Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til SEDAK-senteret
Senter for Digitalisering Av Kulturarven.

Handlingsplan

Handlingsplan for ABM-samarbeid og nettbasert formidling i Møre og Romsdal (PDF 1,5 MB)

Saksframlegg :

Kulturutvalet

Møtedato:
08.09.2010

Sak :
Ku-39/10 A -- Handlingsplan for ABM-samarbeid og nettbasert formidling i Møre og Romsdal 2010 - 2014

I eit brev datert 3. april 2008 inviterte ABM-utvikling 2-3 fylke til eit samarbeid om å utvikle gode regionale handlingsplanar for ABM-samarbeid og nettbasert formidling. Brevet kom etter at styret i ABM-utvikling tok initiativ til å utvikle eit program for regionalt ABM-samarbeid om IKT og infrastruktur. Styret sette av 1 mill kroner til denne satsinga.
 
Møre og Romsdal var eit av fleire fylke som søkte, og søknaden vart utforma av Møre og Romsdal fylkesbibliotek og Kulturnett Møre og Romsdal på vegne av heile ABM-sektoren i Møre og Romsdal. I juni 2008 vart Møre og Romsdal fylke, Vestfold fylkeskommune og Nordland fylkeskommune valde til å lage slike handlingsplanar.
./. Møre og Romsdal sin handlingsplan, som no er utarbeidd, er vedlegg til og grunnlag for denne saka. Vedlegget er trykt for seg.

Bakgrunn for søknaden
Rundt i ulike institusjonar og private samlingar i Møre og Romsdal finst det mengder materiale som ventar på å bli gjort tilgjengeleg for eit breidt publikum. Det dreier seg både om bokleg materiale, arkivmateriale, foto, lyd og gjenstandar som er av stor allmenn interesse.
 
Mykje av dette eignar seg godt for digitalisering for vidare presentasjon på internett, både på dei ulike institusjonane sine nettstader/nettutstillingar og via fylket sitt eige Kulturnett Møre og Romsdal. Slik presentasjon på nett er viktig formidling til einskildpersonar, kommunar, brukarar av arkiv, bibliotek og museum, skole og undervisning, men også for framtidig satsing på kultur og reiseliv.
 
Til no har Møre og Romsdal totalt sett kome relativt kort i arbeidet med digitalisering av kulturarven. Det finst sporadiske satsingar, men det manglar samordna strategiar både i høve utstyr, fellestenester og infrastruktur. Det er klare ønske frå institusjonar innan arkiv, bibliotek og museum om at det må satsast på dette området.

Organisering og gjennomføring av planarbeidet
 
Møre og Romsdal fylkesbibliotek og Kulturnett Møre og Romsdal fekk eit felles ansvar for å leie arbeidet fram mot ein plan. På eit møte i Aasen-tunet 2. september 2008 vart det oppretta ei arbeidsgruppe for planarbeidet med representantar frå ABM-sektoren i fylket. Det vart også bestemt at det skulle gjennomførast ei omfattande kartlegging av stoda i Møre og Romsdal som skulle danne basis for planarbeidet.
 
Etter gjennomført kartlegging vart plandokumentet utforma av tilsette ved Kulturnett Møre og Romsdal og fylkesbiblioteket i samhandling med arbeidsgruppa. Gruppa hadde fleire møte gjennom prosessen og ein nytta elles utveksling av dokument og synspunkt på epost etter kvart som dokumentet tok form. Det var også kontakt med rådgivarar frå ABM-utvikling under arbeidet med planen.
 
Plandokumentet vart sendt på høyring til ABM-institusjonane i fylket i mai 2010, og blir lagt fram for kulturutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune 08.09.2010.
 
Kartlegginga
 
ABM-utvikling ønskte ei felles spørjeundersøking for ABM-institusjonane i dei tre fylka, i form av questback, som grunnlagsmateriale for planarbeidet. Utforminga av dette tok mykje tid, og i ettertid viste det seg at mange av spørsmåla var dårleg tilpassa dei enkelte sektorane. Dette gjorde ein del svarmateriale vanskeleg å tolke, men dei innkomne svara kombinert med direkte kontakt med institusjonane har likevel gjeve ein bakgrunn for analysar og strategiar som utgangspunkt for planarbeidet.
Generelt sett viste kartlegginga store ulikheiter institusjonane imellom, og det kom fram store variasjonar både innan samlingar, utstyr, infrastruktur, kompetanse og midlar brukt til praktisk digitalisering og formidling på nett. Kartlegginga stadfesta på mange måtar dei store utfordringane på området som var utgangspunktet for ABM-utvikling sitt initiativ om regionale planar.
Detaljane for dei enkelte institusjonane er detaljert skildra i sjølve planen. Det kan nemnast at 25 av 36 folkebibliotek og alle dei 9 andre ABM-institusjonane i fylket svarte på undersøkinga.

Handlingsplanen - innhald og funksjon
Dokumentet beskriv i kartleggingsdelen status og utfordringar for ABM-institusjonane i fylket. Planen set fokus på eit område som krev ein særskilt innsats i Møre og Romsdal. Dokumentet viser til ei rekkje formidlingskjelder, og viser også dei mange mulegheitene som ligg for institusjonane til å nå nye brukargrupper. Her er det også eit viktig bevaringsperspektiv. 
Planen skal styrkje det faglege arbeidet med digitalisering og formidling i institusjonane gjennom kompetansebygging, samarbeid og utvikling av strategiar for samarbeid og tenesteproduksjon. Det blir lagt opp til nært samarbeid med sentrale aktørar på området, som Nasjonalbiblioteket og Riksarkivet, for å sikre bruk av nasjonale standardar i arbeidet.I tillegg beskriv dokumentet sentrale utfordringar generelt knytt til distribusjon og formidling av digitalisert materiale, og ser dette både i regional, nasjonal og internasjonal kontekst.
Sentrale strategiar i planen:Strategiane tek utgangspunkt i regionale og nasjonale målsetjingar uttrykt i stortingsmeldingar og fylkesplan i tillegg til informasjon som kom fram i den lokale kartlegginga.

    Praktisk arbeid· Styrkje satsinga ved å byggje opp eit sentralt tilbod i fylket med sentralt ansvar for utførande digitalisering, med sterk fagkompetanse på skanning, lagring, kommunikasjon og opphavsrettslege spørsmål· Desentralisert arbeid med digitalisering lagt til eit utval institusjonar ut frå fag­område og lokal kompetanse· ”Småskala” digitalisering utført lokalt bør skje med rådgiving frå den sentrale digitaliseringstenesta for å sørgje for einsarta standardar mv.  
    Kompetansebygging· Stor fokus på kompetansebygging innan digitalisering og formidling· Sørgje for kommunikasjonslinjer mellom den sentrale digitaliseringstenesta og ABM-institusjonane og lokale aktørar i fylket· Arrangere regionale samlingar med kurs og temamøte for å informere og drive kompetansebygging  
    Formidling· Nettbasert formidling på dei ulike institusjonane sine nettstader og på lokale nettutstillingar· Bruke Kulturnett Møre og Romsdal aktivt som ”utstillingsvindu” for det som skjer i fylket av digitalisering av kulturarven· Arrangere årlege ABM-samlingar i fylket med stor fokus på digitalisering og formidling

 
Fylkesplanen si rolle 
Samanfallande med arbeidet med planen har det også foregått eit arbeid med fylkesplan for Møre og Romsdal 2009 - 2012. Kulturområdet har følgjande hovudmål: Møre og Romsdal er ein levande, framtidsretta og dynamisk kulturregion, der tradisjon, mangfald, nyskaping og verdiskaping går hand i hand, og der kultur er tilgjengeleg for alle.Det er utarbeidd eige handlingsprogram for kultur for 2009, der følgjande resultatmål er relevante for denne regionale handlingsplanen: 
 
Resultatmål 5:Fleire innbyggjarar, spesielt unge under 30 år, skal ha kunnskap om og kjenne verdien av å ta vare på kulturarven, samanlikna med 2008. 
 
Resultatmål 6:Viktige delar av kulturarven skal digitaliserast, og det skal utviklast felles infrastruktur og strategiar for nettbasert formidling og informasjon. 
 
Resultatmål 7:Biblioteka i Møre og Romsdal skal dekkje innbyggarane sine behov for eit breitt spekter av bibliotektenester. 
På det tidspunktet arbeidet med regionale handlingsplanar for digitalisering starta, var arbeidet med fylkesplanen for Møre og Romsdal i ein tidleg fase. Ambisjonen var at handlingsplanane skulle vere ferdige hausten 2008, men arbeidet var forseinka grunna den sentale questback-undersøkinga. 
 
For Møre og Romsdal sin del ser det ut som denne utsetjinga totalt sett vart ein fordel. Det vart tid og høve til å gjere nødvendige koplingar mellom fylkesplanen og strategisk tenking på området digitalisering, noko som ga planarbeidet langt meir legitimitet regionalt enn det elles ville fått. 
 
I fylkesplanen er det gjort løyvingar som skal nyttast til konkret utstyr og prosjektarbeid for å oppfylle strategiar i planen, noko som forpliktar for vidare satsing på varige tenester. Satsing på nettbasert samarbeid og formidling er kome på dagsorden og blir kommunisert både innan ABM-nettverket og politisk gjennom fylkesplanen, noko som styrkjer gjennomføringsevna for planlagte satsingar. 
 
Høyring 
Planen vart sendt ut til høyring til ABM-institusjonane i fylket 6. mai 2010 med høyringsfrist den 20. mai. Då fristen var ute hadde 4 svart. Det var Romsdalsmuseet, Kristiansund bibliotek, Nordmøre museum og Fylkesfotoarkivet. Fleire institusjonar bad om utsetjing og fekk det. Etter fristen kom det inn berre eitt svar, frå Stiftinga Sunnmøre Museum. 
 
Høyringsuttalane frå Kristiansund bibliotek og Nordmøre museum er konkrete kommentarar om skildringa i planen av eigen institusjon. Stiftinga Sunnmøre Museum seier at planen gir ei god oversikt over behov og nødvendige tiltak innan sektoren. 
 
Fylkesfotoarkivet seier at ”ABM-sektoren i Møre og Romsdal først og fremst har behov for en digital produksjonsavdeling som kan håndtere store mengder kildemateriale teknisk effektivt” som ”må gå hånd i hånd med en sterk datateknisk ressurs som kan sikre, organisere og bevare digital informasjon på en betryggende måte”. Fylkesfotoarkivet er glad for at planen ikkje legg føringar for kva digital produksjonsløype eller kva eller kven sine kilder som skal digitaliserast først. 
 
Høyringssvara frå Romsdalsmuseet har, i tillegg til kommentarar om eigen institusjon, også omfattande kommentarar om framtidige strategiar i arbeidet med planen og senteret. Dei vurderer planarbeidet som eit interessant, nyttig og naudsynt arbeid for ABM-sektoren i fylket, ut frå den stadig aukande vekta som vert lagt på digitale tenester i høve både bevaring og formidling. Planen blir vurdert å vere eit fyldig og godt dokument som museet ser fram til får si endelege form etter høyringsrunden. Dei vonar at denne handlingsplanen fører til at det vert lagt fastare strategiar og arbeidd for betre kvalitet i digitaliseringsarbeidet, kompetanseheving, utarbeiding av standardar og meir vekt på kva ulike formidlingsplattformer som eksisterer og kan nyttast.
 
Dei seier vidare at plandokumentet vil verke inspirerande på ABM-institusjonane slik at dei ser nytten av å lage betre lokale strategidokument og planar for digitalisering, digital bevaring og digital tilgjengeleggjering. Dei slår vidare fast at foto er ein viktig del i digitaliseringsarbeidet i heile ABM-sektoren i fylket og saknar difor at planen ikkje drøfter kva rolle Fylkesfotoarkivet skal ha i dette arbeidet, og om denne rolla eventuelt vil bli endra som ei følgje av strategiane og prioriteringane som blir lagt i plandokumentet. 
 
KONSEKVENSAR AV PLANEN
 
1) Oppretting av eit senter for digitalisering 
Det blir etablert ei regional digitaliseringsteneste som eit prøveprosjekt for 2 år. Dette er ei satsing som blir vurdert som svært positiv frå ABM-utvikling, som har tildelt oppstartmidlar, og med delfinansiering frå fylkesplan er tenesta allereie under etablering. Her blir det ei sentral oppgåve i prosjektperioden å finne ein framtidig modell for drift og finansiering. 
 
Kartlegginga viser at situasjonen for digitaliseringsarbeidet i fylket i dag er sporadisk og lite gjennomtenkt med tanke på lagring og formidling, og ein manglar profesjonelt utstyr for ei profesjonell satsing. Det blir også utført digitaliseringsarbeid utanfor fylket som ikkje er presentert i ein regional kontekst. Det er behov for ei planmessig satsing med samspel mellom lokalt, regionalt og nasjonalt arbeid.  
 
Den regionale digitaliseringstenesta blir knytt til dei to fylkesdekkjande ABM-institusjonane som er samlokaliserte i Ålesund, nemleg Interkommunalt arkiv (IKA) og fylkesbiblioteket. Desse har på mange måtar ein funksjon som eit senter for ABM-samarbeidet i Møre og Romsdal og fungerer som faglege rådgivarar regionalt innanfor sine fagområde. Ei slik teneste vil vere sentral for å oppfylle ABM-institusjonane sine eigne digitale handlingsplanar. Tenesta må difor kunne utføre digitaliseringsarbeid på oppdrag frå ABM-institusjonar og andre aktørar i fylket, og elles drive rådgiving i høve ”småskala” digitaliseringsoppgåver som vert gjort lokalt. Dette vil gjere Møre og Romsdal rusta både til å opprette gode system for digitalisering, utføre arbeidet, og vidare leggje til rette for formidlingstenester gjennom god regional infrastruktur.
 
Planen legg opp til styrking av ABM-samarbeid, digitalisering og nettbasert formidling på mange nivå. Dette blir gjort ved å styrkje kompetanse, fagmiljø og utstyr i ein samordnande modell som omfattar både bokleg materiale, arkivmateriale, foto og anna. Her vil ein få gode synergieffektar med lokalisering av det regionale digitaliseringssentret i det tette faglege samarbeidet mellom IKA og fylkesbiblioteket. 
 
2) FylkesFOTOarkivet si stilling 
I denne modellen vil det også vere ønskjeleg å knyte tenester og kompetanse innan foto tett opp til den regionale digitaliseringstenesta. FylkesFOTOarkivet er også lokalisert i Ålesund. Heilt frå starten har FylkesFOTOarkivet vore ein del av Ålesunds Museum, som no er ei avdeling av Stiftinga Sunnmøre Museum. FylkesFOTOarkivet har ei fylkesomfattande oppgåve. Dei fylkesomfattande oppgåvene elles har vore gjenstand for vurdering. Etter å ha vurdert den nye situasjonen etter omorganiseringa av musea og samlokaliseringa av Fylkesbiblioteket og Interkommunalt arkiv, så har vi ein situasjon som tilseier at FylkesFOTOarkivet vil ha mange faglege fordelar av å vere plassert i dette miljøet. I dagens situasjon med forslag til tett samarbeid om nettbasert formidling for heile fylket, er det nærliggjande å foreslå eit slikt grep at FylkesFOTOarkivet blir del av IKA.
 
Magasin for fotosamlingane ved Sunnmøre museum reduserer ikkje dei faglege fordelane for den utadretta verksemda til FylkesFOTOarkivet som del av IKA. 
 
3) Planen og vegen vidare 
Dette dokumentet blir lagt til grunn for utviklingsarbeid og vidare samarbeid om digitalisering og nettbasert formidling i Møre og Romsdal. Planen skal vise retning, både for å betre allereie eksisterande tenester, og elles medverke til eit meir offensivt arbeid med digitalisering av kulturarven i fylket.  
 
Forslag til vedtak:

    1. Kulturutvalet ser på utarbeiding av Handlingsplan for ABM-samarbeid og nettbasert formidling i Møre og Romsdal 2010 - 2014 som viktig utviklingsarbeid for ABM-sektoren i Møre og Romsdal. Kulturutvalet ber om at handlingsplanen blir lagt til grunn for utviklingsarbeidet i fylket.
    2. Kulturutvalet ser på etablering av utviklingsprosjektet Senter for digitalisering ved Fylkesbiblioteket som viktig for å nå målsetjingar i digitaliseringsarbeidet i fylket. Etter to års prosjektfase vil evaluering danne grunnlag for å vurdere framtidsløysing for digitaliseringsarbeidet innan ABM-området i Møre og Romsdal.
    3. Kulturutvalet ser det som fagleg ønskjeleg at Fylkesfotoarkivet blir del av Interkommunalt Arkiv (IKA) og dermed det utadretta faglege ABM-miljøet i IKA, Kulturnett Møre og Romsdal og Fylkesbiblioteket.

 

Arvid Blindheim

fylkeskultursjef