Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal

Fotojuss

FOTOGRAFI OG ÅNDSVERKSLOVA
 
Fotografi er rettsleg beskytta i Åndsverkslova, men fotografi er ikkje utan vidare åndsverk.
Hovudregel er at vernetida for fotografiske bilete gjeld i 15 år etter fotografen sin død, eller 50 år fra utløpet av det år biletet vart laga.Det som inntreffer sist gjeld. Den som eig det fysiske biletet eller negativet bestemmer bruken av sitt eksemplar når vernetida er utgått.
 
FylkesFOTOarkivet i M&R (FAK) har som hovudregel einerett til kommersiell utnytting av alle bilete FAK leverer
Den som tingar bilete frå arkivet, forplikter seg til å følgje dei avtaler som muntleg eller skriftleg er inngått i samband med tinginga.
FAK tillett ikkje, utan særskild avtale, å kopiere bilete frå databasen eller digitalisere tinga bilete for lagring i offentlige tilgjengelege eller kommersielle dataarkiv.
 
Fotografi er frå 1995 beskytta i Åndsverkslova. Men også den gamle fotolova hadde klare formuleringar om at fotografi ikkje måtte gjerast offentleg utan å oppgje kilde. I klartekst betyr det at fotografen sitt namn skal stå i direkte tilknyting til all offentleg bruk av bilete. FylkesFOTOarkivet krev i tillegg at utlånar/arkivreferanse skal oppgjevast.
Låner FylkesFOTOarkivet ut et bilete skal det ved offentleg bruk stå:
Foto (event. fotograf): Navn (event. "Ukjent" om en ikke vet  hvem som har tatt bildet)
Arkiv: FylkesFOTOarkivet i MR. Det er vanleg at namn på eigar av originalen følgjer bruk av kopien.
 
 
Merk:
- Arkivfotografi og negativer lånes ikkje ut
 
FAK DRIV IKKJE KOMMERSIELT
Leveringstida styrast av pågående prosjekt og det personale FylkesFOTOarkivet disponerer. Vanleg leveringstid av bilete på papir er ca. 1 mnd.