Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal

FAK-Statistikk 2012

Databasen med FylkesFOTOarkivet (FAK) sine bilete driftast av Fylkearkivet i Sogn og Fjordane.
FAK betaler ein stk-pris for kvar bilete vi lastar opp.
Vår policy har vore å legge ut bilete i enkelt prøvekvalitet og utan at bileta treng vere ferdig registrerte.
I den interne del av nettbasen har vi eit "Statusfelt" som seier noko om kor langt vi er komne i registrering.
 
For FAK-bileta utanom Sponlandarkivet er status ved årsskiftet 2012-2013  slik:
115 265:  I alt
61 656 "Foto oppretta"
30 187 "Under arbeid"
13 960 "Ferdig handsama"
6 691 "Kontroll arkivet"
2 771 "Anna..."
 
Gjennom brukarkommentarar - nettdialogen med publikum - kom det inn nye opplysningar til 742 bilete i 2012. Ein av dei store bidragsyterane har vore og er Oddvin Hoff på Ellingsøya i Ålesund. I fleire år har han skrive inn og sendt inn nye opplysningar. Meir enn 800 bilete har no Oddvind Hoff sin "signatur" som informant. I alt har det kome inn nye opplysningar til omlag 6.000 bilete! Britt Walle Ekroll i Ålesund har også i 2012 jamt og trutt og heilt frivillig kontrollert og overført brukarkommentarar til den søkbare delen av databasen.