Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal

Musea

Om foto og fotobevaring på musea i Møre og Romsdal

Stiftinga Nordmøre Museum

FylkesFOTOarkivet har sidan 2007 arbeidd med ordning og digitalisering av fotosamlingane ved Nordmøre Museum. Under lokal signatur KMb kan du  søke opp 17 028  nordmørsbilete i nettbasen til FylkesFOTOarkivet (pr. 01.08.2014). I alt er ca 60.000 bilete/negativ ved Nordmøre Museum digtaliserte. I tillegg har FAK arbeid med bilete for Stiftinga Nordmøre museum sine avdelingar; Rindal bygdemuseum, Smøla museum og Sunndal bygdemuseum

Stiftinga Romsdalsmuseet

Romsdalsmuseet har store mengder fotografiske kjelder. I hovudsak har Romsdalsmuset ordna med regisrering og digitalisering av samlingane utan bistand frå FylkesFOTOarkivet. Museet sine registrerte og digitaliserte bilete er tilgjengelege ma. gjennom "Digitalt Museum"

Stiftinga Sunnmøre Museum

Foto og fotobevaring under SSM er særleg knytt til arbeidet FylkesFOTOarkivet og DIS har gjort med fotografarkiva på Aalesunds museum fram til 2011. (Sponland-, Moa- og Simonnæs-arkiva).  SSM si eiga fotoregistrering og digitalisering formidlas gjennom "Digitalt Museum".