med FylkesFOTOarkivet. Vi ser fram til registrering av speiderbilda etter at vi førre veke digitaliserte omlag 100 negativ som Inger-Johanne har teke godt vare på.


20.09.2013

Prosedyrar ved FAK

FylkesFOTOarkivet og heile IKAMR med 12 tilsette (6 nye siste år!) skal i haust utarbeide dokumentasjon for prosedyrar i arbeidet. Prosessen er initiert av styret for IKAMR. FAK har relativt lite formell dokumentasjon på korleis arbeidet vert utført. Å få systematisert rutinar og utarbeidd ei "nykkel" til FylkesFOTOarkivet vert helsa velkomen. Her skal vi sette opp nokre av spørsmåla vi vil formulere gode svar på og sette i "prosedyrepermen" vår.


19.09.2013

Velle- og Nerbøvikarkivet på nett?

Siste: Både Ørsta og Volda kommune er positive til å "bla opp noen lapper" for å få delar av arkiva etter lokale fotografar på nett. Nerbøvikarkivet frå Volda - FAKf-0330 - fekk FAK hand om i 2000, medan Vellearkivet kom inn i 2012. Bileta i Nerbøvikarkivet ("Gutten med røyken") vart digitaliserte i 2000-2001. Vi har planar om å få omlag 1000 av desse på nett. Digitalisering av Velle-arkivet - FAKf-1170 -  har nett starta, og venteleg vil vi få nokre 100 bilete på nett før jul.


26.08.2013

Tredobling av brukerkommentarane

Vi har i dag ajourførd brukerkommentarane som har kome inn i sommar, dvs. dvs. i skuleferien. I perioden 18. juni og 18. august fekk vi inn 236 brukarkommentarar mot 79 i same periode i 2012. Det er ein tredobling! Om vi skal "takke" den dårlege sommaran for auken, eller om årsaka er ein annan, tør vi ikkje seie noko sikkert om. Tala for sommaren 2011 var 185.


24.08.2013

Petrine Wiik på nett

I juni opna fotoutstillinga ".. - fotografistinden, assistenten og byen" på Jugendstilsenteret sitt 10-årsjubileum. En viktig del av utstillinga var 20 bilde  etter Petrine Wiik (1884-1990). Desse bilda, digitaliserte frå glasplater og negativ, er no tilgjengelege på nett under lokalt nr FAKf-0743. det er ca 400 fleir bilete i "arkivresten" etter Petrine, men mange er særs skadde. Ein del av desse skal vi prøve å legge ut i løpet av hausten. (Litt wiik-biografi fra vår gamle hjmeeside)


17.08.2013

FylkesfOTOarkivet i pressa

I sommer har FylkesFOTOarkivet fått  digitalisert avisklipp om FAK som mer eller mindre systematisk er tatt vare på siden oppstarten i 1996. I en usortert versjon er klippene samlet i en "blabok" og det er laget liste med hyperkoblinger over små og store nyheter om arbeidet. Lista finner du her.


29.06.2013

Bilde frå Sunnmørsposten

Politibilda frå Sunnmørsposten er no sjekka ut, kontrolleret og er tilgjengelege på nett. Lokalt nr. for desse er FAKf-1200. Dei ca 100 bilda inngår som ein viktig del av Sunnmøre poilitiforening sin fotosamling. Totalt er det 507 politibiletre på nett pr idag. Politisamlinga har Arkiv / samling nr: FAKf-100515


19.06.2013

Siste dugnadskveld

I går var det siste dugandskveld med DIS-gjengen før ferien. Seks pluss fotoarkivar fekk som vanleg ei god 3-timersøkt før kvelsdmat. Denne våren har 7 DIS-medlemmer delteke på i alt 12 dugnadskvelder, tils 70 "kveldsverk". Vi har prioritert etterarbeid med Sponland og Moa-arkivet, dvs. uferdige registreringar til bilete som ligg ute i databasen. Da vi starta var det 2143 Sponlandbildete med "Tekst mangler" i omtalefeltet, og heile 8800 Moabilete der vi ikkje hadde lage søkeord, berre "autoutfylt" motivlina. Gjengen har oppgrafert 1418 sv Sponlandbilda og 2563 ac Moa sine bilde.

I tillegg har to av DIS-folka tatt tak i brukerkommentarane og innført opplysingar til Sponland og Moa-bilder i  den søkbare delen av databasen. Her er det stadig stpre restansar.


12.06.2013

Kurs i fotoregistrering

Kurset i fotoregistrering i regi av Hjørundfjord sogeleg vart ei spennande og innhaldsrik dag i Bondalen grendahus. Kanskje litt for mange tema å "servere" på ein gong. Hovudvekta denne gong gjekk på det tekniske. 8 personar møtte. Sogelaget ønskjer - som sogeleg og DIS i Aukra - primært å skanne/digitalisere sjølv og registrere gamle foto i programmet Fotostation. Vi lova å kome attende til til eit meir reindyrka kurs i fotoregistrering til hausten.


06.06.2013

SEDAK i drift

Konsulent på SEDAK, Ottar A.B. Anderson organiserte webkurs i programmet CapureOne. Programmet er et nesten altomfattende program for logistikk og handsaming av bilete. Programmet effektiviserer ma. handsaming av store biletfiler.


05.06.2013

Kursdag i Aukra

Reise og info kurs om FAK og fotobevaring i Aukra. 10 personar møtte opp. Aukra ønskjer primært å skanne/digitalisere sjølv og registrere gamle foto i programmet Fotostation.


22.05.2013

Arbeidsbord på plass

2 heve-senkebord er no kome frå Grande Trevarefabrikk og skal motereast i arbeidslokale til FylkesFOTarkivet. Det har tatt tid å få på plass heile flyttelasset til FAK og finne ein høveleg og effektiv innreiing i dei nye arbeidslokale og samstundes vere rimeleg operativ. Men no begynner det å ta form.


04.05.2013

55 nye brukarkommentarar

Kvar månad går vi gjennom brukerkommentarane og oppdtaterer liste vi bruker nå vi skal oveføre bidrag til den nettbaserte delen av databasen. I april 2013 kom det inn 55 bruarkommentarer. Ingen stor månad, men alle monner drar. DIS-gjengen som har oppstarta dugnadene etter 2 år i "dvale" arbeider nå ma. med oppdatering av desse brukerkommentarane. Restanseane er store...


02.05.2013

120 nye bilete frå Ørskog historielag...

Ørskog Historielag og Ole Øystein Nybø lar oss ikke få mye pusterom. I dag kom han kjørende inn i Kirkegata 10b med nye 120 bilder til digitalisering og registrering. Vi har ikke lovet å gjøre de ferdige på en god stund enda...


01.05.2013

105 politibilder sendt til opplasting

Sunnmøre politidistrikt sin "historiske avdeling" og Jostein Solvoll har funnet mange bilder i Sunnmørspostens arkiv som de ønsker å innlemme i arkivet sitt og på nett sammen FylkesFOTOarkivet. Drøye 100 pressebilder fra farts- og promoillekontroller etc. ble i går sendt inn til Fylkesarkivet i SIogn og Fjordane fior opplasting og registrering i databasen. Politibildene har arkiv/samling nr FAKf-100515. 369 av over 500 bilder i samlinga er på nett.


28.04.2013

100 bilete frå Ørskog historielag

FAK har no "sjekka ut" omlag 100 bilete som Ole Øystein Nybø har registrert for Ørskog historielag. Samlingane er søkbare på nett under lokalt nr FAKf-1192 og FAKf-1193. Bildet: Dette skal ha vore den første motorsykkelen som kom til ørskogbygda. Den vart kjøpt av Olav Sjøholt (1895-1974) på Myrane gard som her har fått tremeningen sin, Aslaug Regine Lande (1911-1996), på fanget. Sykkelen gjekk under namnet symaskina, og vart seinare seldt til Ole Hatlen. Registreringsnr. T-62.Trapp og bygning i bakgrunnen. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) Eigar/utlåna av: Bjarne Sjøholt (FAKf-1192.00022).


26.04.2013

Arbeid på Nordmøre museum

Ekstrahjelp har siden i høst arbeidd med bileta etter fotograf Claus Monge (aktiv periode: 1939-1978). Alle oppdrag frå 1946 til 1951 er pr. idag ferdig digitaliserte. I hovdsak er dette eit portrettarkiv med tradisjonelle bilete som av omsyn til personvernet ikke kjem på nett på mange år.


14.04.2013

Fotomøte i Halsa

Halsa Heimbygdlag arrangerte i dag fotokveld. Med Einar Oterholm i spissen skal "Torvik-bilda" fra perioden 1958-1951 på nett og registrerast. I alt det 447 negativ ca 6x9 cm i samlinga, eller arkivresten. Torvik har "Lokal signatur" FAKf-0304. Kun fem bilete er på nett dag, men 60 andre Torvik-bilete frå andre kommunar er frå før registret og på nett.


26.02.2013

"Portrett, mann, tegnestifter, (Opplasta 24.02.2013)"

2243 bilete etter fotograf Peder Halås (1912-1978) er nettopp lasta opp i nettbasen. Men mange av desse får du ikkje sjå... I arkivet etter Eide- og Tingvollfotografen Halås er det mange personbilete tekne mellom ca 1935 og fram til 1960. Personvernet gjeld i 15 år. Utan avtale med dei avbilda eller etterkommarane kan vi ikkje legge bilda på Internett.

Bilete av meir almenn karakter, gruppebilete etc. vil etter kvart ligge ute under lokalt samling KMb-2012-018. Pr. i dag finn du 24 uregistrete bilete frå arkivet på nett som døme. Prøv eit søk på "tegnestifter" i fritekstfeltet! Det er Nordmøre Museums som eig bilda etter at fotoentusiast og pensjonert journalist Stein Sættem hausten 2012 ga arkivet til museet. Det er ikkje protokoll til arkivet, men namnelapper låg saman mange av bilda. Nordmøre museum er i gang med registreringa. Det er ekstrahjelp ved museet som har digitalisert, ompakka og ordna arkivet i samarbeid med FylkesFOTOarkivet.


19.02.2013

Fotograf Martin Velle (1905-1989) sine protokoller ble levert til SEDAK-senteret for digitalisedring. FAK mottok negativarkivet etter Ørstafotografen  i 2012. Arkivet var gåve til FAK frå fotografen sin barn v/ Roar Velle. Biletmaterialet er i hovudsakfrå Ørsta og omegn.


18.01.2013

Digitalisering av politibilete, bilethandsaming av Storegjerdebilete (ny sjekk/finpuss før opplasting av 2000 bilete), opplasting av 400 Williamsbilete frå Nordmøre museum, overøring av 5TB data til ny arbeidsstasjon ferdig idag (!), utpakking av flyttekasser og innreiing av nytt kontor i Kirkegata 10 pågår i heile januar.


09.01.2013

Foto: Ragnar H. Albertsen (RAL)

FylkesFOTOarkivet arbeider på Nordmøre museum

Finn André Flor (tv.) og Toribio Plaza II har sidan høsten 2012 arbeid intensivt med digitalisering av fotograf Klaus Monge sitt arkiv. Monge var portrettfotograf i Kristiansund og starta opp i 1939. Arkivet spenner over meir enn 30.000 oppdrag og går fram til 1978.

Fotograf Jan Gunnar Engvig kjøpte arkivet for fleire tiår siden. I 2012 ga han arkivet til Nordmøre museum.

FylkesFOTOarkivet følgjer opp karane og er fagleg ansvarleg for arbeidet. Monge-bileta som ikkje er kjem i konflikt med personvernet vil etterkvart bli tilgjengelege på nett under lokalt nr KMb-2012-18.

Arbeidet med billedbehandling og klargjering av fotograf Williams sitt arkiv til nettet held fram parallelt. Totalt er det i dag 164 Williamsbilete på nett. Sjølve Williamsarkivet har lokalt nr KMb-2008-053 og inneheld i underkant av 15.000 arkivnr./fotooppdrag. 89 av bileta, i hovudsak bybilete i fargar, er tilgjengelege på nett.