
Søk i SEDAK
Informasjon
Litt informasjon om filformat .....
Kva eigenskap må filformata ha om vi skal vere trygge på at dei kan langtidslagrast, opnast og lesast i framtida?
Spørsmålet kan "Deep Blue" og Nasjonalbiblioteket gje oss svar på. At eit format er mykje brukt kan langt på veg vere eit godt svar. Biletformatat JPEG-.formatet (.jpg) er eir døme på det. TIFF er det aller sikeraste til lagring av bilete, men tek mykje plass.
Kodak sitt geniale Photo-CD format er eit døme på eit godt format, men ikkje godkjend format "utgått på dato". Har ein bilete lagra i slike format som vart mykje nytta før digitale kamera og skannarar vart vanlege, bør dei konverterast før det er for seint.
Konvertering eller "migrering" er eit stikkord for alt digitalt som skal takast vare på: Med mellomrom må alle digitale kjelder flyttast over på nye lagringsmedier og ofte konverterast til andre format.
Sikker lagring av data er ei anna utfordring. Datalagring i nedlagde, kjølige gruver er spådd til å verte ei ny stor vekstnæring i Norge. (RAL 9.8.2011)
Sjå også http://efn.no/filkonvertering.html
Lydformat - lagring
Nasjonalbiblioteket tilrår at ein brukar Wave-formatet (*.WAV) til lagring av lydopptak. Brukskopiar kan ha andre format, som det
komprimerte mp3-formatet. Nasjonalbiblioteket skriv elles dette om digitalisering av lyd:
Kopiering av lydberarar frå eitt analogt medium til eit anna analogt medium er no utdatert. Ei slik kopiering degraderer originalsignalet, og i dag eksisterer det digitale format som kan representere dei analoge formata. Digitalisering av lyd gjer vi ved å bruke høgkvalitets analog-til-digital-omformarar som tryggjer overføring utan at digitale defektar oppstår.
Det er viktig at den digitale bevaringskopien inneheld ein så eksakt representasjon som mogleg av eventuell støy og/eller lyd valda av slitasje. Da kan brukarane i framtida nytte dei mest oppdaterte kunnskapane og algoritmane for å fjerne denne typen defektar. For kassettmedia kan digitalisering gå føre seg ved hjelp av robotløysingar. (www.nb.no/fag/kompetansesenter/bevaring/lydfestingar, lesedato 16.3.2009, som SEDAK har klippa frå Samlings- og dokumentasjonsplan nr 2 2009-2011, Nynorsk kultursenter.) (Les meir test!)
Div linker mm.
Digital bevaring? sjå http://digitalbevaring.dk/digital-bevaring/