Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til SEDAK-senteret
Senter for Digitalisering Av Kulturarven.

Lover og rett om opphavsrett

Les rapporten "Fri tilgang til foto på nett" frå Norsk folkemuseum og Maihaugen! (09.08.2011)

 
SEDAK-senteret skal byggje opp kompetanse på opphavsrettslege spørsmål. Til grunn for dette ligg Åndsverklova.
 
Kva har vi lov til å digitalisere OG formidle / publisere? Kva kan vi digitalisere, men IKKJE publisere?
Hovudregelen er at den som har laga eit åndsverk har eineretten til verket så lenge han/ho lever. Opphavsretten varer i 75 år etter opphavsmannes død og vert forvalta vidare av arvingar eller andre etter avtale. Dei økonomiske tilhøva rundt opphavretten er det som oftast skapar strid. I Norge ivaretek Kopinor opphavsretten for ei rekkje organisasjonar. "Kopinor inngår avtaler om bruk av åndsverk på vegne av opphavsmenn og utgivere i 22 medlemsorganisasjoner. Avtalene utløser vederlag som blir utbetalt av medlemsorganisasjonene..." står å lese på deira heimeside.
 
Alle typer kjelder og skriftleg materilale som er utgjeve før 1880 har "falt i det fri". Det er lov å digitalisere og publisere frå slike kjelder om vi får løyve frå den som eig det fysiske eksemplar av kjelden.
 
Nasjonalbibliteket forvaltar lov om avleveringsplikt for allment tilgjengeleg informasjon til nasjonale samlingar. Pliktavleveringa omfatter ikkje berre trykte dokument som bøker og aviser, men og td. NRK sine sendingar i radio og TV.

SEDAK-senteret skal bistå med digitalisering av alle typer kjeldemateriale.
0I dette ligg at vi enten utfører digitaliseringa sjølv eller nyttar underleverandørar inntil vi har utstyr og ressursar til å uføre digitaliseringa sjølv.For kjelder vi ikkje har lovheimel til å digitalisere, må løyve frå rettigheitshavarane hentast inn før vi kan digitalisere.
 
Merk: I  Nasjonalbibliteket sine planer skal alle årgangar av alle norske aviser, og alle norske trykte bøker og skrifter digitaliserast.  Etter særsklt avtale, og når det er viktig at trykte kjelder vert digitalisert for td. forsking, men ikkje puiblisering, vil SEDAK samarbeide med Nasjonalbiblioteket for å få slikt materiale digitalisert. Om IKT og digitalisering ved  Nasjonalbiblioteket kan du lese meir her...