Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal

Hovudside

FylkesFOTOarkivet ein del av IKAMR

Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal

(Sist oppdatert 09.09.2016)

Nytt frå FylkesFOTOarkivet....... 

Ikkje gløym å lese nettutgåva av boka: "Fotografer i Ålesund i glassplatenes tid"

 

09.09.2016

SØK 1516 BILETE AV MARTA!

Endeleg kan du nå søke på namn i den nye databasen! Nede til høgre, kanskje litt lite synleg i søkeskjema kan du nå skrive namn og søke. Det betyr også at dei flotte namnakarta Jostein Nordvik i Syvde har laga til mange av Storgjerdebilda no kjem til sin rett.

Marta Myklebust Røys står som nr 23, aller bakerst til høgre på biletet av Syvde kvinneforening. Marta M. Røys vart med det Marta nr 1516 i databasen! Biletet til høgre ei av 193 Martaer som Sponland fotograferte.

Ja, Sponlandarkivet er ei utømmeleg kjelde til portrett, frisyrer, hattar, bartar, og klede oppe og nede for 100 år sidan. Samme kva vi gjer går vegen nesten alltiid via salige Johannes sitt arkiv.


04.09.2016

"OPP I HALSEN!

DIS-gjengen har begynt på sin 16. sesong som dugnadsgjeng under FylkesFOTOarkivet. Dei starta høsten 2000, men hadde to års "pausepermisjon" i 2010-2012. Gjennom 15 år har dei brukt tirsdagskveldane til digitalisering og registrering av portrett, familie- og gruppebilder frå Ålesund og sunnmøre. Det har blitt ei stor kjelde særs mange har kunne hauste av gjennom nettbasen vår.

Denne høsten arbeider gjengen med sin eigen jubileumsutstilling "Opp i halsen". Vi skal velje ut bilder av personar med smykker og sjal, krager og klaver, slips og sløyfer og anna pent og pynt brukt "opp i halsen".

Vi er i oppstartsfasen og veit ikkje heilt kor stor eller korhen utstillingen skal være. Målet er å ha den ferdig før jul. Dugnadsresultatet på desse åra er over 130.000 digitaliserte glassplater og negativer – dei fleste tilgjengelige for alle som vil inn og kikke og søke navn i nettbasen. eksempelbildet er frå Knut Fylling sitt arkiv i Sula. Delar av arkivet skal på nett i løpet av hausten - og DIS-gjengen skal registrere.


20.08.2016

HANDVERK ELLER MANIPULERING?

Søndag er det "Fotografiets dag"Preus museum i Horten. FylkesFOTOarkivet har i samarbeid med IFF-Institusjonsfotografene lage ei utstilling til den store norske fotodagen. Tema for utstillinga er "Handverk eller manipulasjon". Kva gorde dei før - kva gjer dei no?

Fotografhandverket er dramatisk endra i løpet eit par tiår. Før brukte dyktige handverkarar kunnskap og røynsle, blyant, lakk og pensel, og ikkje minst tid på retusjarbeid. (korrigering og restaurering av gamle bilete). Omgrepet «Eit bilete kan ikkje lyge» vart oppfatta som sant. I dag blir arbeidet utført heildigitalt og ein seier «Eit bilete kan lyge om alt»!  Kva er lov og kva er ikkje lov med omsyn til endring av gamle og nye bilete? Her kan du sjå utstillinga og døme frå arkivet vårt - liten og stor versjon.

På Kulturminnedagen for 18 år siden, i 1998, laga FylkesFOTOarkivet ei stor utstilling om temaet. Der "duellerte" fotograf Einar Sødahl (1915-2009) i Rauma mot Karl Helge Skytterholm i ålesundsfirmaet IMAGINE AS


15.07.2016

20 ÅR MED FYLKESFOTOARKIV

I juli 1996 vart FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal etablert. Gjennom 20 år har vi motteke 1278 arkiv og samlingar med meir enn 500.000 bilete. Omlag 250.000 er digitaliserte og 170.000 av desse er på nett under foto.fylkesarkivet.no (160.000 i den gamle basen under fylkesfoto.no)

Bjørlykkearkivet frå Haram - lokalt nr. FAKf-0001 - var det første fotoarkivet vi mottok. Arkivet inneheld 1737 bilete som glasplatenegativ i 8x12 cm. Dei fleste av bileta ligg no på nett i nybasen under ID FAKf-100656. Nesten alle er identifiserte. Ekstrahjelp arbeider akkurat no med oppdatering av opplysningane i databasen.

Før jul skal alt vere ferdig, - og det er på tide! Det er eigentleg forunderleg at det har teke 20 år å få arkiv nr 1 på nett. Her kan du lese biografien om bygdefotografen Elias Bjørlykke fra Samfjord i Haram, ein litt utadtert fotografbiografi vi skreiv i 1997...


10.06.2016

SEKS SJUKEHEIMSBILETE

Nicolai Bjørge (1896-1987) var pasient nokre år på Reknes sanatorium i Molde ca. 1914. Han hadde med seg fotoapparatet og tok bilete av medpasientane. 

Nicolai fekk tuberkulose før han var 20 år. Han vart frisk og gjekk seinare på Ulvestad handelsskule i Ålesund. Nicolai starta butikk i 1919 på Bjørge, på stabburet i Nilsgarden på Ellingsøya i Åleund. Han bygde hus i 1932, flytta inn i 1933 med butikk i kjellaren. For FylkesFOTOarkivet er dei seks bileta vi har fått låne av dottera Grete Bjørge Eidem på Ellingsøya i Ålesund nokså skjeldne, sjølv om de er bleika og nokså svake teknisk sett. Bileta finn du i "nybasen" foto.fylkesarkivet.no

FAK har fått låne fleire bilete Nicolai Bjørge har teke, både negativ og positivar. Desse vert digitaliserte til hausten under same lokale arkivnr. FAKf-1278.


27.05.2016

DRA TE MO, DET GJORDE VI!

24.-26. mai var det nettverksmøte for fotoarkivarar og "fotobevarere" i det omlag 30 personar store nettverket i Norge. Vårmøtet i Mo i Rana opna med omvising på Rana museum av formidlingsleiar Cecilie Kristine Johansen (biletet). Utstillinga JERN var og er for ein stor del basert på fotografia til Ole Tobias Olsen (1830-1924), Nordlandsbanens far og fotopioner.

Det formelle møtet innheldt diskusjonar og innlegg om tilgjengelegjering av fotografi, innføring i registrering på kulturNAV og innleiingar som td. «Kva skjer med fotografia når dei er falt i det fri?". Nettverket har prosjekt med med kartlegging av serier av masseproduserte dias mm., og det var innspel til og litt planlegging av den nasjonale fotobevaringskonferansen i Oslo i oktober. Der blir temaet "Portrett".

Nettverksmøtet er ein viktig møtestad for institusjonar som FylkesFOTOarkivet. Som hos oss er det mange andre som til vanleg er aleine i det daglege arbeidet med fotobevaring. Møta er viktige for å få faglig påfyll og diskutere problemstillingar. Sjølvsagt ga vertskapet med Kristin Aasbø oss ei flott omvising på Nasjonalbiblioteket, med særlig vekt på fotoseksjonen.


16.05.2016

EIT UVANLEG BRA 17. MAIBILDE!

FylkesFOTOarkivet ynsker alle ein flott 17. mai 2016 med dette bilete frå feiring på Liabøberget i Oppdal i 1942, gnr.141.001. Personane på bildet: Frå venstre: Brødrene Magne Liabø, Ingebrigt Liabø og Sigurd Liabø. Magne og Sigurd med gitar, Ingebrigt med fele. "Et uvanlig bra 17. maibilde" skreiv informant Astrid Sæteren i ein brukarkommnetar til oss 13. februar 2016.

FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal har mange bilete tekne utanfor Møre og Romsdal. Dette er henta frå Sunnadal kommune si samling som vi digitaliserte frå reprofilm i 2002. Samlinga inneheld mange bilete frå Oppdal, men kvaliteten er skiftanda. Fotogfraf og eigar: Ukjend, SU-0095.00200


20.04.2016

BESØK FRÅ FYLKESARKIVET I OPPLAND

Tysdag fekk DIS-gjengen storfint besøk av Pål Mjørlund og Tormod Holdbrekken frå Fylkesarkivet i Oppland. Å få helse på, og sjå på arbeidet til den stabile dugnadsgjengen ved FylkesFOTOarkivet, var eit viktig punkt på programmet då Pål og Tormod vitja oss i Kirkegata 10b.

Tysdag og onsdag denne veke var dei på studietur til FAK, IKA og SEDAK for å sjå nærare på prosessane vi nyttar til digitlisering av glasplater, negativer, positiver og prosedyrane vi har utvikla, - så langt vi fekk tid til. Kveldsøkta med DIS-gjengen var ein viktig post på programmet. Biletet: Torunn fann skulebilete i samband med registrering av Nerlandbilete frå Sula. Frå venstre: Kirsti, Kari, Marit og Berit måtte bort for å sjå! FAKf-0800.00001, Foto: Ragnar H. Albertsen.


04.04.2016

Synd, men sant:

FOTOARKIV TIL SALS...

"Pladen opbevares" sto det bak på bileta i gamle dagar. Vi har vore stolte av yrket vårt i fotograffaget i Møre og Romsdal fotograflaug (MRFL) siden det vart skipa i 1917. Fotografane sin argumentasjon for å bruke lokal fotograf har ma. vore at arkiva har vore tekne vare på for ettertida. Tidene og lønnsemda i næringa har endra seg, særleg for portrettfotografane. Folk teke greie bilete sjølv. På godt og vont har bilete vorte meir som bruk og kast, enn minner for og til bruk for etterida.

I førre veke kunne vi lese i gratisavisa "Nytt i uka" i Ålesund at fotograf til Sissel Haug Strømmen (biletet er teke av faren Håkon) sitt arkiv i Ålesund var til sal. FAK har tilbudt selgjaren same pris som ho hadde betalt for arkivet i 2012 då Sissel døydde etter eit kort sjukeleie. Vårt argument var å bevare og sikre arkivet for ettertida, og at vi allereie hadde overteke Sissel sitt svart/kvitt-arkiv med bilete tekne før 1975, og heile arkivet etter faren Håkon Haug i Ålesund er berga. Vi fekk ikkje tilslag for å forvalte kanskje Ålesunds mest barnekjære fotograf sitt arkiv frå siste generasjon. Vårt argument om å overta fargearkivet og tilby like god service til publikum vart ikkje lytta til. Seljarens argumnent er at fleire av Sissel Haug Strømmen sine kundar ynskte å kjøpe ordreposane med negativa etter Sissel, og at forpliktelsene ligg like mykje i å høre på kundane sine ønsker enn våre, og at det vegar tyngst.

Kva hadde vore igjen av Johannes Sponland sitt arkiv om ikkje Aalesunds Museum fekk det for 60 år sidan?


21.03.2016

GOD PÅSKE !

Vi les i avisa at tradisjoen med "bortoverski" og flate vidder er utgåande for folket i fjellheimen, sjølv i påsketida. Nå gjeld berre toppturar og dristige utforkjøyringar i moteriktige sportsklede skreddersydde for turar til nord- eller sydpolen. Ting er ikkje kva dei var, noko vi lett kan sjå av påskebiletet i år.

Biletet er eit tilfeldig, men herleg val. Kven dei er damene veit vi ikkje. Kor biletet er teke veit vi heller ikkje. Det einaste vi veit er at det dukka opp i ei "forundringskasse" vil på impuls kjøpe på antikvariat i haust, hos han Brunstad i Sykkylven. Kassen synte seg å innehalde mykje spanande, men det meste med ukjend opphav.

Meir frå forundringskassa kjem seinare ! GOD PÅSKE!


25.02.2016

NERLAND PÅ NETT

Ny database tek form under https://foto.fylkesarkivet.no . For oss som administrear er høvet til å laste opp nye bilete for registrering det viktigaste. Førre veke lasta vi opp 2300 bilete etter fotograf Olav Nerland (1913-2008) som budde på Eidsnes i Sula kommune.

Diverre er brukargrensesnittet på "nybasen" langt frå ferdig. Ma. må du søke på eitt og eitt bilete utan å kunne bla vidare på søket. Du får førebels berre motivlina fram når du søkjer, ikkje bilete. Men han Lars held på å ordne det :-)

Arbeidet med Nerlandarkivet starta for 14 år sidan i samband med Sulasoga. No startar DIS-gjengen med registrering av bileta. Nerland har ein stor produksjon av klassebilete bak seg. Det er bilete frå 1950 og 60-åra, då han nærast hadde monopol på skulefoto mellom Nordfjord og Romsdalsfjorden.


06.02.2016

NYE VISNINGSIDER FOR FOTO

"I dag, kl 12:45, vart prosessen med å overføre dei siste 31.039 fotofilene frå WebDb til vårt nye webarkiv for foto ferdig. Dette betyr at alt vårt webinnhald for foto no er å finne på https://foto.fylkesarkivet.no/." skriv IT-arkitekt Lars Berg Hustveit ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i ein epost til oss. "I samband med dette har Fylkesarkivet i dag fått nye visningssider for publiserte foto. Visningssidene har fått eit enkelt og reint design og er i første omgang basert på dei gamle visningssidene. Alle visingssidene er også responsive som betyr at dei tilpassar seg skjermstørrelsen på mobil, nettbrett og PC. Dette markerer passeringa av ein stor milepæl for foto. Saman med våre samarbeidspartnarar på fagområdet er vi i ferd med å bevege oss ut av ein vanskeleg situasjon prega av utfordringane som utdatert teknologi medfører.

For oss og brukarane er endringane spennande, - etablerte rutinar må endrast. Endringane utad er førebels mest markante ved visning av stort bilete. Teksten "stort bilete" virkar ikkje, - ein må trykke på bilete med PC-musa eller bruke fingrane på smarttelefonen for forstørring.



28.01.2016

PERSOVERNDAGEN OG PERSONBILDA

Teknologirådet og Datatilsynet held kvart år eit arrangement om personvern på den internasjonale personverndagen i dag den 28. januar.

FylkesFOTOarkivet har store utfordringar mht. publisering og bruk av alle dei personbileta vi og DIS-gjengen digitaliserar. Ikkje minst er dei nyare arkiva etter Sunnmørsfotografane Velle- , Haug- og Oksavik døme på dette.

Vi vil etterkvart legge mange av bilda i basen slik at ein kan søke på namna. Biletet som då kjem fram vert ein informasjonsplakat som fortel kvifor vi ikkje kan syne fram biletet. Får vi ein praktisk ordning på korleis v i kan få inn løyve, kryssar vi av i basen for "Vis Portrett"

Vi har nytta "dummyen" (til irritasjon for mange) i fleire år allereie når ordet "Portrett" finst i motivlina og biletet er teke etter 1950.

Personvernlova er slik at vi må ha løyve frå avbilda person om vedkommande lever, eller løyve frå familien om det er mindre enn 15 år sidan personen døydde.

Dømet -"Så stor" - er henta frå ein barnefotoserie i arkivet etter fotograf Sverre Oksavik, Brattvåg i Haram. Biletet er teke 24. august 1959. Dei 8 negativa i 9x12 cm vart digitaliserte sist tysdag. Dette biletet har fått nr FAK-1230.00973_05.

Får vi kontakt med jenta, som no er ei vaksen dame ca 57-58 år, og får løyve, skal vi syne fram heile den fine serien!


08.01.2016

"MISJONSALIANSENS - MUSIKKLAG 1941"

Ein del av statusen ved årsskiftet er at vi kan notere god framgang i arbeidet med arkivet etter Ørstafotografen Martin Velle (1905-1989). Omlag 170 unummererte negativ og vart digitaliserte før jul. I hovudsak var dette glasplater. Mellom desse fann vi ein del musikkgrupper Velle har fotografert. Dømet er Misjonsaliansens musikklag frå 1941, FAKf-1190.UN256. Biletet vart brukt I Ørsta-album 2 (side 97) med full namnsetjing, opplyser Jostein Mo.

Straks den nye biletbasen kjem på lufta (framleis usikkert når....) vil vi laste opp Vellebilete og skipe til ei lita utstilling og arrangement i Ørsta.

Det er i første rekkje DIS-gjengen som har arbeid med Vellearkivet dei siste to åra. Totalt ulike biletfilar ha no passert 7000. Arbeidet med Vellearkivet har prioritet i 2016 og Ørsta kommune bidreg økonomisk til arbeidet.


24.12.2015

GOD JUL OG GODT NYTTÅR!

Med eit julebilete vi har brukt før, men som er så bra at vi gjerne brukar det oppatt, ynskjer FylkesFOTOarkivet alle ein God Jul og eit godt nytt år. Vi vonar 2016 vert eit år med mange nye bilete i databasen.

Vi takkar samstundes for omlag 1000 nye brukarkommentarar i året som gjekk. Desse vert oppdaterte i basen når ny database kjem i drift i 2016.

Biletet  er teke av fotograf Eckroll Stamsvig i 1905 og er nr 1513 i "Sponlandarkivet." ved Aalesunds Museum. Kven gutane er veit vi ikkje, men biletet er tinga av Morten Fladmark. (AM-95003.001513)


04.12.2015

"TRUDDE DET GJORDE VONT"

Milly Asphaug fortel ho var 8 år då dette bildet vart teke av fotograf Henrik Fjelle i Rindal i 1933. Ho står heime i gangen på Asphaug. Fotografen brukte eit teppe til bakgrunn. Kvifor ho var så alvorleg på biletet? Jo, ho var redd for at det gjorde vondt! (sjå brukarkommentar til bilete FAKf-100746.291045)

Milly var ei av dei frammøtte då Anne Skjølsvold ved skimuseet hadde plukka godbiter frå fotograf Henrik Fjelle (1902-1992) sitt arkiv som ho presenterte for eit interessert publilikm. Milly, no 90 år gamal, vart overraska over å sjå seg sjølv på skjermen, sjølv om ho aldri har likt biletet. Vi var heldige som fekk historie knytt til biletet"

Det var i førre veke FylkesFOTOarkivet vitja sitt geografiske ytterpunkt og ansvarsområde. Nesten ni timer vart det på Rindal skimuseum før arbeidsdagen var over. Den nye databasen, innlogging og opplæring i registrering sto på planen før det var åpent møte på kvelden. På nyåret blir det kurs i namning og nummerering av gruppebilete.


24.11.2015

SKIPSARKIV MED DIMENSJONAR

IKAMR sin arkivar Åsta Vadset har ordna store delar av A.M. Liaan AS sitt arkiv i Ålesund. Det tradisjonsrike skipsverftet har teke vare på historia på ein særs god måte og investert i profesjonell ordning og registrering.

Nytt arkivprosjekt, støtta av Riksarkivet, er på beddingen. Ordning av arkivet etter Ålesund Mekaniske Verksted, og tilgjengeleggjering av skipsteikningar etter A.M. Liaaen AS er ei stor utfordring. I kjølvatnet av dette kan det bli aktuelt med digitalisering og registrering av fotografi knytt til Liaan sin 150-årige historie.

Mandag var det møte og orientering. Nils J. Liaaen i A.M. Liaaen AS tok i mot halve staben frå IKAMR. På nyåret i 2016 skal FylkesFOTOarkivet møte fotogruppa knytt til verftet.


13.11.2015

VELKOMEN!

Laurdag 14.november opnar IKAMR dørene for publikum i høve Arkivdagen 2015. Vi byr på eit spanande program!

Program:
12.00-12.15: Velkomen ved dagleg leiar
12.15-13.15: Føredrag ved Per Ole Reite «Sunnmørske koloniføretak i Sør-Afrika»
13.15-13.45: Føredrag ved Gunnar Morsund om kjelder til slektsgransking

Tilgong til originalkjelder med tema migrasjon
Fotoutstillinga «Grenseboarbevis frå Aure»
Digitalisering av arkivmateriale
Søk etter slektningar
Søk i kulturdatabasar
Omvisning i magasina

Enkel servering - Gratis inngang


02.11.2015

2453 GRENSEBOARBEVIS

«Grenseboarbevis» var legitimasjonskort som dei tyske okkupantane innførde i 1941. Praktisk talt alle vaksne personar over 15 år busett i Norge måtte under andre verdskrig ha eit slikt legitimasjonskort.

Fotografane, profesjonelle som amatørar, fekk brått mykje å gjere. I Aure og Stemshaug på kommunar på Nordmøre måtte over 2400 personar skaffe seg passbilete. Det var ikkje med velvilje dei gjekk til fotografen akkurat den gongen, - det var tvang. For fotografene var det derimot ei god inntektsperiode, sjølv om bileta vart leverte til ein rimeleg penge.

FylkesFOTOarkivet arbeider no med utstillinga til "Arkivdagen 2015" 14. november i Kirkegata 10 i Ålesund. Vi stiller ut «passbilete» frå fotograf Einar Ormset sitt glasplatearkiv (1887-1971). I tillegg stiller vi ut kopiar av Aure lensmannskontor sitt arkiv/kartotekkort med bilete og namn på innbyggarane.

Aure kommuene har eit komplett sett  grenseboarbevis. FylkesFOTOarkivet fekk i oktober 2015 oppdraget med å digitalisere desse, både forsida med biletet, og baksida. Utstillinga skal til Aure hausten 2016 og bileta vert tilgjengelege på nett om lag samstundes.


15.10.2015

LITT OM  BJØRLYKKEARKIVET

600 bilete i vårt arkiv nr 1 - FAKf-0001, Bjørlykkearkivet, ligg ute på nett. FAK fekk arkivet etter fotografen sin soneson Per Jarle Bjørlykke i 1996. På årsplanen står at alle 1700 skal publiserast i 2015. Sommarhjelp, DIS-dugnadshjelp og fotoarkivaren har no kome godt vidare med arkivet etter fotograf Elias P. Bjørlykke (1889-1955) frå Samfjord i Haram.

I haust starta redigitalisering av fleire hundre glasplater frå mellomkrigstida. Desse hadde vi berre enkle digitale kopier av frå før.

Biletet av skuleelevane (?) skal vere teke på Remmereit Veit du kven desse skulebarna er? Vi har som mål å leggje ut dei resterande 1000 Bjørlykkebilda før jul. Mange er identifiserte, men slett ikkje alle.

 

03.10.2015

LANDSKONFERANSE OG NETTVERKSMØTE

Landskonferansen arrangeres årleg, og samlar primært personar i arkiv, bibliotek og musèer som jobber med fotografi. I år var konferansen i jubileenes teikn, både i i Oslo og Horten for å markere at det i 2015 er 150 år sidan fotografen Anders Beer Wilse vart fødd,og 20 års jubileum for Preus museum. Vi fekk med oss ikkje mindre enn fire Wilseutstillingar i Oslo før ferda gjekk vidare til Horten. Tradisjonen tro tok vi gruppebilete, - denne gang på Tufte gård ved Horten, teknisk sett på 1/10 sek og 3200 ISO i ein svær og ganske mørk lavo. Der fekk vi også dyrka det sosiale mellom det faglige. Preus museum var arrangør saman Norsk Folkemuseum. (Foto: RAL)


 

19.09.2015

REDIGITALISERING I REKORDFART

Tre effektive damer; Tove, Kristin og Silje, samt fotoarkivaren sette torsdag ny norgesrekord i digitalisering av glasplater: 2003 glasplater i Ormsetarkivet i Aure vart digitalisert i løpet av 14 timar. Til saman vart 4358 glasplater og nokre nitratfilm digitalisert på 3-dagarsøkta denne veka. Vi måtte kompromisse på nokre område, men lysten til å få ferdig arbeidet utløyste konkurranseinstinktet i oss alle. (FAK hadde også den gamle rekorden....)

FAK starta arbeidet med Ormsetarkivet i 1999 og kommunen arbeidde mykje med arkivet dei første åra. No var tida inne til å revitalisere arkivet og oppgradere den digitale kvaliteten. Går det slik vi og Aure kommune ønskjer kjem 4500 Ormsetbilete på nett i 2016. Les litt meir, men ikkje oppdatert info om fotograf Hans Ormset her.


Vi beklager avbruddet.

08.09.2015

FOTOBASEN VAR NEDE

Pga. ekstraordinært arbeid var fotodatabasen nede i dag. Søkefunksjonen for brukarane er no operativ, men registrering av nye opplysningar vil ikkje vere i gang igjen før seinare.

Vi beklager avbruddet.


22.08.2015

SJÅ UTSTILLINGANE!

I år er det 150 år sidan fotograf Anders Beer Wilse (1865-1949), kanskje Norges viktigaste fotograf (etter Knud Knudsen? (1832-1915)) vart fødd. Fotograf og konservator Trond Bjorli ved Norsk Folkemuseum tok initiativ i fjor vår på møte i Fotonettveket. Jubileet har, vert og held fram med markeringar i nesten heile landet.

I Møre og Romsdal har Nordmøre museum og Sunnmøre musem teke grep. Begge har laga utstillingar. På Sunnmøre museum står Wilseutstilliga ut året. Utstillingsansvarleg, konservator Tone Anda, har vald ut bileta og skal har ros, ikkje minst for perfekt lyssetting av de store utstillingsbileta

I Ørsta er utstilling på gang etter den store Sunnmørsfotografen Olav Lystad. Dotter og fotograf Marta lystad opnar utstillinga laurdag 29. august. Litt om Lystad kan lese på dei "gamle" heimsidene våre. Vi kjem attende til utstillinga etter opninga.


12.07.2015

SOMMAR = REDUSERT AKTIVITET

FylkesFOTOarkivet har redusert kapasitet gjennom heilie sommarferien fram til ca 10. august. I perioden 13. til 27. juli vert kun epost handsama annankvar dag. God sommer til alle!


19.06.2015

"NEI, JEG HAR IKKE FOTOGRAFERT MEG HOS HAUG !!"

Marit var ganske påståeleg då ho vart konfrontert med sitt "avtrykk" i seks variasjonar under ein DIS-dugnad nyleg. Inge leste opp namnet på konvolutten og skulle digitaliserere 12x16cm-plata med 6 portrett, tre med og tre utan russelue. Då biletet var ferdig digitaliset kunne ho ikkje nekte. Men hugse at ho vart fotografert med russelua på kunne ho ikkje. Vi fridde til Sunnmørsposten som brukte biletet under spalta "For noen tiår siden" no i samband med skuleslutt. På fleip fargela vi russelua og spurte: Var Marit Asphaug rød-, grønn- eller blåruss i 1963?

FAK har tusenvis av nyare bilete vi ikkje utan vidare kan publisere pga. personvernet. Meir enn 20.000 finst i fotograf Håkon Haug sitt arkiv aleine. Korleis kan vi hauste inn løyver frå dei avbilda til å publisere bileta av dei?


02.06.2015

250 KILO FERDIG DIGITALISERT !

FylkesFOTOarkivet mottok i okt 2014 fotoarkivet etter Håkon Haug (1907-1968) i Ålesund. FAK og DIS-gjengen har våren 2015 prioritert arbeidet med å digitalisere glasplatene. Vi får ikkje fintelt før vi startar bilethandsaming av platene i haust, men vi trur det er ca. 3000 glasnegativ med "seriefoto", fagfotografane sin konkurrent til "Polyfoto".

Finveging har vi ikkje hatt tid til, men dei 25 kassene med glasplater 12x16 cm vegar ca 10 kg i snitt. Alle dei 10 i DIS-gjengen har vore med i arbeidet og vi har nytta to stasjonar med kameradigitalisering

På biletet fv. Kari Remvik, Torunn M. Absalonsen, Marit J. Loe, Inge Almklov, Reidun Vinje Collao, Janne Leksås og Kirsti Remvik. Alle (nye) foto på heimesidene: fotoarkivar Ragnar H. Albertsen: DIS-gjengen i arbeid 7.april.


15.05.2015

17. MAI PÅ SULA

Onsdag møtte FylkesFOTOarkivet kulturutvalet i Sula kommune. Vi ønsker å få bilete i arkiva etter fotografane Olav Nerland (1913-2008) og Knut Fylling (1903-1969) på nett. Til det treng vi både samarbeid og lokale ressursar.

Orienteringsmøtet var kome i stand for rekapitulere kva vi gjorde for 10 år sidan då fleire tusen Nerland- og Fyllingbilete vart digitaliserte i samband med «Sulasoga». Kan vi få desse arkiva på nett og registrerte, treng vi lokale ressursar og samarbeid.

Kva passar vel betre som illustrasjon til denne saka enn eit Fyllingbilete av to ganske så kjende musikarar?


24.04.2015

NETTVERKSMØTE I KRISTIANSUND

"Det Norske Fotonettverket" sitt vårmøte var i år i Kristiansund. Nettverket er samansett av dei fylkesansvarlege og leiarane for fotoarkiv i heile landet. Det er Preus museum som leiar nettverket. Denne gang vart møtet arrangert i Kristiansund i samband med Nordic Light. FylkesFOTOarkivet var lokal vert og heldt foredraget "Frå fotoregistrering i lokalmiljøet til fordypning i fotografarkiv".

Nettverket har ulike prosjekt og har arbeid mykje med fotograf- og samlingsregistra, Widerøeprosjekt og kartlegging av "Daguerretypiar" i Norge. Kartlegging av lysbileteseriar brukt til informasjon og undervisning kan bli eitt av dei neste prosjekta. Du kan lese programmet og meir om Fotonettverket her. Bildet: Deltagarene. (Foto: RAL)


26.03.2015

2000 GLASPLATER INN I MAGASINET

Tirsdag kom Arthur Vestnes (biletet) frå Sande sogelag med 2 porsjon med originale glasplater etter fotograf Olaf Storegjerde. Flyttinga frå Larsnes til topp klimamagasin, har vore avtale i lengre tid.

Glasplatene er førebels lagre i greie transportkasser i plast, men nye stålkasser er bestilt frå blikkenslagermeister Bjørn Ivar Helgesen i Ålesund. Kanskje treng vi også ein ny reol når 3. og siste porsjon Storgjerde-arkiv kjem.

Storegjerdearkivet har lokalt nr SASf-001 og inneheld 7364 glasplater. Arbeidet med digitalisering av arkivet starta i oktober 1999, då med digitalt videorepro med brutto 840x640 piksler, dvs ca 0,5 MB.......! Seks personar var med den første dugnadskvelden då vi digitalserte heile 400 glasplater.


06.03.2015

MØTE OM NY DATABASELØYSING

I går og i dag har vi hatt møte med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om ny databaseløysing for foto. Føremålet med møtet har vore å utveksle kunnskap om tekniske og praktiske løysingar sett frå datateknisk side og frå brukarsida. Utarbeiding av kravspesifikasjon/skisse for ny fotobaseløysing står sentralt. Det er først når den gamle fotobasen blir lagt ned om kort tid at Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane kan utvikle ei ny løysing utan å måtte ta omsyn til gamal teknologi.

Fokuset for møtet har vært todelt: På kort sikt - kva funksjonar må vere på plass i det nye systemet før gamle fotodb vert stengt ned? På lengre sikt – kva behov skal eit nytt framtidig fotobasesystem dekke?  Med på møtet var frå venstre fung. leiar for IKAMR, Jan Aakvik, fotoarkivar Elin Østvik (SF), fotoarkivar Ragnar H. Albertsen IKAMR, informasjonsarkitekt Lars Berg Hustveit (SF) og fylkesarkivar i Sogn og Fjordane Arnt Ola Fidjestøl. (Foto: RAL)


01.03.2015

ER DET EIT TJUVERI?

".....bilda i Storgjerdesamlinga kan fritt lastast ned, redigerast og modifiserast. I arkivet står bilda som utan eigar og utan klausul...", skriv personen som har lasta ned over 7000 bilete frå arkivet etter Olaf Andreas Knutsen Storegjerde (1879-1958) og lagt ut for sal. Det han skriv er rett. Det han udersleg er at dei bileta han har lasta ned IKKJE låg opent på nett. Han har funne ei halvåpen bakdør og forsynt seg.

I denne saka er ikkje diskusjonen "om det er etisk og moralsk korrekt å bruke bileta på sosiale media".  Sande sogelag og FylkesFOTOarkivet ynskjer at Storegjerdebilda skal blir brukte. Det etiske og moralske spørsmålet gjeld sal av bileta som ligg opent på nett. Når vedkommande tilbyr sal av versjonar av bileta han urettsmessig har tilegna seg, er det ikkje lenger et etisk eller moralsk spørsmål. Då er det ikkje urimeleg å sjå på dette som tjuveri.

Sande sogelag og FylkesFOTOarkivet avgjer kva bilete og kva utgåve av bileta vil legg på nett. Dei bileta vi ikkje legg på nett og dei høgoppløyselige versjonane vi har, men som ikkje er offentleg tilgjengelege, er det vi som set vilkår for kva dei kan brukast til , uavhengig om motivet er "falt i det fri" eller ikkje.


16.02.2015

OM BILETA SOM VAR BORTE.....

Misbruk av bilete i databasen var grunn til at 170.000 bilete frå Møre og Romsdal var teke av nett i helga og nokre dagar før. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane - som drifter databasen - skreiv då på nettsida si:

Bileta i fotobasen vår er midlertidig tekne av nett i samband med vedlikehaldsarbeid på fotobasen. Vi har oppdaga misbruk av nettpubliserte foto og gjennomfører no naudsynte tiltak.

Vedlikehaldsarbeidet vil truleg vere ferdigstilt innan utgangen av februar. Fotosamlingane vil gradvis bli tilgjengelege att i løpet av den perioden vedlikehaldsarbeidet vert utført. Ved utgangen av månaden vil alle foto igjen vere tilgjengeleg på nett.

I dag har vi fått gladmeldinga om at søk i fotobasen er i orden att: Webdb er no oppe og går som normalt att etter ekstra arbeidsinnsats i helga. No er alle filene som skal vere i webdb (dvs. kvalitet 1-3) tilgjengelege att. Filene i kvalitet 4-5 er flytta til eige lagringsområde på server.

Mellom bileta som ikkje var tilgjengelege er bilete frå Sande Sogelag, frå fotograf Olaf Storegjerde sitt arkiv. Her er eit døme (utsnitt) av eit familiebilete med ukjend familie, men truleg frå Gjersvika i Sande kommune ca 1930?. Siste: Vestlandsnytt omtalar saka 17.feb. og Sunnmørsposten 19.feb.


30.01.2015

KONFIRMANTAR I SKODJE 1950

DIS-gjengen og FylkesFOTOarkivet jobber jamnt med fotograf Håkon Haug sitt arkiv frå Ålesund og Skodje (periode 1937-1968). Eit knippe 18x24cm glasplater har dukka opp. Mellom desse konfirmantane i Skodje fotografert 17. september 1950. Jentene hadde kvite og kanskje lyseblå kjolar. (Ikkje raude , - dei ville blitt mørkare på svart/kvitt bileta.) Gutane hadde "tversover". Legg merkje til 50-åras hårmote. Desse jentene, fødde i 1935 eller 1936 har stort sett hatt håret på denne måten gjennom heile livet, med krøllnåler og permanent- eller? Kven dei er og kor mange av desse kan feire 80-åsdagen sin i år?

Siste: "På den tida vart dei konfirmerte når dei var 14 år", opplyser Kristin Vågene på heimesida til "Gamle bilde fra Skodje". Ho tilføyer at presten truleg er Roger With. Elles har det teke heiilt av i Skodje der folk no har namnsett omtrent alle på biletet.

FylkesFOTOarkivet mottok hausten 2014 fotoarkivet etter Håkon Haug (1907-1968) i Ålesund og svart/kvit-arkivet etter dottera, fotograf Sissel Haug Strømmen (1944-2012). I hovudsak er dette negativ med byprospekt frå Ålesund og personbilete. Den rause gjevar var Siri Strømmen Briskemyr, barnebarn til Håkon Haug.


14.01.2015

VELLE- OG OKSAVIKARKIVA i FOKUS

DIS-gjengen møtte i går kveld til ett nytt dugnadsår. I 2014 hadde fire av ti i gjengen fullt opp med registrering av fotograf Martin Velle (1905-1989) sin protokoll. Arbeidet med digitalisering av Velle-arkivet forsetter også i 2015 og Ørsta kommune støtter arbeidet.

Nå har ledige hender tatt for seg ordning og registrering av Sverre Oksavik (1927-2007) sitt arkiv frå Brattvåg i Haram kommune. DIS-Reidun har allereie arbeid med ordning, registrering og starta digitalisering av Oksavikarkivet i over eit år. Omlag 1500 negativ er digitaliserte frå ca 600 ordrar sidan vi mottok arkivet i november 2014. Vi trur det er omlag 10.000 ordrar i Oksavikarkivet.

"Nyttårsbiletet" er Brattvåg Janitsjar fotografert for 60 år sidan, 5.februar 1955.


22.12.2014

GOD JUL OG GOD NYTTÅR!

Årets julekort frå IKA - Møre og Romsdal og dermed også FylkesFOTOarkivet, syner 19 personar. Her er 12 tilsette og IKA sitt styre, og ei sentral initiativtakar til at IKA var oppretta, fylkesbiblioteksjef Ellen Kristine Molvær.

Merk nr 13 og 14: Avtroppande dagleg leiar Arnt Olav Fidjestøl sluttar ved nyåret og byrjar som fylkesarkivar i Sogn og Fjordane. Påtroppande dagleg leiar Geir Håvard Ellingseter er klar til å overta frå slutten av mars. Inntil vidare er nr. 7, Jan Aakvik konstituert som leiar ved IKA. Biletet er teke av Werner Anderson 3. des. 2014.

FylkesFOTOarkivet held lang juleferie og opnar først mandag 5. januar.


01.12.2014

10 hyllemeter med 250.000 negativer frå SEFRAK-prosjektet er no på plass i magasinet. Foto: Ragnar H. Albertsen250.000 NEGATIV INN I MAGASINET

FylkesFOTOarkivet har nettopp motteke for oppbevaring eit av dei største og viktigaste fotoarkiva i Møre og Romsdal. Arkivet er det såkalla SEFRAK-arkivet med omlag 250.000 negativ med bilete av 44.788 bygningar i fylket.

Som eit pilot- og prøveprosjekt vart over 2100 bilete (negativ) med 547 gamle bygningar frå Hareid i 2011 digitaliserte av SEDAK-senteret. Bileta vart publiserte på nett i FylkesFOTOarkiv sin database (søk SEFRAK i fritekstfeltet). Dugnadsfolk i Hareid har arbeid med å tilføre bileta nye opplysningar ut over dei formelle som som er ført på skjema.

Arkivet har fram til no vore arkivert ved Fylkeskulturavdelinga. Det ligg ikkje føre planar om å digitalisere SEFRAK-negativa, men alle 44.788 SEFRAK-skjema frå fylket er nettopp ferdig digitalisert av SEDAK-senteret.

SEFRAK er ei forkorting for SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminner. Dette sekretariatet hadde ansvaret for ei landsomfattande registrering av eldre bygningar. Eit grundig feltarbeid blei gjort i perioden 1975-1995, og registeret som vart oppbygd fekk namn etter sekretariatet.


12.11.2014

VELUKKA ARKIVDAG OG MARKERING AV FOTOJUBILEET

"Arkivdagen 2014" ved IKAMR, med "Fotografiet 175 år" som hovudtema, vart eit vellukka arrangement sist laurdag. Skal vi tru dei som forsøkte å telje var det nesten like mange til stades som i fjor, dvs. minst 150 personar innom arrangementa i Kirikegata 10b.

Programmet var stort. Det var fotoutstillingar og demonstrasjon av ulike kamera, og DIS-gjengen hadde ekstra dugnad. I Kirkegata 10b var Britt Walle Ekroll sitt foredrag om "Kvinnemoter i Ålesund i 1914" avgjort høydaren.  Det var "stinn brakke" og tung luft i det lille møterommet i 3.etg., heilt frå opninga då fotoarkivaren hadde ein kursdemo i korleis ein søker i databasen. Det  var romslegare og betre luft da det fotofaglege høgdepunktet vart presentert av historikar Roger Seemann Erlandsen i auditoriet i Sunnmørsposten seinare på ettermiddagen, - her til venstre på biletet med IKAs Vibeke Lunheim og fotografmeister og lektor ved Medialinja i Volda, Gaute Hareide til høgre. (Foto: RAL). Glimt frå "Arkivdagen"... - stor - 1MB- versjon


02.11.2014

VELKOMNE TIL ARKIVDAGEN LAURDAG 8.11.!

Laurdag 8.november inviterer IKAMR - Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal til ”Arkivdagen 2014” med utstillingar og foredrag. Er du t.d. interessert i korleis Ålesundsdamene kledde seg for 100 år sidan må du ta turen til Kirkegata 10B og høyre Britt Walle Ekroll sitt foredrag og sjå utsøkte 1914-bilete frå fotografane Sponalnd og Moa.

Tema i år er ”Fotografiet 175 år”. FylkesFOTOarkivet skal saman IKAs folk slå på stortromma og tilbyr mykje for den som er interessert i foto og arkiv. "Arkivdagen 2014" arrangeres i heile Norden. Det vert fotoutstilling, kamerautstilling og aktivitetar for barna.

I samarbeid med Sunnmørsposten vert det foredrag av nestor i norsk fotobevaring, historikar og ørsting Roger Seemann Erlandsen. "Fotografi som nasjonsbyggar - norsk fotohistorie 1840-1940" er tittelen på føredraget. Auditoiriet i Sunnmørsposten i Røysegata 10 kl 16:00 er rett tid og stad laurdag 8.11.2014 - og gjerne litt før. Her kan du lese pressemeldinga.


24.10.2014

VARDETÅRNET I KRISTIANSUND

FylkesFOTOarkivet har hatt ei ny 2-dagarsøkt med digitalisering og biletarbeid på Nordmøre Museum. Eit fint lite trykt album med bilete frå gamle Kristiandsund har lenge lenge i eit hjørne i påventa av handsaming. I dag vart albumet digitalisert og fekk arkivnummer KMb-2014-028.

Albumet inneheld 12 biletsider. Bokhandlar Hj. Barmand var utgjevar. Det er ikkje informasjon om når det er utgjeve. Inni albumet fann vi visittkortet til Ida Berset med ei påskrift bakom, men ingen datering.

Her er albumsbileta i lite, stort og ekstra stort format.


01.10.2014

EIN HAUG MED BILETE !

FylkesFOTOarkivet har motteke fotoarkivet etter Håkon Haug (1907-1968) i Ålesund og svart/kvitt-arkivet etter dottera, fotograf Sissel Haug Strømmen (1944-2012). I hovudsak er dette negativ med byprospekt frå Ålesund og personbilete. Den rause gjevar er Siri Strømmen Briskemyr, barnebarn til Håkon Haug.

DIS-gjengen er alt i gang med å registrere arkivet. Smakebitar frå Haug-arkivet har vi veldig lyst til å legge på nett i løpet av få månader.

Mellom bileta er ein serie med fargelagte lysbilete frå det -  i den tid - eksotiske utland. Det er bilete både frå Afrika og Europa. I skrivande stund veit vi ikkje om dette er Haug sine eigne opptak, eller om dette ein serie lysbilte med anna opphav.Dette må vi prøve å finne ut av ved hjelp av Det Norske Fotonettverket  Meir om Haug og lysbileta kjem i løpet av månaden!


 

15.09.2014

RINDAL-BILETE PÅ NETT

866 bilete etter fotograf Henrik Fjelle (1902-1992) er no lasta opp i nettbasen og tilgjengelg for publikum. I nær framtid skal opplysningane som er samla inn skrivast inn i den søkbare del av databasen.

Fjelle-arkivet vart digitalisert av Villy Norås for Rindal Bygdemuseum og FylkesFOTOarkivet i 1997. Arkivet fekk arkivnr. FAKf-0002. Parallelt vart det produsert lysbilete av alle glasplatenegativa. Lysbileta vart nytta til identifisering på museumskveldar o.l. i fleire år.

Ein kan trygt seie det har teke tid å få bilda på nett. No får vi krysse fingrane for at registreringa vert effektiv :-)


19.08.2014

NY DIS-HØST MED DUGNADSGJENGEN

I kveld var det på`n igjen med dugnadsgjengen. Kåre og Reidun digitaliserte Velle- og Oksavikarkiv, mens Inge, Kari og Jan transkriberte navn frå Velleprotokollen. Marit og Janne skreiv inn brukerkommentarar i nettbasen.

Vi var åtte personar i sving, oppstart eigentleg en uke før skjema, og regner med at Kirsti og Torunn dukker opp neste gang. Om vi har plass til fleire? Gi lyd om du vil vere med i dugnadsgjengen.

Det er 14 år siden vi starta med DIS-dugnad!


12.08.2014

SOMMERARBEID MED MULVIK-ARKIVET

 

I sommar har Erlend Aakvik og Vegard Aasen hatt tre vekers sommarjobb ved FylkesFOTOarkivet. Dei har arbeid med digitalisering av fotograf Magne Mulvik sitt arkiv.

Til saman har dei digitalisert over 6000 negativ frå omlag 700 ordrar. I tillegg er to av dei fire protokollane til Mulvik transkriberte og internt søkbare via ein Excelliste.

Mykje arbeid står att og det vil ta tid før bileta vert søkbare i nettbasen. Her er ein smakebit protokollførd som "Nytt utras ved det gamle raset i Opdølstranda 14/11-1969." -arkivnr FAKf-1190.U0149. Typisk vert det teke fleire og ofte nesten like bilete, -  filmen må uansett framkallast og biletet raskt kopiert for bruk i avisa.

Denne gang var det Tidens Krav i Kristiansund som tinga oppdraget.

Det er Sunndal kommune som eig arkivet. Arbeidet med Mulvik-arkivet er støtta av Norsk Kulturfond med kr 80.000 for 2014.


11.07.2014

BILETA SIKRA FØR BRANNEN

Den tidligere husmorskolen i Halsa sto i full fyr natt til onsdag. Et viktig landemerke for Halsa kommune brant ned i natt. – Det er røttene og bakgrunnen til folk som har brent opp, sa ordfører Ola Rognskog til NRK Møre og Romsdal.

18. des. 2013 var FylkesFOTOarkivet på Husmorskulen og digitaliserte alle klassebilda som hang på veggane i den gamle bygningen. Det var Einar Oterholm i Halsa Heimbyglag som tok initiativet til at 120 innramma bilete av elevgruppene vart digitaliserte. Bilda av elevane frå 1922 til 2001  - om ikkje så mykje anna - er berga og ligg i nettbasen vår. Søk Halsa kommune og td. "husmor" som fritekst.

Du kan lese litt meir om husmorskulen lenger ned på sida, sjå 26.01.2014


20.06.2014

SØKE ETTER SLEKT I SOMMAR ?

På Nordmøre museum i går digitaliserte vi ei lita samling "visittkortbilete".

Dårlege kjelder pr. i dag, "dusinvare" og vi har berre navn på avbilda personar, knapt. Kan dei bli kjelder med meir info? Kan du finne historiar og biografiske opplysningar om Sverre Hartmann (biletet) og dei andre personane i "Thurn-Christensen"-arkivet ved Kristiansund bibliotek? Her presenterer vi dei først som gjenstandar - sterkt skadde - i liten - medels og stor collage. Til høsten finn du dei i nettbasen.

FylkesFOTOarkivet vert sterkt nedbemanna frå i dag og i heile skuleferien. Epost vert besvart 2-3- gonger i veka fram til 7. juli. Deretter annankvar dag. God sommar til alle hjelparar og brukarar. Vi held kontakten!


04.06.2014

ÅPEN DAG PÅ ARKIVET

"Del minner og bli rikere" er kanskje det beste slagordet vi arkivfolk kan bruke. Slik blei også tittelen i Sunnmørsposten i dag i reportasjen fra IKAMR (og FAK) sin litt for dårleg annonserte opne dag på arkivet i går.

IKAs arkivar Vibeke Lunheim, SEDAKs Ottar André Anderson, Kulturnetts Jan Aakvik og FylkesFOTOarkivet ved Ragnar A. var i alle høve godt budde og alltid like blide :-) Foto: Ole Martinus Breivik.

Tema var  "Mine, dine og våre historier" og var initiert av Norsk Kulturråd. Fyrst og fremst så var dette eit tilbod der folk kunne få digitalisert medbrakt materiale og få rettleiing i å leggje ut som Digital forteljing. Vi heldt opent, slik at dei som ville, kunne kome og få digitalisert personleg materiale (foto, brev, dokument) som har tilknyting til temaet 2 verdskrig. Sjå elles mykje godt stoff under http://mr.kulturnett.no


20.05.2014

STATUS FOR DIS OG VELLEARKIVET

DIS-gjengen er nå godt over halvvegs med transkribering (avskrift) av fotograf Martin Velle sin alfabetiske protokoll. Digitaliseringa av negativa har også høg prioritet på dugnadskveldane, kvar tirsdag.

"Vi har hatt fin framdrift, men mye står igjen", skreiv vi nettopp i ein epost til familien og til kultursjef Jostein Moe i Ørsta.

Om digitaliseringa: Takka vere dugnadsfolka har vi fått betre framdrift i digitaliseringa enn vi våga å håpe på. Alle ordrar fram til nr 540 er digitaliserte. Maskinell opptelling syner at det totalt er digitalisert 2174 negativer.

"En viss markedsføring for å prøve å få frigitt bruk av personbilder venter vi med til høsten og til vi er ferdig med transkribering av den alfabetiske protokollen. En del mer generelle bilder vil vi triolig slippe ut før", skreiv vi også.

Biografien om fotograf Martin Velle skreiv og publiserte Kjell Skorgevik i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1985.


17.05.2014

SYTTENDE MAI I SOLEVÅG 195?

FylkesFOTOarkivet gratulerer med dagen og 200-årsjubileet for Grunnlova!.

Årets 17.maiprogram i Solevåg, Sula kommune, er krydra med nokre bilete teke av fotograf Olav Nerland (1913-2008). Nerland budde på Eidsnes i Solevågen.

Førespurnaden, utvalsprosess og formidling av dei tre bileta som vart nytta gir oss eit lite spark bak. Får vi litt drahjelp kan vi kome i gang att med meir formidling og digitalisering av dette ikkje så store, men spennande arkivet frå Sunnmøre.

Ei lita utfordring med publisering av desse bileta er at mange av bileta er portrett og barnebilete som ikkje kan publiserast utan samtykke med dei som er avbilda. FylkesFOTOarkivet arbeidde mykje med Nerland sitt arkiv i samband med bygdeboka for Sula (2002 til 2009). Nerland fotograferte i hovudsak i perioden mellom 1950 og 1970 og spesialiserte seg nærmast på å fotografere skuleeelevar i grupper. Les meir om Nerland og  sjå glimt av Nerland på FAK si gamle heimeside.


15.04.2014

"SYV SØSTRE SOLBAKKEN"

Søker du "syv søstre" i fotobasen får du 8 treff. Ikkje uventa er dette bilete av dei kjende fossane i Geirangerfjorden. Dvs. sju av bileta (!) er fossana. Det åttande er jentene i Solbakken, sju systre på rekkje og rad. Ikkje heilt vanleg syskenflokk. Bilete er ikkje teke i Ørskog der eigar Oddny Midthaug bur, men i Fiksdal i Vestnes kommune ca 1922-1925, der dei slekta frå.

Ikkje heilt vanleg er det heller at Ørskog Historielag med Ole Øystein Nybø i spissen jamt og trutt i 15-16 år har samarbeid med FylkesFOTOarkivet om fotoregistreringa. Ikkje tusenvis av bilete, men ei uvanleg grundig registrering er gjort. Bileta har blitt framifrå kjelder. Historiene knytt til bileta gjer dei til skuleeksempel på korleis fotoregistring skal gjerast. Søk td. Ørskog historielag som fritekst eller gå rett til avansert søk og legg inn søkekriterier/filtre. FAK har pr. i dag 1286 bilete med Ørskog som topografisk referanse.

PS Kanskje dei ennå meir kjende "De syv søstre" ?


04.04.2014

MØTE MED GUIDEFOREININGA

Guideforeingan på synafaring i IKA sitt magasin. Foto: Ragnar H. AlbertsenDet går mot vår og sommar. Dei lokale guidane kursar seg og samlar kunnskap om byen og historia dei skal formidle.

Torsdag var 20 nye og gamle medlem i Ålesund Guideforeing på besøk ved IKA i Kirkgata 10. Arkivar Vibeke Lunheim, leiar av Kulturnett Jan Aakvik ( http://mr.kulturnett.no ) og fotoarkivaren orienterte om dei tilbod som finst, både på nett og i arkiva.

Det var omvisning i Magasin M-01

 



21.03.2014

80.000 KRONER FRÅ NORSK KULTURRÅD!

Førebels uoffisiell melding frå Norsk Kulturråd fortel at det er fatta vedtak om ei løyving på kr 80 000 til prosjektet med fotograf Magne Mulvik sitt arkiv i Sunndal. "Kun 16 av 85 søknader fikk støtte i denne runden, noe som illustrerer de meget stramme rammene på kulturvern etter kuttet i avsetningen for 2014", sto det i meldinga.

Vi kjem attende til meir om Mulvikarkivet, men her er eit glimt frå arkivnr. 230 i Magne Mulvik sitt arkiv. Biletet er frå Sunndalsmarsjen 13. sep. 1970. Mulvik tok over 110 bilete frå denne store trimmarsjen. ÅSV, Årdal og Sunndal verk er notert som tingar på Mulvik sin arkivkonvolutt i "uteserien". 

 

 


06.03.2014

KATT OG KANINER og MØØØØØ!

FylkesFOTOarkivet har i dag digitalisert nye 700 bilete frå Sunnmørsposten sitt arkiv. I ein kombinasjon av at det var på høg tid med ei oppdatering av heimesida vår, og eit bilete vi falt pladask for, har vi forskuddtert sommaren ein smule: Dagros på blomsterenga i juli 1984.

Biletet er eit av omlag 400 bilete vi fekk digitalisert under arkivnr. 0510 -  tamme dyr - fra SMP sitt arkiv i dag.

Fotografen bak det flotte biletet var Svend Rye Torben. Litt meir om digitaliseringsprosjektet kan du lese her


15.02.2014

HAR DU BILETE FRÅ BYBRANNVANDRINGANE?

Biletkunstnar Elsebeth Jørgensen frå København og Danmark (cv) har saumfara arkiva ved IKAMR og FylkesFOTOarkivet på jakt etter bilete, arkiv- og bakgrunnstoff frå Ålesund. Ho er invitert av kurator Benedikte Holen ved Kunstmuseet KUBE/Jugendstilsenteret til å lage utstilling. Elsebeth har særleg fokus på bybrannvandringane. I april skal ho åpne utstilling ved Jugenstilsenteret og stille ut verk der indigriensane kan vere alt frå bilete til dokument. Har du bilete, og gjerne bilete fra dei først åra frå brannvandringane og vil dele med oss og Elsebeth kan du kontakte henne direkte eller FylkesFOTOarkivet!

"I forbindelse med denne utstillingen er Elsebeth i Ålesund denne uken, og hun har blant annet blitt interessert i Ålesunds særlige kollektive ritual med de nattlige bybrannvandringene som markerer bybrannen i 1904. Grunnleggende interesserer hun seg for fotografiets kollektive minnefunksjon som omdreiningspunkt for å tenke over forholdet mellom individets erindring og den offisielle historieskrivning. Hvordan levendegjøres historisk materiale i dag via arkiver og de kollektive vandringer? Hvilke bilder og estetiske erfaringer kobler seg til dette? Hvilke nye bilder og fortellinger kan utvikles?" - skriv Jugenstilsentert på heimesida si.


26.01.2014

HUSMORSKULEN GJENNOM 80 ÅR

"Nordmør Husmorskule", "Nordmøre Husmorskole", "Nordmøre fagskule i husstell" og "Halsa vidaregåeande skole" er fire namn på samme skule på Halsanaustan i Halsa kommune på Nordmøre. Her starta styrarinne Elisabeth Moe i 1922, Sigrid Kvaale i 1923 og bestyrinne Astrid Ramsvåg i 1926 med å utdanne dugelege kjerringemne (unnskyld..) til viktig arbeid i heim og samfunn. Karen Gustad overtok frå høstkuret 1955, og bestyrinne Gjertrud Aasbø frå høst 1961. Torgunn Ansnes hadde stillinga nokre år, men Gjertrud Åsebø kom tilbake som styrar i 1967. Når høstkurset 1970 tek til blir ho rektor og skulen skifter i 1971 namn til Nordmøre fagskule i husstell.

Vårkurset 1974 har Torgunn Henden rektorkappa på, men fru Åsebø er attende som rektor allereie til høstkurset. Ho er rektor til sommaren 1977. Då er Torgunn Henden attede, men berre på ein kort visitt. Torgunn Åsebø gir seg ikkje så lett og figurerer som rektor igjen frå 1980. I 1984 er er rektorgjerninga over og Torgunn Henden er rektor på skulebilda framover. Men Gjertrud er faglærar og forstett som faglærer like til skulen blir nedlagt i 2001.

Denne korte bestyrrinnehistorie har vi akkkurat lese oss opp til berre ved å sjå på dei godt namna skulebilda vi digitaliserte i Halsa. Saman Einar Oterholm i Halsa Heimbygdlag var vi på den nedlagde fylkesskulen 18 des. 2013. Dei fleste av dei 120 skulebilde frå husmorskulen legg vi på nett i desse dagar. I tillegg arbeider vi med lærar Sigrid Ulseth sine bilete. Ho var lærer ved ved husmorskulen i over 30 år og var flink til å dokumentere hendingar ved skulen medan ho arbeidde der.


07.01.2014

175 ÅR MED FOTOGRAFI !

 

Klippfiskeksportør Nicolay H. Knudtzon III og hans første hustru Marie og barna er truleg dei første som lot seg "aftage" på eit Daguerrotypi av ein fotograf frå Møre og Romsdal. Bak kamera i 1855 sto truleg ålesundaren, apotekeren Claus Peter Knudsen (1826-1896) som hadde "emigrert" til Christiania. Regionavisene i fylket, Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Tidens Krav har via god plass til jubileet. Du kan lese meir om historia bak fotografiet  her. 


02.01.2014

Godt nytt fotobevaringsår !

Ett år er allereie gått sidan FylkesFOTOarkivet flytta til Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal i Kirkegata 10 i Ålesund.  2014 er jubileumsåret.  I mai er det 200 år sidan vi fekk eiga grunnlov. Allereie 7. janiuar er det fotojubileum: Då er det 175 år sidan Daguerre fann opp verdas første brukbare fotografiske prosess. I 2014 skal FAK ha mykje fokus på Nordmøre. Fotograf Magne Mulvik sitt arkiv i Sunndal står øvst på årsplanen. I mars får vi vite om Norsk Kulturråd støtter prosjektet. FAK har avsett inntil 1/3 årsverk i årsplanen til Mulvikarkivet. Det er døme frå Mulvikarkivet som pryder heimesida vår. Vel møtt i 2014!


12.12.2013

Kurs i dokumentarfotografi

Vi annonserer ikkje på denne heimesida, men freistinga vart for stor denne gang: Høgskulen i Volda utvider studietilbodet med eit kurs i dokumentarfotografi i 2014. Eit kurs med Magnumfotografen Stuart Franklin startar i 2014. "Studiet er gratis, samlingbasert og høver pressefolk og andre med med behov for praktisk fordjuping i temaet", står det i annonseteksten. Meir om studiet kan du lese her.

FylkesFOTOarkivet har ikkje så mange arkiv/samlingar som er direkte bygt opp med dokumentasjon som hovudmål. All foto er dokumentasjoin, men pressefotografi er i ei særklasse den viktigaste kjelde frå de siste 50 åra. Dei som i dag arbeider med dokumentasjonsfotografi, og dei som deltek på kurset kan tilføre fylket fleire og betre bilete til neste generasjon som skal drive fotoarkiv. Difor dette unnataket.

FylkesFOTOarkivet har gjennomførd tre dokumentasjonsprosjekt: Eit av handverkarar i Ålesund i samband med med Aalesunds Haandverkerforening sitt 150-års jubileum i 2001. Nesten alle medlemsbedriftene vart besøkt og fotografert, eit av Ålesund Havnevesen i samband med deira 175år-jubileum i 2003, og og ein meir uformell dokumentasjon av Ålesund Brannvesen teke i samband med utstillinga "En brannmann forteller" ved Aalesunds Museum. Alle prosjekta vart gjennomførd då FylkesFOTOarkivet var avdeling ved Aalesunds Museum


11.11.2013

"Arkivdagen" vart ein suksess!

"De slutta å telle besøkende etter passerte 150. Arrangørene av arkivdagen hadde hendene fulle med å vise rundt alle som var nyssgjerrige på hva som befinner seg bak veggene i Krikegata 10b", skriv Sunnmørsposten i dagens avis. Det var stor interesse, ikkje minst for Bjørlykkearkivet, fotoarkivet som nesten var hausa opp i forkant i 5 dager til ende i Sunnmørsposten si spalte "For nokre 10-år sidan". Alle 12 tilsette under IKA, SEDAK, Kulturnett MR og FylkesFOTOarkivet var i sving i fire timer til ende.

Arrangementet og utstillingane var godt førebudde. Det var heile tida ganske trangt på kontoret til FAK (bildet) der utstilling og originale glasplater og nokre lysbilete frå Bjørlykke-arkivet i Haram var utstilte."Hundrevis av vitelysne møtte opp da Interkommunalt arkiv i Ålesund åpnet dørene." Foredraget til Jan Olav Flatmark om ettterretningsorganisasjonen XU på Sunnmøre 1940-1945 vart halde 2 ganger pga. smekk fullt hus! Men aller best smakte kan hende appelsiner med sukkerbit på "Barnas rom" ?


31.10.2013

Sjå Møre og Romsdals sitt flottaste familiebilete på "Arkivdagen" 11.november!

I 1924 fotograferte fotograf Sigvald Moa (1879-1938) familien Christan J. Steffenssen i Ålesund. Moa fotograferte familien med mor og far og 10 barn med stort og tungt kamera heime i stova til familien Steffenssen. Moa brukte det største negativetformatet som var tilgjegeleg i Ålesund: Glasplaten (filmnegativet) var heile 24x30 cm stort!! Ikkje berre var glasplaten stor. Moa var ein usedvanleg dyktig handverkar, kansje den beste i si samtid. Biletet av familien Steffenssen er kan hende deet best regisserte, men naturleg oppstilte familiebilete FylkesFOTOarkivet har registrert ? (Sjå utsnitt!). Denne glasplaten og resten av Moa-arkivet  vaty heldigvis teke vare på av framsynte folk ved Aalesunds museum mange 10-år før det var mogleg å digitalisere fotografi. Moa-arkivet, med meir en 25.000 bilete vart lagt på nett i 2010 av FylkesFOTOarkivet etter kjeminnsats med dugnad og samarbeid med DIS-gjengen! Det er Aalesunds Museum som eig Moa-arkivet.

På arkivdagen 9. nov 2013 opnar IKA (Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal) dørene der familiem Christian J. Steffenssen budde og dreiv næringsverksemd i generasjonar. I dag er "Steffensengården" i Kirkegata 10 spekka med kultur i 3 etasjer. 10 tilsette ved Fylkesbiblioteket og 12 tilsette ved IKA , - mellom desse er FylkesFOTOarkivet. På Arkivdagen syner FAK ei lite utstilling med bilete fra Bjørlykkearkivet - og eit par store bilete frå Steffensengården.


07.10.2013

Premiebilete frå Ørsta !

I 2012 mottok FylkesFOTOarkivet arkivet etter fotograf Martin Velle (1905-1989). Arkivet inneheld fleire tusen protokollførde fotografoppdrag frå perioden 1933 til 1975. Familien, representert av sonen Roar Velle, ga frå seg arkivet vederlagsfritt, men med klausul at det måtte gjerast tilgjengelg for publikum. Gåva inneheldt ma. eit 10-tals innramma premiebilete i format kring 24x30 cm og 30x40 cm. FAK har no lagt desse krembileta i nettbasen. Søk fritekst "premiebilde" så finn du dei! Eit par bilete er namnsette. Søk td. Herman Wildenvey!

Personvernet gjer at  vi ikkje utan vidare kan legge bileta på nett. I samarbeid med Ørsta kommune vil vi prøve å få digitalisert fleire av bileta og innhente  samtykke frå dei avbilda personane eller deira etterkommarrar slik at fleire bilete kan bli alment tilgjengelege.

Ei viktig oppgåve, og det første steg på veg mot å gjere Velle-arkivet tilgjengeleg er å skrive av protokollane og få ei søkbar namneliste over dei som tinga fotooppdraga. Til det treng vi lokal hjelp. Kanskje kan vi samarbeide med eldsjeler og lokalavisa om eit slikt prosjekt? Velle-arkivet har lokalt arkivnr FAKf-1170. Arbeid med fotografarkiv er ei prioritert oppgåve ved FylkesFOTOarkivet.

 


 

15.09.2013

Proffe fotografar!

Arkiva etter dei profesjonelle fotografane er mellom dei viktigaste kjeldene til nyare fotohistorie. FylkesFOTOarkivet har i alle år delteke i verksemda til fotograflauget i Møre og Romsdal (MRFL). Vi har knytt viktige kontaktar for framtidig samarbeid og allereie overteke fleire arkiv etter tidlegare medlem.

For ei veke sidan var det stormøte på Røros der fotograflauget vårt møtte fotografar frå Trøndelag, Sogn og Fjordane og Hedemark. Ein av Norges mest profilerte fotografer dei siste 40 åra, 69-årige Peder Austrud frå Mandal, heldt workshop. Her i aksjon til inspirasjon for fotograf Britt Skjelten frå Ørskog (rett bak) og 40 andre fotografar.


 

06.09.2013

Om FylkesFOTOarkivet i pressa

Gjennom åra har vi klipt artiklar om oss sjølve i media. Klippa har vore lagre midlertidig i perm, men no er klippa digitaliserte og lagt på nett. Vi har ikkje systematisert klippa, men laga linker til dei enkelte sakene. Det er ganske mange reportasjar og omtale av FAK dei fyrste åra. Så vert det mindre og mindre.... Dei siste åra har det tilsynelatande vore særs stille om FylkesFOTOarkivet, i allefall i media. På tide å gjere noko med det ? Ei liste over dei 112 klippa finn du her.

FAK har bra med såkalla "Argusklipp" om fotobevaringsarkivitet i kvar kommune Møre og Romsdal før FylkesFOTOarkivet vart etablert. Desse klippa vil vi skanne seinare og legge ut på tilsvarande måte.


 

10.08.2013

626 politibilete på nett

I regi av Sunnmøre Politidistrikt har eit knippe eldsjelar med Jostein Solvoll i spissen lånt inn og registrert 626 bilete knytt direkte eller indirekte til politiet sitt arbeid og historie på Sunnmøre. FAK har digitalisert, og etterkontroll av dei siste bilda (til no) er no ferdig. Spesielt hyggeleg er det at Sunnmørsposten har opna sitt arkiv for oss. Her har Solvoll funne mange pressebilde med politiet i arbeid. Førebels er omlag 100 SMP-bilde innlemma i basen vår. Poltibilda har "Arkiv / samling nr: " FAKf-100515. Sunnmørspostens bilete i samlinga har "Lokal signatur" FAKf-1200. FAK sitt samarbeid med Sunnmøre politidistrikt starta i des. 2009 og er initiert av Politidirektoratet.

Bilde: Radarkontroll i 1987 et sted på Sunnmøre. Politiet skriver forenkla forelegg. Jan Halkjelsvik (nr. 1 fv), Olav Bjørkedal (nr. 2 fv). Foto: Knut Enstad, Sunnmørspostens.


20.06.2013

Ørsta: Kurs i fotoregistFoto: Ragnar H. ALbertsenrering

12. juni inviterte Hjørunfjord sogelag til kurs i fotoregistrering. FylkesFOTOarkivet

Kurset i fotoregistrering vart ei spennande og innhaldsrik dag i Bondalen grendahus. Kanskje litt for mange tema å "servere" på ein gong. Hovudvekta denne gong gjekk på det tekniske. Åtte personar møtte. Sogelaget ønskjer primært å skanne/digitalisere sjølv og registrere gamle foto i programmet Fotostation. Vi lova å kome attende til til eit meir reindyrka kurs i fotoregistrering til hausten.

Bilde frå venstre: 1 Ragnhild Frøland, 2 Rune Mo, 3 Knut Hustad, 4 Torbjørn Urke, 5 Per Inge Myklebust, 6 Ivar Svein Mo, 7 Per Urke, 8 Knut Rise, 9 May-Lise Ludvigsen. (Foto: RAL)


11.06.2013

Foto: Ragnar H. AlbertsenPetrine Wiik på utstilling

Torsdag 6. juni opna fotoutstillinga ".. - fotografistinden, assistenten og byen". Utstillinga er produsert i samband med Jugendstilsenteret sitt 10-årsjubileum. Bilda i utstillinga er etter ålesundsfotografen Margrethe Svendsen (f.1858) og assistent Petrine Wiik (1884-1990). Svendsen sine  bilde er utlåna frå Aalesunds Museum, - Petrine Wiik sine kom inn som glasplater og negativ til FylkesFOTOarkivet i 2004 frå barnebarnet til Petrine, Britt Matland Bjørdal. Prosjektleiar for utstillinga har vore Rita Slotterøy. (Litt wiik-biografi fra vår gamle hjmeeside)

 


22.05.2013

DIS-gjengen fotografert 9.april 2013. Foto: Ragnar H. AlbertsenDugnad igjen med DIS-gjengen

Etter dryge 2 års pause er det igjen blitt dugnad kvar tirsdagskveld saman DIS-gjengen. Fra venstre Kari, Jens, Janne (ny!), Inge, Jan og Marit har fått oppfriskingskurs og jobber no frå Kirkegata 10b der IKAMR, Fylkesbiblioteket, SEDAK-senteret, Kulturnett MR og FylkesFOTOarkivet held hus.

Arbeidsoppgåvene denne våren er nettarbeid med oppgradering av Sponland og Moabilete, samt innføring av brukarkommentarar som er kome inn. Vi har godt med arbeidsoppgaver og skulle svært gjerne huka tak i eit par ekstra dugnadsfolk framover. Lyst til å bli med? Ta kontakt!


25.04.2013

420 bilete frå Stranda sogelag

Bilda til Nils Ragnar Aakernes og  26 andre arkivskapere (eigarar av arkiv/samlinger) vart i går digitaliserte i  Stranda. Sogelaget si fotogruppe hadde klargjort over 420 bilete då FylkesFOTOarkivet på formiddagen dukka opp på Helstad skule i Strandadalen med bilen full av reproutstyr.

Ei utrolig flott samling med over 130 bilete frå garden Åkernes var kanskje "rosinen i pølsa" under denne digitaliseringsøkta. Her er eit lite glimt, og samtidig eit farvel til vinteren, -  eit bilde frå det bratte tunet ein vinterdag på 1950-talet. Foto: Nils R. Aakernes. (Åkernesbilda og dei andre kjem på nett til hausten.)

Stranda sogelag har dei siste 12 åra delt over 5000 bilete i samband med oppbygging av FylkesFOTOarkivet. Over 3000 av desse søkbare på nett.


26.03.2013

16 år gamal "Heimbrent"!

CD-plater er ikkje eit veldig haldbart lagringsmedium. Men om ein brenn rett, nyttar platar av høg kvalitet og lagrar dei godt kan dei helde lenge. FylkesFOTOarkivet sine eldste av meir enn 700 "heimebrente" CDar rundar snart 17 år.

26.mai 1997 var FAK på seks dagers feltarbeid med kopiering/digitalisering av 800 glassplater etter fotograf Henrik Fjelle (1902-1992) i Rindal. Ein av dei verkelege pionerane innan digitalisering i Norge, Willy Norås, digitaliserte glasplatene for Rindal bygdemuseum og fotoarkivaren laga lysbilete direkte frå glasplatene, framkalla og monterte.

I samband med revitalisering av Fjellearkivet måtte vi hente fram dei "gamle" CD-platene, kopiere dei og konvertere 800 såkalla Kodak Photo-Cd-filar til TIF. Vi var litt spente: Alle 9 CD-platene let seg selfølgeleg (!) kopiere utan den minste mostand!

Meininga er å få dei fleste bileta i Fjelle-arkivet (FAKf-002 arkiv/samling nr 2 i FAK) på nett i løpet av 2013. Det gjenstår ein heil del billedhandsaming og finansiering, og manga av bileta kan det hefte klausular på av omsyn til personvernet. (Smakebiter kjem :-)) (Foto: RAL)


 

01.03.2013

Frå illustrasjon til kjelde

Februar er allereie over. Aktiviteten på FAK har vore jamn. Opplasting av over 2000 bilete i nettbasen og reise til og arbeid for Nordmøre museum har vore hovedfokus. "Feltrepro" på Grøa i Sunndal vart det også tid til. Det har elles vore jamnt med det arkivarar kallar publikumshenvendelser, telefonar og tinging av nokre bilete.

I går kom endeleg pakken med fotoutstyr, ein Nikon D800 og Photoshoplisens CS6. Det betyr at vi no kan starte digitialisering av bilete med eige utstyr igjen.

I dag har vi gått gjennom brukarkommentarane som er kome inn siste månad. I alt kom det inn 137 brukarkommetatar i februar. Ein "gammal travar", Jostein Nordvik frå Syvde i Vanylven kommune er tilbake i nettdialogen med oss. Tirsdag 26. leverta han fem fyldige brukarkommentarar. Fira av desse var til Moa-bilete. Bilda var frå før utan info og merka  "Portrett, (antatt/autoutfyllt, - ikke visuelt sjekka…)      Tips oss! Tekst mangler....."

Eit av desse er dette flotte Moa-biletet av tre kvinner som no er "forvandla" frå illustrasjon til kjelde med teksten: "Systrene Kanutte f. 1895, Aletta f. 1890 og Anna Vikebakk f. 1898 frå Syvde i Vanylven komune. Far deira var Enok Andersson frå Ystebakkane (89/8), som overtok bruket Vikebakk i Bulegene (89/39) og budde der med familien. Kanutte t.v. døde i 1918 i spanskesykja. Aletta (i midten) vart gift med Johan Leknes frå Hjørundfjorden og flytte dit, og Anna gifte seg med Hallstein J. Brekke (89/41) i 1923. Sidan det var fleire Anna Brekke, vart nemninga Hallstein-Anna brukt om Anna Vikebakk Brekke, og alle visste kven Hallstein-Anna var."


31.01.2013

Johan Nilsen Hoff, (f. 30.03.1900, d. 27.11.1975) frå Jogarden, Hoff. I dagleg tale vart han kalla Jon. Gift  med Astrid Olaviusdatter Grytebust,( frå Leita) (f. 21.06.1900, d. 24.05 1994). Johan N. tok over garden etter faren, Nils og var elles fiskekjøpar, og som sin farfar med same namn, (Johan N. Hoff d.a.e.,( f.1842,) var han markant lokalpolitikar. (Informant: Oddvin Hoff)Rekordmange brukarkommentarar

Januar er for mange ein produktiv månad. Brukarkommentarane, nettdialogen der publikum kjem med opplysningar til mange ukjende bilete, supplerer eller rettar feil, auka med 316 i januar i år.  I heile 2012 kom det til samanlikning inn 744 nye brukarkommentarar.

Det har vore stor trafikk siden vi starta opp denne suksessfulle tenesta våren 2005. I alt er det registrert 8580 bidrag. Av desse er heile 3500 knytt til Sponland-arkivet. Dei to andre store Ålesundsfotografene som arbeidde samtidig med Sponland etter bybrannen i 1904 og fram til ca 1920, Moa og Simonnæs, kjem på dei neste to plassane med 820 og 880 stk. Aalesunds Museum eig originaleglasplatene etter desse tre fotografane. Knapt nokon av desse bileta hadde vel vore på nett om ikkje dugnadsgjengen i DIS - saman FylkesFOTOarkivet - hadde arbeid på samleband i 10 år frå 2000 til 2010.

Per-Ståle Moltu var den aller første som bidro med brukarkommentar. 9.april 2005 kom han med info til Sponlandbilde AM-95003.026660.

Oddvin Hoff på Ellingsøya i Ålesund toppar over alle med 984 bidrag. 6. okt. 2010 ser vi dei første "spora" etter han. Det finst snart ikkje Sponland-, Moa og Simonnæsbilder av personar på Ellingsøya han ikkje har skrive opplysningar til! 

Brukarkommentarane vert jamnleg sjekka. Dessverre det er store restansar i arbeidet med å kopiere og rette opplysnigar og føre dei inn i den søkbare delen av databasen. Vi beklager dette og må helst se oss om etter ny dugnadshjelp for å få framdrift her.

Oddvin Hoff sitt første bidrag kom høsten 2010: Bildetekst:

Johan Nilsen Hoff, (f. 30.03.1900, d. 27.11.1975) frå Jogarden, Hoff. I dagleg tale vart han kalla Jon. Gift  med Astrid Olaviusdatter Grytebust,( frå Leita) (f. 21.06.1900, d. 24.05 1994). Johan N. tok over garden etter faren, Nils og var elles fiskekjøpar, og som sin farfar med same namn, (Johan N. Hoff d.a.e.,( f.1842,) var han markant lokalpolitikar. (Informant: Oddvin Hoff)


18.01.2013

Nytt frå politiet

Omlag 60 nye bilete vart i dag digitalisert og lagt til samlinga til Sunnmøre politidistrikt. Eit av desse er fotograf Alv Dales bilete av alle tilsette i 1976.

Sidan 2009 har  Jostein Solvoll i politiforeininga samarbeid med FAK om registrering. Både formelle portrett og uformelle bilete frå politiet sin kvardag på Sunnmøre er no registrerte.

Den siste tilveksten inneheld mange bilete som er henta frå tidlegare Sunnmøre arbeideravis sitt arkiv som avisa Nytt i Uka eig, og som Aalesunds Museum disponerer. I tillegg  har SEDAK digitalisert politiforeininga sin protokoll. Samlinga har lokalt nr FAKf-1109 og pr. idag er 331 av totalt ca 500 bilete på nett.


02.01.2013

163.000 Bilete i nettbasem

Ved årsskiftet er meir enn 145.000 av FylkesFOTOarkivet sine 163.000 bilete i nettdatabasen tilgjengelege. Tilveksten siste året er først og fremst bileter som er digitaliserte for Nordmøre museum.  Litt meir statistikk

01.01.2013

FAK under IKA

FylkesFOTOarkivet flytta frå Aalesunds Museum sine lokal i Grimmergata 7 til IKA i Kirkegata 10b i Ålesund.

13.11.2012 

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i går at FylkesFOTOarkivet skal flyttast til IKA frå 1.1.2013

Ein del av avtalen inneber at Aalesunds Museum overtar FAK sitt foto- og datautstyr.

12.11.2012 

Møte i kultur og folkehelseutvalet:

Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Framtidig organisering og lokalisering. Overføring til IKA. 

16.03.2015 vart den gode gamle collagen med bilete frå fotograf Magne Mulvik sitt arkiv flytta frå øverst på sida til heilt ned her. I to år har den pryda heimesida vår med eit utval materialtyper fotografene etter krigen har nytta før det digitale overtok.