Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal

Fotografar i Møre og Romsdal

FOTOGRAFAR SOM VAR     -     FOTOGRAFAR SOM ER  -   Vårt nasjonale fotografregister

"Det begynte med en sølvplate" - 150 av 175 år med fotohistorie

2015: Nytt og aktuelt:

DIS-gjengen og FAK arbeider parallelt med arkiva etter fotograf Håkon Haug (Ålesund), fotograf Sverre Oksavik (Haram) og fotograf Martin Velle sitt arkiv (Ørsta). Ved årsskiftet var nær halve arkivet til Håkon Haug og Oksavik registrert og noen tusen negativ i desse arkiva er digitaliserte. Den elektroniske protokollen til Velle er ferdig og noen tusen negativ er digitaliserte her også.

Utanom arbeidet til DIS-gjengen vil FylkesFOTOarkivet i 2015 prioritere arbeid med fotografarkivet til Magne Mulvik i Sunndal. Dokumetasjon av fotografhistoria står også høgt oppe på prioriteringslista.

2014: Nytt og aktuelt:

DIS-gjengen arbeider parallelt med registrering og digitalisering av arkiva etter fotograf Håkon Haug (Ålesund), fotograf Sverre Oksavik (Haram) og fotograf Martin Velle sitt arkiv (Ørsta). Ein del av Velle sine premiebilete ligg på nett under lokalt nr. FAKf-1170.  

2013: Nytt og aktuelt:

Sunndal kommune kjøpte i 2011 Fotograf Magne Mulvik sitt fotoarkiv. FylkesFOTOarkivet har i løpet av 2013 henta arkivet og begynt digitaliseringa. Det er utarbeid avtale slik at arkivet vert deponert og oppbevart i FAK sitt klimamagasin ved Stiftinga Sunnmøre museum. I 2014 fekk FAK kr 80.000 frå Norsk Kulturråd til arbeid med Mulvik-arkivet.

Mulvik-arkivet fekk arkivnr. FAKf-1190 under FylkesFOTOarkivet

Arkivet har to seriar: Ein uteserie merka "U", og "Portrettserien" med barne-, familie-, bryllaup-, konfirmantfoto etc., etc.

Fotoarkivet inneheld negativ i ulike filmformat, svart/hvitt og farge og ein del dias. Det er ganske vanskeleg å kalkulere stk.pris og tidsbruk ved digitalisering av Mulvik-arkivet.

Å overta eit fotoarkiv av litt nyare dato inneberer ein betydeleg serviceplikt:
Når kunder tingar kopiar frå arkivet må negativ finnast fram og digitaliserast, og ofte må ein gå til kommerisell fotograf for å få lage kopi.
Prisen vert fort kr 500 for en 20x25cm kopi.

FAK vil tilby å administrere denne type formidling. Prisen på kopiar av bilete vil bli omlag den same pris ein betaler for kopi hos ein fagfotograf.

Overtaking av nyere fotoarkiv er utfordrande ma. fordi ein må pårekne tid ekspedering av tingingar mm.

FAK har pøvedigitalisert ordre U-1, U-201, U-321 og U-451

FAKf-1190.0001 –  9x12cm  (el. 4”x5”) sv

FAKf-1190.0201 -  6x6cm sv

FAKf-1190.0321 – 35mm farge

FAKf-1190.0451 – 6x6cm farge og sv