Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal

Sogelag i Møre og Romsdal

Litt om foto og fotobevaring i sogelaga i Møre og Romsdal

Sogelag FylkesFOTOarkivet aktivt samarbeider med i 2013 og framover med vert omtala på denne sida. Den "gamle" oversikta finn du her.

Elles er det stor foto-aktivitet i mange sogelag i Møre og Romsdal utan at FAK samarbeider om registrering, digitalisering eller formidling.

 

Sande sogelag Frå siste tilvekst i Storegjerdesamlinga, Sande Sogelag

Mangeårig samarbeid med Sande sogelag om digitalisering av fotograf OLAF A.K. STOREGJERDE (1879-1958) sitt glasplatearkiv (7365 bilete).
Digital videodigitalisering starta allereie hausten 1999. Seks personar var med på første dugnadsøkt og digitalisering med DV-videorepro av dei 400 første glasplatene. Arkivet/samlinga har lokalt nr. SASf-001. (Bilete: SASf-001.6059). Delar av arkivet er redigitalisert. Nesten 2000 nye glasplater vart funne i 2011. Desse vart digitalisert på dugnad i nov. 2012. Storegjerdearkivet, eller Storegjerdesamlinga som den gjerne kallast, er det største og viktigaste fotoarkivet vi har frå søre Sunnmøre. (RAL 6.1.2013) Les om siste digitaliseringa i Vestlandnytt!


Stranda sogelag

FAK og Stranda sogelag har samarbeid sidan hausten 1998. Nesten 5300 bilete er registrert og digitalisert, men "berre" 2463 bilete er på nett pr. juli 2013. FAK har digitalisert 353 bilete for Stranda sogelag i 2013.


Ørskog Historielag

Mangeårig samarbeid med Ørskog Historielag starta våren 1999 og held fram i 2013 med 150-200 nye bilete. Pr. juli 2013 har vi til saman registrert nesten 1300 bilete frå 60 eigarar/samlingar/arkiv. i Ørskog. På nett i dag er det 1087  bilete som er adressert til Ørskog kommune. Primus motor i fotoregistreringa dei siste åra har vore Ole Øystein Nybø. Tore Gjære leia fotoarbeidet i Ørskog Historielag dei første åra.