Skriftstørrelse: A- A+

Velkomne til SEDAK-senteret
Senter for Digitalisering Av Kulturarven.

Hovudside

SEDAK er digitaliseringseiniga for ABM-institusjonane i Møre og Romsdal

Frå 2013 er SEDAK ein del av IKA  - Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal

Heimesida var ein del av prosjektet og vart sist endra 2.mai 2013. Les meir

SEDAK-sida vert for tida ikkje oppdatert:

22.05.2013

150 år gamle skjøter frå Kirklandet

Eit tjuetals godt oppbevarte permar med kan hende 1000 gamle skjøter frå Kristiansund kan bli neste oppdrag for SEDAK-senteret. Vi har digitalisert "Kirkelandet 1-50" for Kristiansund kommune som prøve. Ei førebels link til dokumenta finn du her.  (og her i "BlaBok"-variant). Det finst ikkje register over desse skjøta i dag. Register vert laga om dokumenta vert digitaliserte.

 


28.04.2013

Ny leiar for SEDAK

Ottar André Breivik Anderson er tilsett i stillinga som konsulent ved SEDAK. Anderson er sulaværing, fotograf og begynner i stillinga 2.mai 2013


26.03.2013

"Fremst i fangst og fiske" Ålesund 100 år

I samband med oppdrag for EPAX AS har vi digitalisert eit skrift som vart utgjeve i samband med Ålesund sin historie 1848-1948. Skriftet inneheld  mange bilete som ikkje er så lett å oppdrive andre stader enn i trykte kjelder ved IKA - Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal.

Det er Jan Erik Ski som arbeider med å skaffe kjelder og skrive sentrale deler av tranhistoria i Ålesund og Norge for EPAX AS, ein av verdas største produsentar av omega-3 oljer.


26.03.2013

Dei 10 siste slektsprotokollane er ferdig digitaliserte

Vi er ferdige med digitalisering av alle Einar Thurn-Christensens protokollar, i alt 23 stk. Etterbehandling må rett nok vente til over påska.


01.03.2013

13 Slektsprotokollar ferdig digitaliserte

Vi er ferdige med digitalisering av Einar Thurn-Christensens protokollar frå A til L. Etter avtale med Kristiansund bibliotek venter vi litt med å leggje dei ut via våre nettsider. Ein prøevsmak finn du likevel her ETC-A1-Bind_01-Abak-Austigard 


15.01.2013

Stilling ledig som konsulent ved digitaliseringssenteret (SEDAK)

Søknadsfrist 8.feb. 2013. Du finn utlysingsteksten her...


10.01.2013

Viktig oppdrag for Kristiansund bibliotek

SEDAK skal starta 2013 med digitalisering originalprotokollane etter journalist Einar Thurn-Christensen i Kristiansund. ETC-arkivet består hovudsakeleg av handskrive materiale og avisutklipp.

Det er slektsoppteikinigane i eit tjuetals handskrivne bøker SEDAK skal digtalisere for Kristiansund bibliotek. Desse originalkjeldene har fram til no berre vore tilgjengelege på mikrofilm.

Bibliotekar Randi Kystad Iversen (tv.) og biblioteksjef Elisabeth Soleim ser fram til å få dei mykje brukte ETC-kjeldene "på nett".

Heile ETC-samlinga er mykje meir en dei handskrivne slektssogene. I 2011 digitaliserte SEDAK-senteret avisutklipp mm. som del av SEDAK-prosjektet. Foto: Ragnar H. Abertsen)


08.11.2012

SEDAK kjem i permanent drift frå 2013

I møte 1.11.2012 vedtok Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, sak "KF-52/12 Senter for digitalisering av kulturarven - SEDAK. Evaluering av prosjektperioden og framlegg til vidare drift". at SEDAK skal vidareførast. Sak oig Fullstendig møteinnkalling finner du her.

Hovudmoment i framtidig driftsmodell for SEDAK:
 SEDAK blir organisatorisk knytt til IKA Møre og Romsdal, og held fram
lokaliseringa i Kirkegt. 10 i Ålesund.
 Fylkeskommunen yter grunnfinansiering som basistilskott til løn (pr. 2012
stipulert til kr 600 000 årleg inkl. sos. avg. etc.).
 SEDAK sel tenester til ABM-institusjonar, organisasjonar, kommunar og
private etter ein differensiert prismodell.
 Driftsutgifter og vidare utviding av tenesta blir dekka av inntekter ved salg av
tenester frå SEDAK til ABM-institusjonane basert på ein intensjonsavtale om
regelmessig kjøp av tenester.
 Inntekter frå eksterne aktørar skal vere eit supplement til den offentlege
basisfinansieringa.
 Representantar for ABM-institusjonane i fylket skal fungere som ekstern
styringsgruppe for SEDAK.


SEDAK-prosjektet er avslutta....

2 år er gått siden SEDAK var sett i gang som prosjekt. Prosjektperioden er over. Prosjeketleiar går no tilbake som fotoarkiver ved FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal. 1 nov 2012 kjem saka om SEDAK skal bli ei permanet eining og teneste for ABM-sektoren i Møre og Romsdal og i Kultur- og helseutvalet i Møre og Romsdal.

Takk til alle som har bidrege i i prosjektperioden!

Ragnar H. Albertsen, prosjektleiar


SEDAK presentert på møte i Kultur- og folkehelseutvalet (Publisert 12.09.2012

Fylkesbiblioteket var vertskap då Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal hadde septembermøtet. Det vart ei brei orientering om kva Fylkesbiblioteket, IKA (Interkommunalt arkiv), Kulturnett og SEDAK arbeider med. På biletet er det Jan Aakvik frå Kulturnett Møre og Romsdal som presenterer sin bolk.



Heile Møre og Romsdal i 1914 (Publisert 07.09.2012

IKA (Interkommunalt arkiv, Møre og Romsdal) og SEDAK digitaliserte i 2011 alle møtebøkene i fylket som inneheld året 1914. I mai 2011 fekk kommunae ein DVD-plate med sine digitale møtebøker. Dei siste månadene har SEDAK nesten berre arbeidd med publisering av digitalisert materiale. Den siste veka har vi fått nesten alle dei kommunale "1914-møtebøkene" på nett. Du finn dei her.

Møtebøkene er registrert i ASTA og kan etterkvart søkjast opp under Arkivportalen.


Branntakstprotokollar frå Ålesund 1852-1888 (Publisert 17.07.2012)

Tre branntakstprotokollar frå Ålesund er no lagt ut som "BlaBøker" på SEDAK sin server
Protokollane er statleg arkivmateriale og er registrert som prosjekt nr 1 (SED_0001) i SEDAK sitt arkiv.

Protokollane er digitalisert for IKA, Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal

Du finn dei her


Møtebøkene frå Stordal er publiserte (Publisert 26.06.2012)

Norddal, Stordal og Sunndal kommune er førebels dei einaste kommunane i Møre og Romsdal som har fått heile serien med møtebøkene sine digitaliserte.

Du kan bla i 11 møtebøker frå Stordal  her!


Møtebøkene frå Norddal er publiserte! (Publisert 05.06.2012)

Norddal, Stordal og Sunndal kommune er førebels dei einaste kommunane i Møre og Romsdal som har fått heile serien med møtebøkene sine digitaliserte.

Du kan bla i 11 av de dei 20 møtebøkene frå Norddal   her!



"Den 17de Mai" skriv 17.mai 1894 om 17.mai 1829: (Publisert 17.05.2012)

I Nr 53a av avisa (filsider 214-215) skriv avisa:

"Karl Johan likte ikkje at nordmenne var glade i grunnlovsdagen sin. Han gjorde hva han kunne fyr aa døyva ned all festglede. Men magtbodi hans fruktad ikkje stort. Nordmennene fekk derved berre endaa meir hug til aa høgtida den dagen, daa Norig etter fleire hundrad aars trældom vann sin politiske fridom att......." Du kan no lese heile fyrste årgangen av "Den 17.mai på nett takka vere at Aasentunet no brukar ressursar på å få SEDAK-senteret til å digitalisere dei skriflege kjeldene sine.

1. årgang av avisa "Den 17.mai" kom ut i 1894,  Denne er ei av 50 skrifter, avisårganger, vekeblad, og andre arkivsaker SEDAK har digitalisert for Nynorsk kultursenter, Ivar Aasen-Tunet. Siste digiøkt var 15.05.2012.  17.mai


Romsdalsmuseet og SEDAK publiserer digitaliserte kjelder (Publisert 11.05.2012)

Ei vitig oppgåve for SEDAK-senteret er å bidra til formidling av digitalisert materiale. Veøy Branntrygdelag: Boggestranda krins: Takstprotokoll 1928-1964 ligg no ute som eit døme på dette. Primært vil SEDAK i samarbeid med IKA publisere gjennom www.arkivportalen.no. Å lenkje kjeldene frå ASTA-databasen mot bilete av sidene i ein protokoll er førebels ei relativt tidkrevjande oppgåve. Som ei god tilleggsløysing vil SEDAK no starte publisering av heile protokollar direkte frå eit enkelt søk.

I 2011 digitaliserte SEDAK omlag 12.500 sider med branntakstar frå 30-40 protokollar for Romsdalsmuseet. I slutten av mai vert desse søkbare via arkivportalen. Store delar av det som SEDAK har digitalisert i prosjektperioden vert tilgjengelege på nett det næraste halvåret.

Siste: 11 møteprotokollar frå Sunndal er "på nett". Sjå nederst på denne sida.


Russejenter anno 1951 (Publisert 01.05.2012)

Russejenter i Kristiansund 1951. Foto: Klaus Monge

Så er vi i gang igjen, for det meste raude, men og ein del blå. I 1951 var dei alle grå, dvs.alle vart fotogarfert i svart/kvitt :-)

Det er mai og vi snakker sjølvsagt om russen. Kristiansundfotografen Klaus Monge aktiv periode: 1939-1978) fotograferte russen på 9x12 cm svart/kvitt planfilm i 1951. Fotograf Jan Gunnar Engvig deponerte i 2011 "Monge-arkivet" ved Nordmøre museum. 20.000 ordrar i Mongearkivet er eit av fleire digitaliseringsprosjekt SEDAK arbeider med for museet.


 

Elstad-manus til digitalisering  (Publisert 29.03.2012)

SEDAK har fått oppdraget med å digitalisere Anne Karin Elstad sine originalmanus til romanen "Folket på Innhaug". Romanen var byrjinga på eit eineståande forfatterskap til den produktive og folkekjære forfattaren frå Valsøyfjord i Halsa kommune på Nordmøre. Noko av det spesielle ved originalmanusa til Elstad er den fine handskrifta og at ein kan sjå kor lite endringar som er gjort i teksten frå manus til ferdig tekst i boka.

SEDAK har førebels digitalisert manuset til "Magret", den andre boken av i alt fire romanar om Innhaugfolket kring 1818. Resten, 8 hefte med handskrift skulle digitaliserast i slutten av april, men er utsett etter at Anne Karin Elstad brått døydde 4. april.. "Folket på Innhaug" er den første av fire bøker i ein historisk romansyklus der handlinga går føre i byrjinga av 1800-talet. Det er "Elstadsamlinga" i Valsøyfjord som er eigar av manusa og oppdragsgjevar.


Møteprotokollane ferdig digitaliserte (Publisert 12.03.2012)

Foto: Ragnar H. Albertsen, 9. mars 2012

9. mars var SEDAK ferdig med digitalisering av den 36. og førebels siste møteboka frå Sunndal kommune. Protokollen var ein av to tjukke og tunge einingar på 590 sider med ca 200 kommunale saker frå 2. halvår 1964 i industrikommunen. Protokollane frå 1960-åra er maskinskrivne ”Xerox”-kopiar som opphaveleg har vore kopiert i mange eksemplar og arkivert i ringpermar.  Møtedokumenta, saklister, vedtak og referat, er seinare limt saman til store tunge protokollar på 300-700 sider.

Kvar enkelt side i protokollen er like tidkrevjande å digitalisere som doble handskrivne sider i dei 100 år gamle protokollane. Normalt kan maskinskrivne A4-ark digitaliserast effektivt i bunkeskannar.

SEDAK er no ferdig med å digitalisere dei møtebøkene som Sunndal, Norddal og Stordal tinga digitalisering av. Etterarbeidet og det å finne ei god løysing for å få møtebøkene tilgjengelege via Arkivportalen står att.


Foto: Ragnar H. Albertsen, 9. mars 2012

ASTA-modul for transkribering av møtebøker (Publisert 02.03.2012)

Stiftinga ASTA  er no i innspurten av utviklinga av ein modul for brukarar som vil vere med å transkribere (skrive av) handskrift frå td. kommunale møtebøker. Registreringsprogrammet ASTA nyttast av IKAMR og praktisk tala alle arkivinstitusjonar i Norge. Agendaen på workshopen som SEDAK var med på i går 1.3.2012, var primært om brukargrensesnittet. Men fleire sentrale emne vart diskutert.  Arnfinn Sandnes, seniorutviklar for ASTA (bilde) hadde ma. innlegg om  databehandling, arbeidsflyt og forvaltningsansvaret for ASTA-databasen og kva rolle "Arkivportalen skal ha. (Workshop-programmnet)


Njord Røv, prosjektleiar for "Dette må du ikke gjøre hjemme" føreleste på Rockheim. (Foto: Ragnar H. Albertsen)

Dette MÅ du gjere heime! (Publisert 16.02.2012)

Njård Røv, prosjektleiar for ma. tv-programma "Schrödingers katt" og "Ikke gjør dette hjemme" på NRK1 var ein av to særs inspirerande foredragshaldarar då Norsk kulturråd og Sør-Trøndelag fylkeskommune inviterte til digitalkurs. Målet var å fortelje og lage gode historier på "Digitalt fortalt", kort sagt: Dette Må du berre gjere heime!

Kurset på Rockheim i Trondheim var overbooka, mange sto på venteliste. Prosjektleiar for SEDAK deltok og fekk samstundes lære meir om digitalisering av lyd. Vi fekk ei innføring i grunnleggjande prinsipp for å fortelje gode historier på 2-4 minutter. I tillegg til Njord Røv føreleste Nina Fjelnset, partner og gründer i ablemagic om korleis ein må bygge oppe historia for å engasjere. Jobber du i ABM-sektoren i Møre og Romsdal og ønsker å lære meir om digitalisering av lyd: Ta kontakt :-)


Illustrasjon frp bygdeboka i Norddal. Men kven har teke biletet og har rettane til det?Bygdeboka "Grunn og gror" frå Norddal digitalisert, men... (Publisert 01.02.2012)

SEDAK har digitalisert band III av bygdebøkene frå Norddal. Boka, forfatta av Ivar Kleiva og utgjeve av Norddal kommune i 1975, er ikkje "falt i det fri". Inntil rettane til eit par hundre illustrasjonar i den 487 sider store boka er avklara vert ikke boka å finne på nett under SEDAK. Men ein illustrasjon som faksimile syner vi her saman ein annan illustrasjon; Norddals-songen, skriven av Lilly Sandnes og komponert av Kjell Kiperberg.

 


Sivert Aarfloit-arkivet ferdig digitalisert (Publisert 17.01.2012)

SEDAK er no ferdig med å digitalisere trykksakene i dei 11 kassettane med Sivert Aarflotmateriale digitaliseringssenteret mottok i slutten av oktober, - ting tek tid.. . Materialet, ca. 2500 arkivdokument, krev ulik handsaming før det vert formidlingklart. I "Kassett 10" fann vi ein trykksak, ei beretning frå eit Landbruksmøte på Ørlandet i Volda1865 som vi har delt opp i enkelsider og laga ein PDF-fil, slik at det noe er formidlingsklart. Tykksaken (OBS 2MB ubehandla fil) er trykt av  "Egsæt 1865". Det er Volda bygdetun og Sivert Aarflot Museum, under stiftinga Sunnmøre Museum, som eig denne delen av Aarflotarkivet.


 

SEFRAK frå Hareid og Sande er ferdig (Publisert 10.01.2012)

SEFRAK-døme frå Hareid kommune. Bilete: Objekt nr 1,  krins 1. Foto: Sverre Steines 1986. I samarbeid med Fylkeskulturavdelinga har SEDAK gjennomført eit pilotprosjekt i Hareid kommune med skanning av alle SEFRAK-skjema og bileta (negativa). Måndag 9. januar vart filane med 547 SEFRAKskjema levert til Geomatikk IKT AS i Trondheim. "Skjema vil i første omgang bli lasta opp til ein sakshandsamardatabase (Bra Arkiv). Dette er eit nasjonalt prosjekt, som skjer i samråd med Riksantikvaren. Målet er at alle ca 44000 skjema i fylket skal scannast i løpet av komande år. Sande kommune er alt ferdigskanna, og arbeidet er også i gang i Sunndal. Vi arbeider også med å tilgjengeleggjere meir data for publikum.", skriv kulturavdelinga på heimesida si. Meir enn 2100 bilete frå SEFRAK-registreringa er i tillegg søkbare via FylkesFOTOarkivet si nettbase. Biletet: Objekt nr 1,  krins 1 i Hareid kommune. Foto: Sverre Steinnes 1986.


Magnar Kruse Bjørge sine skriter til digitalisering

FAMILIEN ABELSETH (Publisert 22.12.2011)

Foto: Lars Petter Tøsse, Kjelde: FylkesFOTOarkivet

I 1960 utga Magnar Kruse Bjørge eit av sine mange slektshistoriske skrifter. Fylkebiblioteket i Møre og Romsdal har nå fått avtale med Kruse sin son om å publisere desse. Skriftene har vore mykje i bruk på Ålesund bibliotek. I 2012 vert dei publiserte på biblioteket og fylkesbiblioteket sine nettsider, ma. gjennom "Mørerom". Det første skriftet vart digitalisert ved SEDAK i dag og er førebels berre tilgjengeleg via SEDAK. Du kan lese PDF-fila med "Oversiktstavle over Abelseth-ætt" her. (1,7MB)

Søker du Abelseth i nettbasen til FylkesFOTOarkivet får du 163 treff. Ingen av personane på desse bilda er omtale i slektsskriftet: Magnar Kruse Bjørge si anetavle går frå ca. 1570 og fram til 1848, like etter at fotografiet var oppfunne. Men Laurits Abelset, som er på dette bilde, er teke på Nilsgarden på Apalset i Ørskog 1947, er kan hende oppattkalla etter sin stamfar Laurits Abelseth fødd ca. 1616?


Frå datakurset på Nordmøre museum 7.12.2011. Foto: Ragnar H. Albertsen

SEDAK styrker digitalkompetansen: 30 PÅ DATAKURS (Publisert 8.12.2011)

Ei av oppgåvene til SEDAK er å bidra til å auke den digitale kompetansen innan ABM-sektoren i Møre og Romsdal. Saman fotoarkivar Stina Aadland Jensen ved FylkesFOTOarkivet har vi denne veke hatt kurs tre dagar til ende for tilsette ved stiftinga Romsdalsmuseet, stiftinga Nordmøre museum og for tilsette ved stiftinga Sunnmøre museum. Opplæring i gratisprogrammet  Faststone viewer og Photoshop Elements stod på programmet. Mykje "input" på ein dag, men vi trur alle fekk nytte og inspirasjon av kurset. I alt 31 personar har delteke på kursa våre.


HAREID: KULTUR PÅ NETT - Kva finst og korleis bruke det? (Publisert 22.12.2011)

I samband med prøveprosjektet med å digitalisere og publisere SEFRAK-bilete på nett skipa Hareid kommune ope møte om kultur på nett. Det var SEDAK som hadde teke initiativ til møtet for å "lodde" stemninga og sjå om dette kjeldematerialet er interessant for publikum . Med på laget på det innhaldsrike møtet var Jan Aakvik frå Kulturnett, Heidi Sørensen Drageseth frå Fylkesbiblioteket og fotoarkivar Stina Aadland Jensen frå FylkesFOTOarkivet. Kultursjef Oddbjørn Grimstad sto føre sjølve tilskipinga. Les meir!


Rulleskannaren er i drift: "Spurv med kanon" (Publisert 14.11.2011)

"Det vert aldri nok pikslar", er det mange som seier. "Norsk digital standard" er endra mange ganger. Filane vert større og større. Kor store filar treng vi for framtida? Som første kunde i Norge fekk SEDAK ein Contex Ultra+ 4230 rulleskannar på plass og i drift frå 7.11.2011. Vi kjøpte ikkje den raskaste modellen, men skannaren er rå på oppløysing: 1200 dpi optisk på det meste. Vi (IKA-Harald og RAL) skanna skipsteikningar -  "generalarrangement - fra Bolsønes skipsverft i Molde - som første prosjektet. Men "berre" i 400dpi (og 100% str.). Originalteikningane var på ca. 120cmx90cm og tok opptil 650MB plass pr. fil. Omrekna til standard skjermkvalitet (72dpi) vert teikningane på 6,5 x 4,5meter. Skipsteikningar er ikkje "spuvemateriale", men i digital samanheng kan vi no skyte spurv med kanon. Men bør vi det?  - Trykk for stor teikning, utsnitt, eller info om bygget.


Slektsforskardagen 2011 (Publisert 24.10.2011)

Konservator Mads Langnes (biletet) var ein av fleire som heldt fordrag under Slektsforskardagan 2011 som DIS-arrangerte i Molde laurdag 22.10.2011. SEDAK var også til stades og orienterte om arbeidet med digitalisering av møtebøker. Leiar i DIS-MR, Jonny Lyngstad, hadde med eit breidt utval skikkeleg gamle protokollar til gjennomsyn, men som ikkje er digitaliserte - førebels... Det var nærare 40 ulike arveskifter, auksjonar, idrettslag, ungdomslag, losjer, kristne organisasjonar, lokale mållag etc.  Her er nokre glimt av Jonny m.fl.


Digitalisering av Sivert Aarflot sine skrift (Publisert 19.10.2011)

Dokumet frå arkievt etter Sivert Aarflot

I år er det 202 år sidan Sivert Aarflot starta det første prenteverket på landsbygda i Noreg. "Nestan utan skulegang starta Aarflot ei opplysningsverksemd mest utan sidestykke i Noreg: Han gav ut den første avisa på landsbygda, skipa det første frie lånebiblioteket på landsbygda og samla bygdeungdom kvar søndag for å gje dei utsyn mot verda." SEDAK digitaliserer no delar av arkivet etter pioneren. Det er stiftinga Sunnmøre museum som formelt rår over arkivet saman Volda bygdetun og Sivert Aarflot Museum. Les Jarle Sulebust sin artikkel i Sunnmøre historielag si årbok for 2009. Øystein Sande ved Høgskulen i Volda har samla svært mange av Aarflot sine skrifter,....og avisa Møre laga ein artikkel om arbeidet vårt laurdag 22.10.2011


Halvvegs! (Publisert 1.10.2011)

1. oktober var SEDAK halvvegs i det 2.årige prosjektet som inngår i "Handlingsplan for ABM-samarbeid og nettbasert formidling i Møre og Romsdal". I løpet av det første året har vi kome godt i gang med produksjonsløypa og omlag 70.000 filer frå ulike kjelder i Møre og Romsdal er til no digitaliserte. I høve Handlingsplanen ligg vi etter skjema med formidlinga. Men: Romsdalsmuseet sine branntakstprotokollar er ferdig registrerte i ASTA 5. SEDAK har digitalisert 70 av desse (omlag 11.500 sider). Dette materialet vil bli av det første som vert tilgjengeleg på nett via Arkivportalen - venteleg i november 2011.

Utsnitt av skisseteikning, gullsmed Gaudernack ca 1900

Gledeleg er det også at alle dei sju store ABM-institusjonane i Møre og Romsdal som er med på å finansiere og styre SEDAK har kjeldemateriale til digitalisering ved SEDAK ved "årsskiftet".

Vi nemner nokre prosjekt:

Jugendstilsenteret: Gullsmed Gustav Gaudernack (1865-1914) er rekna som kanskje den fremste gullsmeden i Norge kring 1900. Heile arkivet med teikningar og skisser til jugendsmykke og utsmykking er deponert ved Kunstkvartalet – Jugenstilsenteret i Ålesund. SEDAK-senteret arbeider no med digitalisering av teikningane. Jugenstilsenteret med dokumentasjonsleiar Torbjørn Akslen og formidlar Ingvil Grimstad i spissen planlegg ei utstilling med Gaudernack sine arbeid i 2014.

Ivar Aasen-tunet: Digitalisering av alle årgangar av Fedraheimen er no ferdig. Det er Ivar Aasen-tunet som er oppdragsgjevar. Fedraheimen kom ut mellom 1877 og 1891. I alt meir enn 2000 avissider digitaliserte. (Bilde: I arkivet: Anders Aanes er dokumentasjonsleiar ved Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. (Foto: RAL 18.10.2010)

IKA - interkommunalt arkiv:

Stordal og Norddal var først ute med å tinge digitalisering av kommunale møtebøker etter at SEDAK gjennom IKA gjekk ut med tilbod om digitalisering av dette spanande kjeldematerialet. Frist for å tinge digitalisering til kr 5 pr. side/fil er utvida til 1.12.2011.

Fylkesbiblioteket:

Digitalisering av bygdebøker er ei prioritert oppgåve. SEDAK har no digitalisert Aarviknesbøkene i Volda, Veløy 1 og 2 og "Gardtales i Aure" - bygdeboka i Aure.


547 gamle bygningar (Publisert 23.09.2011) Fv. Margreta Liavåg, Signe R Kanstad	(planavd.) og Oddbjørn Grimstad. (Foto:RAL)HAREID: Over 2600 bilete (negativ) og skjema med opplysningar om 547 hus bygd før 1900 er nå digitaliserte av SEDAK. I Møre og Romsdal er det registrert til saman 44.788 hus/objekt. Såvidt vi veit har ingen andre kommunar i landet fått digitalisert sjølve filmnegativa frå registrerigsarbeidet. Kultursjef Oddbjørn Grimstad (biletet) og andre gode krefter i Hareid samarbeider no med SEDAK om presentasjon av materialet. SEFRAK er ei forkorting for SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminner. Dette sekretariatet hadde ansvaret for ei landsomfattande registrering av eldre bygningar. Eit grundig feltarbeid blei gjort i perioden 1975-1995, og registeret som vart oppbygd fekk namn etter sekretariatet.


"Den17deMai" 11. september 1897 (Publisert 11.09.2011)

Anders Aanes frå Aasentunet kom med ei kasse gamle aviser til SEDAK torsdag denne veka. M.a.tre innbundne årgangar av avisa "Den 17de Mai". På side 3 i avisa kan vi lese om ein del torgprisar. Ei rype - apropos desse jaktider - kosta frå 70 til 90 øre. Kva trur du kosta mest av ein kilo smør eller ein kilo ? Dei gamle avisene er ufattelege spanande kjelder til kunnskap og kuriosa. Gled deg til desse kan lesast på nett!


SEDAK digitaliserer SEFRAK-materiale (Publisert 29.08.2011)

SEDAK har kvittert ut film og skjema frå SEFRAK-registreringa i Haraid kommune i 1985-1986. Vi lagar no tidsstudiar for å kalkulere eit prøveprosjekt for digitalisering av dette materialet. Det er fylkeskulturavdelinga som oppbevarer registreringsskjema og bilete/film frå dei 43.749 objekta som vart registrerte i Møre og Romsdal på 1980-talet. SEFRAK er ei forkorting for SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminner. Dette sekretariatet hadde ansvaret for ei landsomfattande registrering av eldre bygningar. Eit grundig feltarbeid blei gjort i perioden 1975-1995, og registeret som vart oppbygd fekk namn etter sekretariatet.


Utlån frå Emil Tømmervåg til Nordmøre Museum, KMb-1996-010.0012. DIgitalisert av SEDAK

Digitalisering av bilete (Publisert 30.08.2011)

SEDAK skal vidareføre delar av arbeidet FylkesFOTOarkivet dei siste åra har gjort for Nordmøre museum. 24. og 25. aug. var prosjektleiar i Kristiansund og arbeidde. Mellom dei 350 bileta som vart digitaliserte var ein heil del signert fotograf Schmedling. Vi fall for dette reklamebildet teke kring 1890? frå ei samling med omlag 80 visittkortbilete museet har fått låne til kopiering frå Emil Tømmervåg. 


Med skader frå bybrannen i 1904: Protokoll fra Ålesund kommune 1901-1903 Digi: Sølvi

Meir brann ! (Publisert 17.08.2011)

Ein sterkt brannskadd protokoll fra Ålesund kommune 1901 til 1903 blei "ad hoc" digitalisert i dag. Særs mange sider er heilt brende vekk, og kvar gong protokollen verte teke ut og inn av arkivboksen forsvinn det bitar. Protokollen er ein av fleire skattar som no vert tilgjengelege etter at SEDAK-senteret kom i drift. Saka vart presentert i NRK-TV lokal torsdag 18. aug.2011 kl 18:40, 8 minutt ut i programmet.


24 brannvaktprotokollar frå Kristiansund (Publisert 16.08.2011)

Retur av brannvaktprotokoller til Peter Ingeberg og Leif Kristiansen. (Foto: RAL)2. porsjon med ni brannvaktprotokollar frå Kristiansund er no ferdig digitaliserte og klar for tilbakelevering. Til saman er 3660 sider med loggføringar frå 24 protokollar digitaliserte. Arkivet har fått SED_0017 som hovudnr. ved SEDAK. Informasjonssjef Peter Ingeberg og arkivar Leif Kristiansen fekk dei første 15 protokollane ferdig digitalisert i retur 6. mai 2011. (Foto: RAL) Les om saka!

 

 

 


70 protokollar frå Romsdalsmuseet (Publisert 21.07.2011)

Foto: RALSEDAK har førebels digitalisert 70 protokollar ( ca. 2.5 meter...) med omlag 12.500 sider for Romsdalsmuseet (Romsdalsarkivet). Oppdraget er ein stor del av "kvotearbeidet" vi skal gjere for Romsdalsmuseet i samband med at museet går inn med kr 35.000 til utstyr ved digitaliseringssenteret. Dei sju største ABM institusjonane i fylket går inn med til saman kr 300.000 til utstyr og får 1-2 månaders arbeid attende frå SEDAK. Les meir

Ekstrahjelp Sølvi K. ter no ferie etter at ho har skanna 40 protokollar medan prosjektleiar har vore på ferie...  Meir enn 7500 sider vart det ut av det! Til no er 70 protokollar med 12.500 handskrivne sider frå Romsdalsmuseet digitalisert. Branntakstprotokollane dominerar.


23.06.2011

Viktig møte i interngruppa for SEDAK. Prising av tenester var hovudtema. Framover bør vi arbeide meir med formelle oppgaver knytt til prosjektet og mindre med praktisk digitaliseringsarbeid. Fylkeskulturdirektør Arvid Blindheim var med på møtet.


16.06.2011

Kvartalsrapport nr 2 er skrive.


01.06.2011

Leiar i Sunnmøre historielag, Stein Arne Fauske, fekk 8000 filer med sunnmørsk historie frå SEDAK. Oppdraget med digitalisering av tidsskrift og årsskrifta, 86 årgangar frå 1910 til 2010 er levert, men ikkje heilt ferdigstilt. SEDAK har lært mykje om bokskanning gjennom prosjektet og vil oppgradere og redigitalisere delar årsskrifta etter sommerferien. For Sunnmøre historielag er utfordringa ei omfattande korrekturlesing  i samband med produksjon av "kompakte" PDF-filar til søk og oppbygging av brukarvennleg database. Eit tilsvarande prosjekt med å digitalisere Romsdal sogelag sine årsskrifter 1935 til 2009 er eit godt døme på kva produkt ein ønskjer.


25.05.2011

Foto: Sølvi Knudsen SEDAK orienterte om arbeidet og marknadsførte digitalie tenester under IKA sin kontaktkonferanse i Kristiansund 25. mai. Konferansen gjekk over 2 dagar. "Prosjekt 1914" vart presentert og 44 DVD plater med digitaliserte møtebøker vart delt ut til kommunane. Kommunane fekk tilbod om kr 5.- pr digitalisert side/dobbelside om dei tingar digitaliseringoppdrag før 1.10.2011.


23.05.2011

Den nasjonale fotobevaringskonferansen blei i år arrangert i Ålesund.


19.05.2011

SEDAK har fått 3 mnd. ekstrahjelp. Det betyr at A2-skannaren frå no vil vere meir i dagleg drift.


10.05.2011

Tekstfil med 66 årgangar og 100 års i historie i Sunnmøre historielag oversend som ei første prøve. Arbeidet med korrekturlesing av meir enn 2.500.000 tein på 7-8000 sider kan teoretisk starte. Ei finpussing av det digitaliserte materialet og produksjon av PDF-filar står igjen. Det har vore meir arbeid med dette digitaliseringsprosjektet enn vi trudde...


06.05.2011

15 brannvaktprotokollar med omlag 2.500 sider frå Kristiansund ble levert tilbake etter digitalisering. Kommunen har fått eit sett digitale filar.


04.05.2011

 Thurn-Christensen arkivet frå Kristiansund bibliotek levert tilbake saman eit sett digitale uredigerte "råfiler" og prøver på ferdig handsama materiale. Vidare arbeid med arkivet er utsett i påvente av om ein får støtte frå Norsk kulturråd.


20.04.2011

Motteke materiale frå Einar Thurn-Christensen arkivet frå Kristiansund bibliotek er ferdig diitalisert. Orginlamaterialet er pakka ned og klar for retur.


18.04.2011

Dei 15 brannvaktprotokollane frå Kristiansund er ferdig digitalisert og klar for retur.


24.03.2011

Nordmøre museum nytta SEDAK-senteret 24. og 25. mars til oppfølging av foto-digitaliseringprosjektet. Nordmøre museum har gjeve tilsagn om kr 35.000 til SEDAK og spleiselaget til utstyr og får ei "kvote" arbeid tilbake. Les meir...


23.03.2011

40 møtebøker frå kommunane i Møre og Romsdal - i "Prosjekt 1914"  - er no digitaliserte. Nesten 10.000 filar har det blitt ut av dette til no.


07.03.2011

Bunkeskanner satt i drift.


25.02.2011

Bunkeskanner er bestilt :-) 5 DVDer med 1500 skanna sider protokoll og gamle aviser sendt til Ivar Aasen-tunet. Et par kasser med privatarkiv fra skips- og handelsvirksonheten til familien Rønneberg fra Sande kommune ble levert inn til vurdering for digitalisering. 


17.02.2011

Ei oppsummering i dag  syner at vi har digitalisert meir 14.000 sider skriftleg materiale. Ikkje noko av dette er på nett.


09.02.2011

A2-skannaren er i drift. Målet er 1000 sider digitalisert kvar heile produksjonsdag. Det gjekk fyrste dagen med ny skannar...


31.01.2011

Etterkontroll nr 3 (?) på dei 38 skriftene frå Nordmøre Museum er ferdig. Over 3800 filar. Det er laga søk- og klippbare filer i PDF. Originalmaterialet og produktet er klar til avlevering.


14.01.2011

Alt tinga utstyr er kome i hus.

Meir enn 4000 boksider er digitaliserte.

Kvartalsrapport er skrive.


03.12.2010

Anbodsrunden er ferdig:

Copibook A2-skanner er tinga.

Foto og lysutstyr likeså.

Fleire har "meldt på" materiale for digitalisering


DIGITALISERTE OG PUBLISERTE KOMMUNALE MØTEBØKER:

Se oversikten over tilgjengelige under SEDAK digital

AASEN-TUNET

Test 17.mai 1894

Test http://www.sedak.no/bilder/sed-0053_22072011_ika

Minner frå 22.juli 2011 (IKA)

 

TEST SHL